Vestborg vgs - den kristne internatskulen i alpebygda Stranda.

 
Studiespesialisering
Idrettsfag
Påbygging
KRIK-program
Internatskule
Fritidstilbod
    Adventskalender
    15-Dec-2017

     

     

    I adventstida har vi også i år kalender på Vestborg. I løpet av morgonsamlinga så vert det lese opp kva dagens aktivitet er.

    Det kan vere noko ekstra godt, som til dømes varm lunsj, gløgg eller klementinar. Ein dag var det pepperkakehus-konkurranse.

    På torsdag serverte ungdomsarbeider Simon og kjøkkensjef Dana (med juletrehatt) kakao til elevar og personalet, medan det var VG1-elev Marco som fekk æra av å informere resten av flokken om dagens adventskalender-glede.

     

     

    Indonesia-kveld
    15-Dec-2017

     

    I førre månad var prosjektleiarane Flora Miro og Markus Engås i Indonesia for å sjå nærare på prosjektet som Vestborg-russen støttar.

    Etter at dei kom attende hadde dei Indonesia-kveld.

    Denne kvelden fekk vi sjå ein film som Markus hadde laga i samband med Indonesia-turen. Forutan anna info, så fekk ein også smake indonesisk mat.

    Det som kanskje gjorde mest inntrykk på Flora og Markus under turen, var å sjå kor god hjelp pasientane på eit sjukehus for psykisk sjuke hadde det. Dette sjukehuset vert støtta av Vestborg-russen sine innsamla midlar.

    Dei var også på jungel-safari, men det som kanskje gjorde sterkast inntrykk av «turist-delen» av turen, var då dei fekk vere vitne til eit vulkanutbrot.

     

    Her kan du sjå filmen: 

     

     

     

     

     

     


     

     

    Velkommen til Kick-off 2018
    11-Dec-2017

     

    No er det endeleg snart klart for Kick-off her på Vestborg. 19 – 21 januar 2018 har vi eit fullpakka og variert program for deg som vurderer å starte på Vestborg til hausten. Alle aktivitetar er valfrie, og du vel sjølv kva du vil vere med på. Kanskje vil du på topptur eller i skitrekket? Eller kanskje du berre vil «henge» i vår populære russekiosk? Du kan og henge i klatreveggen vår om du ikkje har høgdeskrekk. Uansett kva du vel å gjere denne helga, skal du vere trygg på at personalet og elevane er klare til å ta godt imot deg og gleder seg til å bli betre kjent med deg.

    Her får du nokre glimt frå Kick-off 2017

     

    Bli med Vestborg og Uteguiden på topptur

    Neste skuleår startar vi opp med idrettslinje her på Vestborg, der eit av fokusområda er topptur. Difor er det naturleg at vi vil vise fram Sunnmørsalpane denne helga, og på søndagen inviterer vi til topptur.

    Med oss på laget har vi Oscar Almgren som er dagleg leiar for Uteguiden. Oscar er utdanna breførar, skredekspert og fjellførar med høg kompetanse innan skred og førstehjelp.

     

    Vestborg – eit steg vidare

    Vestborg er ein kristen internatskule der dei fleste av elevane bur på skulen. Slik sett er skulen meir enn berre ein skule, men også heimen til elevane. Ein bygg relasjonar til medelevar, lærarar og andre tilsette på ein heilt unik måte. Difor veit vi på Vestborg at dersom du som elev skal utvikle deg fagleg og som menneske, så treng du eit trygt og godt miljø der vi ser det unike som bur i kvar enkelt. Det er lett å seie at ein har eit godt miljø på skulen, men her på Vestborg vil vi denne helga på Kick-off vise deg at vi tek læringsmiljøet vårt på alvor.

    Ta eit steg vidare og bli med på ei gratis bli-kjent-helg 19 – 21 januar 2018.

    Vi håper at du vil vere ein del av «Vestborg-familien».

     

    PÅMELDING OG PROGRAM HER

     

    Vil du bli vår nye rektor?
    07-Dec-2017

     

    Frå og med 1. august 2018 er det ledig eit toårig vikariat som rektor her ved Vestborg.

    Årsaka til vikariatet er at rektor Geir Magne Engås skal ha eit toårig engasjement for NLM i Nairobi i Kenya.

