Studiespesialisering

Påbygging

Idrettsfag

KRIK-program

Internatskule

Fritidstilbod

Vestborg vgs - den kristne internatskulen i alpebygda Stranda.

 
Studiespesialisering
Idrettsfag
Påbygging
KRIK-program
Internatskule
Fritidstilbod
    VG1 på bli-kjent-tur
    05-Oct-2017

     

     

    Her ein torsdag var VG1-gjengen på tur. Målet var å bli betre kjent med kvarandre og med nærmiljøet til skulen, nærare bestemt Ålesund. vestborg.no har fått hjelp av VG1-elev Katrine Myrseth med tekst og bilete frå turen.

     

     

     

    Turen gjekk til Ålesund. Vi køyrde først med buss frå Vestbog VGS til Atlanterhavsparken i Ålesund. Her såg vi på fiskane, otrane, selane og pingvinane. Vi sat også og såg på fiskane blei mata i den store tanken. Vidare reiste vi til Ålesund by. Der gjekk vi i grupper og skulle finne kjente hus og plassar i Ålesund. På kvar post, skulle kvar gruppe ta ein selfie av gruppa. Ein av postane var oppe på Fjellstua. Her hadde vi ein nydeleg utsikt over heile byen. Veret var fantastisk og vi storkosa oss. Så var det ein tur på Egon for å ete pizza, før vi reiste tilbake til Vestborg. Vel tilbake på skulen hadde vi ei svært koseleg tid saman, med leik, film, quiz og vaflar.

     

     

     

     

    Fornying i matsalen
    22-Sep-2017


     

    Matsalen har fått heva standarden.

    I sommar vart det lagt nytt golvbelegg i matsalen og i salongen, og no nyleg vart det gamle møblementet i matsalen bytta ut med nye bord og nye stolar.

    Har det ikkje blitt fint?


     

    Kick-off for bibelgruppene
    08-Sep-2017

    I år vert gruppene kalla for LIFE-grupper.

    (vestborg.no har fått hjelp av VG2-elev Anette Vedøy til bilete og tekst.)

    51 elevar samla seg i salongen på Vestborg onsdag kveld då det var duka for kick-off for LIFE-gruppene. Først hadde ungdomsarbeidar på Vestborg, Simon Morris, nokre opningsord før lærar Åshild Bogstad Stenberg kom med litt praktisk info om LIFE-gruppekonseptet.

    Bibelgruppe har i fleire år vore ein av fritidstilboda for elevane på Vestborg. Grupper på rundt 5-10 personar har samla seg heime hos ein av dei tilsette på skulen for å snakke om Bibelen. I år har bibelgrupper blitt erstatta med LIFE-grupper. Det kjem til å gå føre seg likt som tidlegare, men det som er nytt er at det no skal bli enda meir fokus på korleis ein skal ta med seg Gud og bibelen inn i kvardagslivet. Det kjem mellom anna til å bli samtalar om korleis ein lev som kristen og kva Bibelen seier om dette. LIFE-gruppene kjem til å bli arrangert kvar tredje onsdag, så då samlast elevane heime hos nokon i personalet for å snakke om Bibelen, livet og ete god mat.

    Vi var så heldige og å ha fått besøk av Hilde Ådland som jobbar som ungarbeidar i NLM Nordvest. Ho snakka litt om Bibelen og korleis ein kan lese og forstå den på ein god måte. Det var tydeleg at det ho snakka om interesserte mange.

    Etterpå var det kaker og is.


    Tekjøkkenpraten: Benjamin Nærø
    05-Oct-2017

     

    Benjamin er ein av 33 elevar i årets VG1-klasse og har vore elev ved Vestborg i 1 ½ månad. Det er ikkje sjeldan å høyre frå VG1-elevar at dei opplever fyrste tida som å vere på leir. Då Benjamin fekk spørsmål om han opplevde at han var på leir, svara han:

    - Nei, eg er ikkje på leir. Eg er heime.

     

    Han kjem i frå Nærøy i Herøy kommune på søre Sunnmøre, og han fortel at han lenge har visst at han skulle gå på Vestborg.

    - Foreldra mine møtte kvarandre då dei var elevar på Vestborg. Difor har eg visst heilt sidan eg var tre år gamal at eg skulle gå her.
     

