Vestborg vgs - den kristne internatskulen i alpebygda Stranda.

 
Studiespesialisering
Idrettsfag
Påbygging
Internatskule
Fritidstilbod
    Tekjøkkenpraten: Idrettselev Silje Aasgaard
    15-Feb-2019


    Silje Aasgaard frå Bergen går på idrettslinja i VG1, og ho likar seg veldig godt på Vestborg.


    -Eg trivast veldig bra. Å gå på Vestborg er noko heilt anna enn ein offentleg skule. Her vert vi vener på tvers av trinna, og her kan folk vere seg sjølve.


    -Kva legg du i det?


    -Her treng ein ikkje vere ein main-stream-type. Det er ingen som går rundt og korrigerer andre, og måten folk snakkar til kvarandre på strålar korleis dei er – og ikkje korleis dei prøver å vere. Konsekvensen av det er at vi har lyst å vere oss sjølve, og når vi får positiv tilbakemelding på det, så fortsetter ein å vere seg sjølv – og så går alt bra, smiler Silje.


    Ho peikar på at skulen er kristen som ein viktig faktor.


    -Dei fleste som er på Vestborg har kristne verdiar. Eg trur det skapar det gode miljøet på skulen. Kjem ein frå ein plass med få kristne, så er ein på Vestborg garantert å finne kristne vener, slår Silje fast.


    VELDIG BRA IDRETTSLINJE


    Silje rosar også linja ho går på.


    -Idrettslinja er veldig bra! Her har vi veldig, veldig bra lærarar som er veldig interesserte i faga dei underviser i. Innan klassen har vi eit veldig bra miljø, og vi har allereie skapt sterke band til kvarandre. Her kan alle snakke med alle!


    Idrettslinje-jenta hadde ikkje høyrt om Vestborg før ein venninne snakka om skulen.


    -Eg valde Vestborg fordi eg hadde lyst på ein ny start, og fordi eg hadde lyst å bu på internat. Dessutan synest eg skulen ligg veldig fint til mellom fjord og fjell. Eg kjende ingen, men då eg var på UL (Ungt Landsmøte) i Kongeparken i sommar, byrja eg – midt på natta – å snakke med ei anna jente. I løpet av samtalen kom det fram at vi begge skulle byrje på Vestborg i august. Det same skjedde med to andre jenter – og i løpet av samtalen fortalde dei at dei gjekk Vestborg. Det vart to magiske møter. Eg hadde nemleg bedt til Jesus om å få tryggleik til å velje Vestborg – og det var noko eg fekk i møte med Marie, Lea Sofie og Laila.


    -Kva synest du om valet om å byrje på Vestborg?


    -Det er det absolutt det smartaste eg nokon gong har gjort!!!

     

    Idrettslinje-tur til Andreas Håtveit
    14-Feb-2019


    For litt sidan var idrettslinja på tur til Sudndalen øvst i Hallingdal.


    -Vi drog dit for å oppfylle det lokale læreplanmålet om å jobbe med skiteknikk. Øvst i Hallingdal så er det både jibbepark og ekstremt god puddersnø. Der held også Andreas Håtveit til. Han er eit godt førebilete som idrettsutøvar, medmenneske og som kristen, forklarar idrettslærar Anders Nybakk om kvifor idrettsgjengen drog til Sudndalen.

     

    Andreas Håtveit vart i 2014 nr 4 i OL i slopestyle. Han har også vunne X Games i disiplinen. Mest kjend for det norske folk er han kanskje gjennom deltakinga i NRK-programmet «Mesternes mester» i 2016.


    -Korleis var opphaldet?


    -Det var ein kjempesuksess. Vi fekk trena mykje på teknikk, også ved hjelp av videoanalyse, og køyring med portar. Andreas haldt også jibbe-kurs for oss. Det vil seie at vi fekk prøve oss på køyring på rails – køyring på rekkverk i jibbeparken, seier Anders.


    Jakob Muren Ulvund var ein av elevane som var med.


    -Dette var dritkult. Vi fekk køyrt mykje i laussnø og prøvd oss på rails. Andreas Håtveit lærte oss også grunnteknikken om korleis vi skal ta 180 og 360. Elles imponerte Andreas med både skidugleiken, premiane og humøret sitt, seier Jakob.

    Slik det ser ut no, vert det tilsvarande tur også til neste år. 

     

    På spørsmål om korleis han trivast som elev på idrettslinja så kjem det opp to tomlar som svar.


    -Eg er ein ski-person og her får eg stått mykje på ski. Elles så likar eg meg veldig godt i miljøet på skulen. Her er det berre greie folk! seier Jakob.

     





    Jakob Muren Ulvund var nøgd med turen til Sudndalen!