    Kvifor skal du søkje på stillinga?

    Det kan vere mange grunnar til det, men her vel vi å nemne desse:

    Vi opplever at Vestborg er ein skule der samarbeidsevna er veldig god på ulike plan. Det gjeld innan elevflokken og innan personalet, men også mellom elevar og personalet. Dessutan er skulen i ein spanande utviklingsfase der vi skal starte opp idrettsfag til hausten.

     

    Meir info om stillinga og søknadsprosedyre finn du HER

     

    Julemesse
    28-Nov-2017

     

    På lørdag var bygda samlet på Vestborg under den årlige julemessa. Salen var fullsatt av

    både unge og gamle som gjennom hele dagen fikk oppleve underholdning, loddtrekning,

    andakt og musikk.

    Margareth Engås, leder for Mixklubben og Soul-Children som hadde opptreden, var svært

    fornøyd med julemessa. Hun forteller at en slik dag ikke bare gir god økonomisk støtte til

    skolen, men at et slikt arrangement også er veldig viktig for bygda. Selv tror hun at en slik

    dag gir et godt innblikk på hva som foregår på skolen, samtidig som Vestborg blir en slags

    møteplass hvor bygda kan samles å høre om Jesus og julesanger.

    Svein Roar Grønbeck ledet loddsalget i de første rundene og understreker hvor viktig skolen

    er for elevene.

    “Som en kristen skole er Vestborg en slags misjon-stasjon hvor unge kristne kan samles og

    bli styrket i troen, og hvor flere også kommer til tro i løpet av skolegangen. Her har mange

    utviklet sterkere relasjon til Jesus, samtidig som man skaper vennskap som kan vare livet

    ut.”

    Det var tydelig at bygdefolket var ivrig etter å hjelpe skolen. Hele dagen ble det solgt lodd,

    mat og andre varer til skolens inntekt, og når det led mot kveld var mange elever fornøyde.

    Blant dem var VG2-elev Hanna Myklebust

    “Det har jo vært veldig god stemning, og når man har vært mye i bedehuset som liten blir en

    slik dag veldig koselig. Det er også spennende når lærere og elever må samarbeide for å

    gjennomføre messa, og det gir et slags fellesskap som betyr veldig mye for alle på skolen.”

    Til slutt takket rektor Vestborglaget for strålende innsats for å få til nok en julemesse til inntekt for skolen. Bodil Bø som ledet den siste samlingen, kunngjorde på vegne av Vestborglaget at det også neste år blir julemesse i Vestborghallen.

    Tekst og foto: Påbygg-elev Elias Storhaug

     

     

     

     

     

     

    Flere bilder fra julemessa her


     

     

     

     

    Matte-leksehjelp
    23-Nov-2017

    Også i år er matematikklærar Ola Risa på plass på ettermiddagstid for å gje hjelpe og støtte i matematikk. Kvar måndag ettermiddag stiller han opp på K4 – klasserommet ved sida av biblioteket.

    vestborg.no stakk innom ein dag, og ein av dei som nytta seg av tilbodet var VG1-elev Ruben Stave Klokk.

    - Eg er her veldig ofte fordi Ola gir veldig god hjelp. Å sitje her på K4 styrkar motivasjonen for å gjere lekser, seier Ruben.

    Laila Vikenes og Katrine Myrseth går i same klasse som Ruben. Dei også let vel over tilbodet.

    - Det er fint å ha dette tilbodet. Her får vi god hjelp, og her jobbar vi godt saman med dei andre, seier Laila og Katrine.

    På biletet ovanfor ser ein Ola saman med elevane (frå høgre) Ruben, Katrine og Laila, samt Andreas Wigestrand frå VG2.

    Benjamin Nærø
    05-Oct-2017

     

    Benjamin er ein av 33 elevar i årets VG1-klasse og har vore elev ved Vestborg i 1 ½ månad. Det er ikkje sjeldan å høyre frå VG1-elevar at dei opplever fyrste tida som å vere på leir. Då Benjamin fekk spørsmål om han opplevde at han var på leir, svara han:

    - Nei, eg er ikkje på leir. Eg er heime.

     

    Han kjem i frå Nærøy i Herøy kommune på søre Sunnmøre, og han fortel at han lenge har visst at han skulle gå på Vestborg.

