Vestborg vgs - den kristne internatskulen i alpebygda Stranda.

 
Studiespesialisering
Idrettsfag
Påbygging
KRIK-program
Internatskule
Fritidstilbod
    Personalet på storsamling
    10-Nov-2017


    Førre veke hadde elevane fri. Årsaka var at personalet reiste til Lundeneset vgs i Ølensvåg, på grensa mellom Hordaland og Rogaland. På Lundeneset var det samling for personalet ved alle dei 11 NLMvgs-skulane. Til saman var det nesten 400 personar på samlinga!

    I løpet av dagane på Lundeneset var det mellom anna seksjonsvise samlingar – inndelt etter kva stilling ein har og kva fag ein underviser i. Det var ulike seminar, og det var møter der forkynnar Wenche Lunde hadde talane.

    Alt i alt var det gode dagar – der ein kunne på nært hald oppleve at ein som Vestborg-tilsett er ein del av eit større heile.

    På biletet kan ein sjå dei fleste i Vestborg-personalet like før avreise frå Lundeneset førre fredag.


     

    HalloVenn-suksess
    31-Oct-2017

     

    Måndag kveld var det 43 born frå bygda som var i full aktivitet i gymsalen. Elevar på skulen hadde kledd seg ut og var aktivitetsleiarar. Nedanfor får kan du sjå nokre glimt frå arrangementet.

     

     

     

    Haustfest
    31-Oct-2017

    Laurdag 11. november er det haustfest på tunet.

    Alle er velkomne!

    Her er programmet for dagen:

    Kl 1100-1400: Samtalar mellom foreldre, evt elevar, og kontaktlærar på tilviste rom. (Ta gjerne konkakt med «din» kontaktlærar på førehand og avtal tid.
    Kl 1330-1430: Flexi-middag for alle.
    Kl 1430-1530: Seminar med ungdomsarbeidaren vår, Simon Morris frå Wales, i møtesalen.
    Kl 1545-1630: Klassevise samlingar med foreldre og elevar for VG1 og VG2.

    Kl 1700: Fest i gymsalen.

    Hospiteringsdag
    30-Oct-2017

     

    Måndag 20. november er du som vurderer å byrje som elev på Vestborg veldig velkomen. I løpet av denne hospiteringsdagen vil du få innblikk i korleis det er å vere elev ved skulen vår.

     

     

    HOSPITERING MÅNDAG 20. NOVEMBER

    09.30: Avreise med rutebuss frå Moa.

    10.55: Velkomen i salongen, i matsalbygget Slogen. Her vert det info om skulen og deretter omvisning.

    12.05: Skulen spanderer enkel lunsj i matsalen.

    12.35: Vestborg-undervisning (deler gruppa i 2)

    Gruppe 1: IDRETTSFAG

    Klatring og Kin-ball med Åshild.

    Ta med kle til gymsal.

    Gruppe 2: STUDIESPESIALISERING

    Kjemi med lektor Strand

    Vi fyller klasserommet med elefanttannkrem :-)

    Sosialkunnskap med cand. mag. Stokken

    Undervisning om ulike alderssegment. Avslutter med rullatorløp!

    14.45: Leiken  Stratego i Storfjorden.

    15.45: Hospiteringsdagen er slutt. - Gratis middag

    Dersom du skal tilbake til Moa, kan du reise med buss kl 16.55 som går via Sykkylven. Då er du på Moa kl 18.20

    NB! For å understreke at det er viktig på Vestborg å vere «på» i timane, så vil vi arrangere ein quiz. Spørsmåla vil vere relaterte til informasjon som blir gitt i løpet av dagen. Vinnaren vil få eit gratis dagskort på Strandafjellet skisenter i premie.

     

    PÅMELDING til: info@vestborg.no, eller ring 70263900.


     

     

    Benjamin Nærø
    05-Oct-2017

     

    Benjamin er ein av 33 elevar i årets VG1-klasse og har vore elev ved Vestborg i 1 ½ månad. Det er ikkje sjeldan å høyre frå VG1-elevar at dei opplever fyrste tida som å vere på leir. Då Benjamin fekk spørsmål om han opplevde at han var på leir, svara han:

    - Nei, eg er ikkje på leir. Eg er heime.