     

    Tekjøkkenpraten: Minister Dag Inge Ulstein
    08-Feb-2019

     

    vestborg.no har møtt tidlegare Vestborg-elev og noverande utviklingsminister Dag Inge Ulstein i Tekjøkkenpraten. Ulstein var så raus at han sette av tid til ein prat med Vestborg si heimeside etter ein hektisk møteverksemddag. Torsdag 31.1. var siste frist for å setle budsjettet for 2019, og det var ein nøgd minister som vestborg.no møtte etter regjeringskonferansen. Budsjettet til departementet hans ligg på oppimot 40 milliardar kroner.

     

    I staden for å ha intervjuet på eit av skulen sine tekjøkken, var det meir praktisk å ta praten i Oslo. Dermed vart det ein triveleg drøs i sofagruppa på Ulstein sitt kontor i Utanriksdepartementet si bygning, Victoria terrasse, ikkje langt frå slottet i hovudstaden.

     

    VESTBORG UTRULEG VIKTIG

     

    Inne på ministerkontoret gjekk vi rett på kjernespørsmålet.


    -Kva har åra på Vestborg hatt å seie for deg?


    -Eg gjekk på Vestborg frå 1996 og var russ i -99. Det å få gå på Vestborg var utruleg viktige år for min del. Eg opplevde trivsel og gode lærarar. Mellom anna hadde eg verdas beste norsklærar, Kjetil Dybvik. Han gav oss elevar mykje rom. Eg fekk også mange gode venskap. Elles var Vestborg viktig i høve til tru. Eg vart tryggare som kristen, og eg fekk utfordringar. Ei utfordring som var ekstra viktig, var året i 1. klasse då eg var leiar i ungdomsklubben «Kula» i Hellesylt. Ein gong i veka drog vi ein liten gjeng Vestborg-elevar for å halde klubb. Gjennom dette arbeidet fekk utruleg viktig leiarerfaring og ansvar. Elles vart eg utfordra og involvert med å arrangere møter og ta ansvar på bibelgruppe. Det var kanskje stress der og då, men det var samtidig viktig for trua mi, seier Ulstein.


    Då han var VG3-elev, var han med på misjonstur til Afrika. Føremålet med turen var å skaffe informasjon for å inspirere til å samle inn pengar til Vestborg-russen sitt prosjekt.


    -Eg har sagt i intervju med Morgenbladet, TV2 og NRK at turen til Elfenbeinkysten er ein direkte årsak til eg no sit som utviklingminister. Der vart det sterke møter med menneske som sette sitt preg på meg. Eg fekk også sjå kor stor endring utviklingsarbeid kunne gjere med menneske ved å satse på helse, vatn og utdanning. Turen til Elfenbeinskysten skapte engasjement i meg og sette retning for eigne verdiar og karriereval.


    -Har du eit råd til dagens Vestborg-elevar?

     

    -De er veldig heldige som får gå på Vestborg og få møte så engasjerte lærarar som vil det beste for dykk – og for heile livet dykkar. Det er inga sjølvfølgje. Eg vil utfordre dykk til å tenkje gjennom korleis de kan bruke eigne styrkar til å gjere ein forskjell for andre. Då eg var elev på Vestborg, ville eg gjerne bety ein forskjell for andre, men hadde aldri tenkt at eg skulle verte utviklingsminister.

    VIL ENGASJERE

     

    Etter Vestborg har Ulstein, i tillegg til å engasjere seg i Salem i Bergen, teke ein bachelorgrad i teologi og teke arbeid- og organisasjonspsykologi. Han har også fått utdanna seg som samlivsterapeut ved Modum Bad. Desse erfaringane har gjort at han har leia samtalesenteret og vore utviklingssjef ved Haraldsplass Diakonale Stiftelse. Dessutan har han vore sosialbyråd i Bergen med ansvar for til dømes rus og psykiatri. Då han 22. januar vart utnemnd til statsråd, kom han frå jobben som finansbyråd i Bergen.


    -Kva gler du deg til i den nye jobben?


    -Det er ein utruleg spennande jobb. Eg vil gjerne fighte for å at dette landet skal prioritere å hjelpe andre, og derfor er eg glad for at vi nå har fått nesten 40 milliardar kroner på budsjettet vårt. Elles vert det viktig for meg å engasjere andre, og difor har eg lyst å reise rundt å vitje skular, universitet og folkehøgskular. Det er fleire som sultar no i 2019 enn for to år sidan. Det vil eg vere med på å gjere noko med, og eg vil gjerne vere med å vekke og engasjere ein ny generasjon!