    - Foreldra mine møtte kvarandre då dei var elevar på Vestborg. Difor har eg visst heilt sidan eg var tre år gamal at eg skulle gå her.
     

    Dei fyrste vekene har vore gode.

     - Det har vore heilt supert. Eg har blitt kjent med 32 kjekke klassekameratar og er ein del av eit veldig godt miljø. Sidan vi bur på skulen og derfor ser kvarandre ofte, så utviklar vi eit sterkare fellesskap enn på skular der elevane dreg heim til sitt etter skuletid. Ja, eg opplever at vi her på Vestborg lever i eit eige lite land – Vestborgania, seier han.

     

    Benjamin held fram:

    - Eg diggar skulen. Her får vi god undervisning, vi får servert god mat til faste tidspunkt fire gonger dagleg og vi har kort veg til skulen. Eg slepp å stresse med å ta buss om morgonen. Dessutan får eg nyttig erfaring med å klare meg sjølv. Eg vaskar klede og rom, og eg har ansvar for å kome meg opp på eiga hand om morgonen. Å gå på Vestborg er som ein heim. Her er det tryggleik. Personalet er som mødrer og fedrar, og venene våre er som sysken, skildrar Benjamin.
     

     

    Ida S. Skarshaug
    09-Jun-2017


    – Å gå på Vestborg er den beste avgjersla eg har tatt nokon gong!

     

    Ida begynte på Vestborg fordi bestevenninna ville gå her. Dei hadde høyrt at skulen hadde godt miljø, og i tillegg var det eit pluss at det var internat på skulen.

     

     

    – Eigentleg ville eg gå dramalinja på Fagerlia vgs i Ålesund, men der kom eg ikkje inn. Etter to og ei halv veke på Vestborg, fekk eg kontrabeskjed frå Fagerlia. Men då hadde eg funne ut at eg treivst så godt og passa så godt inn på Vestborg, at eg ville halde fram som Vestborg-elev. Det er eit val eg ikkje angrar litt på ein gong! Det er den beste avgjersla eg har gjort nokon gong! seier romsdalsjenta.

     

    KRISTEN

    Då Ida vaks opp, visste ho ikkje at det fantes kristne ungdomsmiljø.

    – Pappa las i Bibelen til meg då eg var lita, men ingen i mitt ungdomsmiljø var kristne, fortel ho.

    På Vestborg har Ida blitt kristen og mykje falle på plass i livet hennar.

    – Eg skjønar ikkje kva eg har halde på med heile livet, for det å vere kristen gjev så mykje meining!

    – Korleis?

    – I tenåra så skal ein finne ut kven ein er, kva ein står for og kva ein skal gjere med livet. No når eg har blitt kristen, har eg funne ut at det er eit liv etter døden, og at vi lever for å kome til noko så reint som himmelen. Og sjølv om vi lever syndefullt, så skal vi faktisk få kome dit. Det synest eg er fantastisk!

    – Korleis opplever du det å leve som kristen?

    – Det eg opplever veldig stort er at vi kristne kan be for kvarandre. Ja, det er så godt å kjenne at ein har folk i ryggen som støttar ein. Dessutan er samhaldet med andre kristne så godt å oppleve. Uansett kva ein gjer så tenkjer ikkje folk stygge ting om deg. Dei har ikkje negativt fokus i kvardagen. I tillegg så gjer det noko med meg å få bønesvar. Eg har til dømes vore plaga med ein dårleg fot, men den har blitt heila etter å blitt bede for.

    FANTASTISKE FOLK

    Vidare fortel Ida om oldemora si på 85 år.

    – Ho er kristen. Tidlegare har eg ikkje forstått ho så godt, men det gjer eg no. I det siste har eg opplevd at det har blitt eit band mellom oss.

    Ida har også gjort seg nokre tankar om Vestborg som skule.

    – Sidan vi bur på skulen har vi alt tilgjengeleg. Vi kan arbeid med skulearbeid i klasseromma etter skuletid, vi har lærarar som kan hjelpe med skulearbeid når dei har tilsyn og vi har eit triveleg bibliotek. Skulen er liten, og det gjer at fagvalet er lite, men samstundes gjer det at vi blir betre kjende med lærarane våre enn på større skular.