     

    Han kjem i frå Nærøy i Herøy kommune på søre Sunnmøre, og han fortel at han lenge har visst at han skulle gå på Vestborg.

    - Foreldra mine møtte kvarandre då dei var elevar på Vestborg. Difor har eg visst heilt sidan eg var tre år gamal at eg skulle gå her.
     

    Dei fyrste vekene har vore gode.

     - Det har vore heilt supert. Eg har blitt kjent med 32 kjekke klassekameratar og er ein del av eit veldig godt miljø. Sidan vi bur på skulen og derfor ser kvarandre ofte, så utviklar vi eit sterkare fellesskap enn på skular der elevane dreg heim til sitt etter skuletid. Ja, eg opplever at vi her på Vestborg lever i eit eige lite land – Vestborgania, seier han.

     

    Benjamin held fram:

    - Eg diggar skulen. Her får vi god undervisning, vi får servert god mat til faste tidspunkt fire gonger dagleg og vi har kort veg til skulen. Eg slepp å stresse med å ta buss om morgonen. Dessutan får eg nyttig erfaring med å klare meg sjølv. Eg vaskar klede og rom, og eg har ansvar for å kome meg opp på eiga hand om morgonen. Å gå på Vestborg er som ein heim. Her er det tryggleik. Personalet er som mødrer og fedrar, og venene våre er som sysken, skildrar Benjamin.
     

     

    Ida S. Skarshaug
    09-Jun-2017


    – Å gå på Vestborg er den beste avgjersla eg har tatt nokon gong!

     

    Ida begynte på Vestborg fordi bestevenninna ville gå her. Dei hadde høyrt at skulen hadde godt miljø, og i tillegg var det eit pluss at det var internat på skulen.

     

     

    – Eigentleg ville eg gå dramalinja på Fagerlia vgs i Ålesund, men der kom eg ikkje inn. Etter to og ei halv veke på Vestborg, fekk eg kontrabeskjed frå Fagerlia. Men då hadde eg funne ut at eg treivst så godt og passa så godt inn på Vestborg, at eg ville halde fram som Vestborg-elev. Det er eit val eg ikkje angrar litt på ein gong! Det er den beste avgjersla eg har gjort nokon gong! seier romsdalsjenta.

     

    KRISTEN

    Då Ida vaks opp, visste ho ikkje at det fantes kristne ungdomsmiljø.

    – Pappa las i Bibelen til meg då eg var lita, men ingen i mitt ungdomsmiljø var kristne, fortel ho.

    På Vestborg har Ida blitt kristen og mykje falle på plass i livet hennar.

    – Eg skjønar ikkje kva eg har halde på med heile livet, for det å vere kristen gjev så mykje meining!

    – Korleis?

    – I tenåra så skal ein finne ut kven ein er, kva ein står for og kva ein skal gjere med livet. No når eg har blitt kristen, har eg funne ut at det er eit liv etter døden, og at vi lever for å kome til noko så reint som himmelen. Og sjølv om vi lever syndefullt, så skal vi faktisk få kome dit. Det synest eg er fantastisk!

    – Korleis opplever du det å leve som kristen?

    – Det eg opplever veldig stort er at vi kristne kan be for kvarandre. Ja, det er så godt å kjenne at ein har folk i ryggen som støttar ein. Dessutan er samhaldet med andre kristne så godt å oppleve. Uansett kva ein gjer så tenkjer ikkje folk stygge ting om deg. Dei har ikkje negativt fokus i kvardagen. I tillegg så gjer det noko med meg å få bønesvar. Eg har til dømes vore plaga med ein dårleg fot, men den har blitt heila etter å blitt bede for.

    FANTASTISKE FOLK

    Vidare fortel Ida om oldemora si på 85 år.

    – Ho er kristen. Tidlegare har eg ikkje forstått ho så godt, men det gjer eg no. I det siste har eg opplevd at det har blitt eit band mellom oss.

    Ida har også gjort seg nokre tankar om Vestborg som skule.

    – Sidan vi bur på skulen har vi alt tilgjengeleg. Vi kan arbeid med skulearbeid i klasseromma etter skuletid, vi har lærarar som kan hjelpe med skulearbeid når dei har tilsyn og vi har eit triveleg bibliotek. Skulen er liten, og det gjer at fagvalet er lite, men samstundes gjer det at vi blir betre kjende med lærarane våre enn på større skular.