     

    Studieorienteringsdag
    24-Jan-2019


    Onsdag var VG2- og VG3-elevane på studieorienteringsdag i Sykkylven. Alle universitet og høgskular, samt folkehøgskule-tilbodet, var representerte, og elevane våre fekk høve til større innsikt i korhen dei kan studere og kva for ulike studietilbod som finnast.

    På biletet ser ein VG2-elevane Sara Emilie Lauvstad (i midten) og Karoline Godø Larsen saman med Andrea, som var representant for folkehøgskulane.

    Sjølv om tilbodet fyrst og fremst var for VG3, så var Karoline og Sara Emilie glade for at dei fekk høve til å dra på studieorienteringsdag allereie som andreklassingar.

    -Dette var nyttig. Studieorienteringsdagen har gitt innblikk i kva for moglege retningar det finnast. Eg har også fått innblikk i kva eg trur eg vil bli, seier Karoline, og fortel at ho tenkjer på å jobbe innan barnevern.

    Sara Emilie er langt på veg samd.

    -I dag fekk eg vite om utdanningar eg aldri har høyrt om før – også innan ingeniøryrket. Det var fint å få denne informasjonen, for no har eg god tid til å undersøkje endå meir før eg bestemmer meg. Dette var ein veldig nyttig dag, seier Sara Emilie.

     

    Suksess med turné
    21-Jan-2019

     

    I midten av januar dreg russe-elevane i grupper og vitjar bedehus og forsamlingar på Nordvestlandet. Då samlar dei inn pengar til russeprosjektet sitt og informerer om Vestborg. 

     

    Martine Fure er ei av dei som var med i år.


    -Det var veldig kjekt å vere på turnè. Eg var med i ei veldig positiv gruppe, og vi trefte mange koselege folk i samband med møta vi haldt. Dessutan var det veldig triveleg å besøke dei vi overnatta hos. Eg fekk sitje kjempelenge utover kveldane å prate med vertskapet. Vi fekk også masse god mat. Vertane tok fram det beste dei hadde, og dei fekk oss til å føle oss spesielle.

    -Var det noko som gjorde ekstra stort inntrykk?

    -Eg er interessert i bilar, og to av vertane hadde veteranbil. Den eine hadde ein Volvo PV 1950-modell med berre originaldelar!

    Martine fekk også utfordra seg sjølv på møta.

    -Eg er ikkje så glad i å stå på ei scene, og eg trivest best med det tekniske. Difor hadde eg tenkt at eg kunne ta meg av teknikken, medan dei andre på gruppa skulle stå for snakkinga. Men så fekk talar Ole Os oss, også meg, med på å synge velsigninga. Då gjekk eg ut av komfortsona, men eg opplevde det gjekk bra å vere ukomfortabel. På eitt av dei siste møta delte eg også eit ord frå Bibelen, noko som eg er glad for eg gjorde. Eg fekk tilbakemeldingar frå andre at det eg sa skulle dei ta med vidare. Elles var eg imponert over kor gåvmilde folk var. Det gjorde oss ivrige til å stå på vidare.

    -Korleis vil du summere opp turné-dagane?

    -Det var ei ein-gong-i-livet-oppleving. Kvar dag skjedde det nye ting heile tida, og eg har opplevd så mykje at det kjennes ut som om det har gått eitt år!

     

    - Eg trur eg har bestemt meg
    20-Jan-2019


    Mathias Giskeødegård er ein av 30 deltakarar på kick-off i helga. I fylgje Mathias har det vore ei veldig god helg. 

     

    -Det har vore fantastisk å vere her på kick-off. Her har eg blitt kjend med nye folk, det har vore sosialt og eg har følt meg inkludert, seier han.

    - Kan du fortelje frå kva de har gjort?


    -Vi har vore ute i snøen og leika Capture the flag, vi har spelt brettspel og Play Station i russekiosken, og vi har hatt multiturnering med rumpefotball, innebandy og kanonball som aktivitetar. Dessutan har det vore elevkveld, og der vart eg spesielt imponert over cheerleading-innslaget.


    -Kva har vore høgdepunktet?

    -Det sosiale. No trur eg at eg har bestemt meg for å byrje på Vestborg til hausten.



    PS! Nedanfor ser ein bilete frå cheerleading-innslaget på elevkvelden.


     

     

     

    Tekjøkkenpraten: Miljøarbeidar Åshild Remmereit
    18-Sep-2018


    Åshild var russ på Vestborg våren 2017. Etter eitt år som elev ved bibelskulen på Fjellhaug i Oslo er jenta frå Torvikbukt på Nordmøre attende på tunet.

    Korleis var dei tre åra som elev på Vestborg?