    Dei fyrste vekene har vore gode.

     - Det har vore heilt supert. Eg har blitt kjent med 32 kjekke klassekameratar og er ein del av eit veldig godt miljø. Sidan vi bur på skulen og derfor ser kvarandre ofte, så utviklar vi eit sterkare fellesskap enn på skular der elevane dreg heim til sitt etter skuletid. Ja, eg opplever at vi her på Vestborg lever i eit eige lite land – Vestborgania, seier han.

     

    Benjamin held fram:

    - Eg diggar skulen. Her får vi god undervisning, vi får servert god mat til faste tidspunkt fire gonger dagleg og vi har kort veg til skulen. Eg slepp å stresse med å ta buss om morgonen. Dessutan får eg nyttig erfaring med å klare meg sjølv. Eg vaskar klede og rom, og eg har ansvar for å kome meg opp på eiga hand om morgonen. Å gå på Vestborg er som ein heim. Her er det tryggleik. Personalet er som mødrer og fedrar, og venene våre er som sysken, skildrar Benjamin.
     

     

     
    Tekjøkkenpraten: Ida S. Skarshaug
    09-Jun-2017


    – Å gå på Vestborg er den beste avgjersla eg har tatt nokon gong!

     

    Ida begynte på Vestborg fordi bestevenninna ville gå her. Dei hadde høyrt at skulen hadde godt miljø, og i tillegg var det eit pluss at det var internat på skulen.

     

     

    – Eigentleg ville eg gå dramalinja på Fagerlia vgs i Ålesund, men der kom eg ikkje inn. Etter to og ei halv veke på Vestborg, fekk eg kontrabeskjed frå Fagerlia. Men då hadde eg funne ut at eg treivst så godt og passa så godt inn på Vestborg, at eg ville halde fram som Vestborg-elev. Det er eit val eg ikkje angrar litt på ein gong! Det er den beste avgjersla eg har gjort nokon gong! seier romsdalsjenta.

     

    KRISTEN

    Då Ida vaks opp, visste ho ikkje at det fantes kristne ungdomsmiljø.

    – Pappa las i Bibelen til meg då eg var lita, men ingen i mitt ungdomsmiljø var kristne, fortel ho.

    På Vestborg har Ida blitt kristen og mykje falle på plass i livet hennar.

    – Eg skjønar ikkje kva eg har halde på med heile livet, for det å vere kristen gjev så mykje meining!

    – Korleis?

    – I tenåra så skal ein finne ut kven ein er, kva ein står for og kva ein skal gjere med livet. No når eg har blitt kristen, har eg funne ut at det er eit liv etter døden, og at vi lever for å kome til noko så reint som himmelen. Og sjølv om vi lever syndefullt, så skal vi faktisk få kome dit. Det synest eg er fantastisk!

    – Korleis opplever du det å leve som kristen?

    – Det eg opplever veldig stort er at vi kristne kan be for kvarandre. Ja, det er så godt å kjenne at ein har folk i ryggen som støttar ein. Dessutan er samhaldet med andre kristne så godt å oppleve. Uansett kva ein gjer så tenkjer ikkje folk stygge ting om deg. Dei har ikkje negativt fokus i kvardagen. I tillegg så gjer det noko med meg å få bønesvar. Eg har til dømes vore plaga med ein dårleg fot, men den har blitt heila etter å blitt bede for.

    FANTASTISKE FOLK

    Vidare fortel Ida om oldemora si på 85 år.

    – Ho er kristen. Tidlegare har eg ikkje forstått ho så godt, men det gjer eg no. I det siste har eg opplevd at det har blitt eit band mellom oss.

    Ida har også gjort seg nokre tankar om Vestborg som skule.

    – Sidan vi bur på skulen har vi alt tilgjengeleg. Vi kan arbeid med skulearbeid i klasseromma etter skuletid, vi har lærarar som kan hjelpe med skulearbeid når dei har tilsyn og vi har eit triveleg bibliotek. Skulen er liten, og det gjer at fagvalet er lite, men samstundes gjer det at vi blir betre kjende med lærarane våre enn på større skular.

    – Korleis vil du samanfatte ditt fyrste år på Vestborg?