    – Korleis vil du samanfatte ditt fyrste år på Vestborg?

    – Eg har blitt ein anna person i løpet av dette skuleåret. Mellom anna så har eg funne meg sjølv, og eg har snudd tenkemåten min og blitt meir positiv. Dessutan har eg blitt kjend med masse FANTASTISKE folk. Her har eg mange førebilete eg ser opp til, også i veneflokken. Ja, eg har fått vener for livet. Her har eg fått vere meg sjølv og lært meir om korleis ein skal vere saman med andre. No i mai var eg på langweekend-tur til Gdansk. Der hadde eg det heilt fantastisk. Men eg sakna Vestborg!


     

     

     

    Susann Bjørnerem
    10-Dec-2016

     

    – Elevane er inkluderande med kvarandre, seier VG3-elev Susann Bjørnerem

    – Det er veldig bra å vere elev på Vestborg, seier ho.

    Susann har vakse opp i sentrum av Molde, men kom til Vestborg i august 2015 – som ny i 2. klasse.

    – Her er veldig bra folk, seier Susann.

    – Kva meiner du med «bra»?

    – Elevane på Vestborg er hyggjelege og inkluderande med kvarandre. Her finn vi på artige ting i lag, og vi kan snakke med kvarandre om alt. Det gjer at vi kan stole på kvarandre, og vi får venskap for livet, skildrar ho.

    Molde-jenta fortel at ho valde Vestborg og Stranda fordi ho ville prøve noko nytt.

    – Dessutan er eg glad i naturen og i sport. Her på Stranda ligg tilhøva til rette for å dyrke interessa eg har for fysisk aktivitet.

    VESTBORG SINE STYRKAR

    Ho fann seg fort til rette i Vestborg-miljøet.

    – Eg kjende ingen i klassen min før eg byrja, men folk var så opne her at det gjekk veldig bra å bli fort kjend med dei nye klassekameratane mine.

    – Kva ser du på som Vestborg sine styrkar?

    – Det er eit veldig bra miljø der ein bryr seg om veldig om kvarandre, noko som gjer at ein kjem lettare under overflata i samtalar. Eg trur årsaka til det er at vi har så mykje tid i lag både i skule- og fritid. Dessutan er Vestborg ein plass der det er veldig godt å ha blikket festa på Jesus. Her har vi andre å dele trua med, og her kan vi vekse i trua. Vi har bibelgrupper, møter, KRIK-samlingar og bønemøter. Elles har vi eit godt fagutval til å vere ein så liten skule, og dersom vi treng hjelp til skulearbeid, er vegen kort til naborommet. I tillegg har vi leksehjelp.

    – Etter ikring 1 ½ år som Vestborg-elev, så har Susann gjort seg nokre erfaringar.

    – Eg har lært mykje om meg sjølv. Mellom anna har eg funne meir ut om korleis eg fungerer saman med andre, korleis eg likar å jobbe med skulearbeidet og kva mine verdiar i livet er. Eg har også lært om korleis andre menneske fungerer. Dessutan har eg har vekse i trua.

    JOBBA MED VERDAS BESTE FOTBALLSPELARAR

    I skrivande stund nærmar det seg jul, men likevel skal vi gå tilbake i tid. Årsaka er at Susann sommaren 2016 hadde ein uvanleg sommarjobb.

    – Eg var «outdoor adventure instructor» på eit fotballakademi for jenter utanfor Boston, Massachusetts på nordaustkysten i USA. Der var eg i sju veker, og hovudoppgåva mi var å vere med på å legge til rette for utandørsaktivitetar når jentene ikkje var på fotballtrening.

    – Korleis opplevde du sommarjobben din?

    – I fritida reiste eg litt rundt, og eg var mellom anna i New York. Men sjølve jobben gjorde at eg fekk sett innsida av USA på ein annan måte enn eg ville gjort om eg var turist. Berre det å få jobbe med Mia Hamm og Kristine Lilly, blant tidenes aller beste kvinnelege fotballspelarar, var stas. Elles fekk eg prøve ut mange ting som eg elles ikkje plar å gjere. Det var rett og slett gøy å vere der, og i samspel med deltakarar og instruktørar fekk bruk for det eg hadde lært på Vestborg om meg sjølv og andre, fortel Susann.


     

Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no