    – Korleis vil du samanfatte ditt fyrste år på Vestborg?

    – Eg har blitt ein anna person i løpet av dette skuleåret. Mellom anna så har eg funne meg sjølv, og eg har snudd tenkemåten min og blitt meir positiv. Dessutan har eg blitt kjend med masse FANTASTISKE folk. Her har eg mange førebilete eg ser opp til, også i veneflokken. Ja, eg har fått vener for livet. Her har eg fått vere meg sjølv og lært meir om korleis ein skal vere saman med andre. No i mai var eg på langweekend-tur til Gdansk. Der hadde eg det heilt fantastisk. Men eg sakna Vestborg!


     

     

     

    Susann Bjørnerem
    10-Dec-2016

     

    – Elevane er inkluderande med kvarandre, seier VG3-elev Susann Bjørnerem

    – Det er veldig bra å vere elev på Vestborg, seier ho.

    Susann har vakse opp i sentrum av Molde, men kom til Vestborg i august 2015 – som ny i 2. klasse.

    – Her er veldig bra folk, seier Susann.

    – Kva meiner du med «bra»?

    – Elevane på Vestborg er hyggjelege og inkluderande med kvarandre. Her finn vi på artige ting i lag, og vi kan snakke med kvarandre om alt. Det gjer at vi kan stole på kvarandre, og vi får venskap for livet, skildrar ho.

    Molde-jenta fortel at ho valde Vestborg og Stranda fordi ho ville prøve noko nytt.

    – Dessutan er eg glad i naturen og i sport. Her på Stranda ligg tilhøva til rette for å dyrke interessa eg har for fysisk aktivitet.

    VESTBORG SINE STYRKAR

    Ho fann seg fort til rette i Vestborg-miljøet.

    – Eg kjende ingen i klassen min før eg byrja, men folk var så opne her at det gjekk veldig bra å bli fort kjend med dei nye klassekameratane mine.

    – Kva ser du på som Vestborg sine styrkar?

    – Det er eit veldig bra miljø der ein bryr seg om veldig om kvarandre, noko som gjer at ein kjem lettare under overflata i samtalar. Eg trur årsaka til det er at vi har så mykje tid i lag både i skule- og fritid. Dessutan er Vestborg ein plass der det er veldig godt å ha blikket festa på Jesus. Her har vi andre å dele trua med, og her kan vi vekse i trua. Vi har bibelgrupper, møter, KRIK-samlingar og bønemøter. Elles har vi eit godt fagutval til å vere ein så liten skule, og dersom vi treng hjelp til skulearbeid, er vegen kort til naborommet. I tillegg har vi leksehjelp.

    – Etter ikring 1 ½ år som Vestborg-elev, så har Susann gjort seg nokre erfaringar.

    – Eg har lært mykje om meg sjølv. Mellom anna har eg funne meir ut om korleis eg fungerer saman med andre, korleis eg likar å jobbe med skulearbeidet og kva mine verdiar i livet er. Eg har også lært om korleis andre menneske fungerer. Dessutan har eg har vekse i trua.

    JOBBA MED VERDAS BESTE FOTBALLSPELARAR

    I skrivande stund nærmar det seg jul, men likevel skal vi gå tilbake i tid. Årsaka er at Susann sommaren 2016 hadde ein uvanleg sommarjobb.

    – Eg var «outdoor adventure instructor» på eit fotballakademi for jenter utanfor Boston, Massachusetts på nordaustkysten i USA. Der var eg i sju veker, og hovudoppgåva mi var å vere med på å legge til rette for utandørsaktivitetar når jentene ikkje var på fotballtrening.

    – Korleis opplevde du sommarjobben din?

    – I fritida reiste eg litt rundt, og eg var mellom anna i New York. Men sjølve jobben gjorde at eg fekk sett innsida av USA på ein annan måte enn eg ville gjort om eg var turist. Berre det å få jobbe med Mia Hamm og Kristine Lilly, blant tidenes aller beste kvinnelege fotballspelarar, var stas. Elles fekk eg prøve ut mange ting som eg elles ikkje plar å gjere. Det var rett og slett gøy å vere der, og i samspel med deltakarar og instruktørar fekk bruk for det eg hadde lært på Vestborg om meg sjølv og andre, fortel Susann.


     

Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no