    – Eg har blitt ein anna person i løpet av dette skuleåret. Mellom anna så har eg funne meg sjølv, og eg har snudd tenkemåten min og blitt meir positiv. Dessutan har eg blitt kjend med masse FANTASTISKE folk. Her har eg mange førebilete eg ser opp til, også i veneflokken. Ja, eg har fått vener for livet. Her har eg fått vere meg sjølv og lært meir om korleis ein skal vere saman med andre. No i mai var eg på langweekend-tur til Gdansk. Der hadde eg det heilt fantastisk. Men eg sakna Vestborg!


     

     

     

     
    Tekjøkkenpraten: Susann Bjørnerem
    10-Dec-2016

     

    – Elevane er inkluderande med kvarandre, seier VG3-elev Susann Bjørnerem

    – Det er veldig bra å vere elev på Vestborg, seier ho.

    Susann har vakse opp i sentrum av Molde, men kom til Vestborg i august 2015 – som ny i 2. klasse.

    – Her er veldig bra folk, seier Susann.

    – Kva meiner du med «bra»?

    – Elevane på Vestborg er hyggjelege og inkluderande med kvarandre. Her finn vi på artige ting i lag, og vi kan snakke med kvarandre om alt. Det gjer at vi kan stole på kvarandre, og vi får venskap for livet, skildrar ho.

    Molde-jenta fortel at ho valde Vestborg og Stranda fordi ho ville prøve noko nytt.

    – Dessutan er eg glad i naturen og i sport. Her på Stranda ligg tilhøva til rette for å dyrke interessa eg har for fysisk aktivitet.

    VESTBORG SINE STYRKAR

    Ho fann seg fort til rette i Vestborg-miljøet.

    – Eg kjende ingen i klassen min før eg byrja, men folk var så opne her at det gjekk veldig bra å bli fort kjend med dei nye klassekameratane mine.

    – Kva ser du på som Vestborg sine styrkar?

    – Det er eit veldig bra miljø der ein bryr seg om veldig om kvarandre, noko som gjer at ein kjem lettare under overflata i samtalar. Eg trur årsaka til det er at vi har så mykje tid i lag både i skule- og fritid. Dessutan er Vestborg ein plass der det er veldig godt å ha blikket festa på Jesus. Her har vi andre å dele trua med, og her kan vi vekse i trua. Vi har bibelgrupper, møter, KRIK-samlingar og bønemøter. Elles har vi eit godt fagutval til å vere ein så liten skule, og dersom vi treng hjelp til skulearbeid, er vegen kort til naborommet. I tillegg har vi leksehjelp.

    – Etter ikring 1 ½ år som Vestborg-elev, så har Susann gjort seg nokre erfaringar.

    – Eg har lært mykje om meg sjølv. Mellom anna har eg funne meir ut om korleis eg fungerer saman med andre, korleis eg likar å jobbe med skulearbeidet og kva mine verdiar i livet er. Eg har også lært om korleis andre menneske fungerer. Dessutan har eg har vekse i trua.

    JOBBA MED VERDAS BESTE FOTBALLSPELARAR

    I skrivande stund nærmar det seg jul, men likevel skal vi gå tilbake i tid. Årsaka er at Susann sommaren 2016 hadde ein uvanleg sommarjobb.

    – Eg var «outdoor adventure instructor» på eit fotballakademi for jenter utanfor Boston, Massachusetts på nordaustkysten i USA. Der var eg i sju veker, og hovudoppgåva mi var å vere med på å legge til rette for utandørsaktivitetar når jentene ikkje var på fotballtrening.

    – Korleis opplevde du sommarjobben din?

    – I fritida reiste eg litt rundt, og eg var mellom anna i New York. Men sjølve jobben gjorde at eg fekk sett innsida av USA på ein annan måte enn eg ville gjort om eg var turist. Berre det å få jobbe med Mia Hamm og Kristine Lilly, blant tidenes aller beste kvinnelege fotballspelarar, var stas. Elles fekk eg prøve ut mange ting som eg elles ikkje plar å gjere. Det var rett og slett gøy å vere der, og i samspel med deltakarar og instruktørar fekk bruk for det eg hadde lært på Vestborg om meg sjølv og andre, fortel Susann.


     

     
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no