    - Det var ein veldig opptur frå start til slutt. Då eg byrja på Vestborg var eg forsiktig, beskjeden og utrygg, men det trygge miljøet gjorde at eg fekk mykje meir tru på meg sjølv. Her fekk eg mange gode vener, og eg fekk det mykje betre. Det var veldig godt for meg å vere i det kristne miljøet som ein har på Vestborg. Miljøet her gjer noko med måten ein behandlar kvarandre på. I tillegg fekk eg input gjennom morgonsamlingar, møter og bibelgrupper. Alt dette var med å danne eit grunnlag for resten av livet.

    - Kvifor ville du tilbake?

    - Eg kunne tenke meg å bli miljøarbeidar fordi eg hadde det så vanvitig bra her. Etter kvart så skjøna eg at det kunne vere behov for meg her, og at eg var ynskt. Ei viktig hending var ein morgon i desember i fjor. Då bad eg til Gud om ein peikepinn påkva eg skulle gjere komande skuleår. Ein time etterpå kom det, via mail, ei oppmoding om å søkje på stillinga som miljøarbeidar ved Vestborg.

    Åshild har ikkje tenkt så mykje over korleis året som miljøarbeidar skal bli.

    - Eg veit ikkje, og eg legg året i Gud sine hender. Men eg vonar eg får lært mykje, og eg vonar eg får bety noko for elevane.

    LÆRDOM

    Førre skuleår gjekk Åshild på musikklinja på Fjellhaug.

    - Året på Fjellhaug gav meg eit utvida syn på Gud og gjorde meg tryggare i trua mi. Eg har blitt VELDIG glad i å lese i Bibelen, for no har eg ein betre kunnskap om det som står i Guds ord. Dessutan fekk eg mange gode vener, eit større nettverk og mange gode opplevingar.

    - Kva lærte du i fjor?

    - Eg har ofte vore redd for å gjere feil, men fjoråret lærte meg at det ikkje er farleg å gjere feil. Årsaka var at eg byrja skuleåret på Fjellheim bibelskole i Tromsø, men eg kjende på at det ikkje var der eg skulle vere. Mellom anna så likar eg å spele piano, men på Fjellheim var det ikring 20 av medelevane mine som også kunne spele det instrumentet. Då eg kom til Fjellhaug fekk eg høyre eg var eit bønesvar, for musikklinja hadde behov for ein pianist. Det gjorde at på Fjellhaug var det bruk for meg på ein annan måte enn på Fjellheim. Lærdomen eg sit med er altså at det ikkje er farleg å gjere feil, og at ein ikkje skal la ting halde fram når ein kjenner at noko er gale. Elles lærte eg å ta det med ro. I VG3 var eg med på «alt», og sjølv om det kjendest bra ut då, så ser eg i ettertid at det kunne bli litt mykje. På Fjellhaug hadde me ikkje lekser, så det var «ingenting» som skjedde frå klokka 15 til dagen etter. Det gjorde at eg var rastlaus i starten, men etter kvart fann eg ein god rytme der eg brukte meir tid på Bibel og bøn, samt å vere stille og vere for meg sjølv. Det er noko som eg også ynskjer å ta med meg inn i eit hektisk miljøarbeidar-år.

    - Har du eit bibelvers som du vil trekke fram til slutt?

    - Eg har blitt glad i Johannes 14.27: «Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!». Når eg kan oppleve kaos og vanskelege ting, så er det Gud som kan gje fred. Han er ei klippe i livet mitt, seier Åshild.

    Tekjøkkenpraten: Miljøarbeidar Jonas Hesthaug
    03-Sep-2018

     

    Jonas var russ ved Vestborg i 2016, og han fortel det er tre årsaker til han ville attende.

    For det fyrste hadde eg tre veldig bra år som elev på Vestborg, og eg kunne tenke meg å vere her meir. Draumen var å kunne leve og bu på skulen UTAN å ha lekser. For det andre ville gjerne ha innblikk i korleis det var å vere personal ved skulen. Årsaka til det er at eg vurderer å bli lærar. For det tredje opplevde eg at har blitt leia av Gud. I vår ba eg om svar på kva eg skulle bruke skuleåret 2018/19 til. Same natta drøymde eg at eg var i møtesalen på Vestborg og blei klappa fram og presentert som miljøarbeidar. I førre veke skjedde akkurat det same som i draumen, så det var veldig kult! seier han.

    - Kva gjorde dei tre åra som Vestborg-elev med deg?

    - Det var veldig mykje, og det har vore dei tre åra eg har vakse mest som person. Eg fekk meir tru på meg sjølv, og eg fekk ei sterkare tru. Når det gjeld det sosiale, så lærte tida på Vestborg meg mykje om korleis eg bør oppføre meg saman andre og samtale med andre.

    Førre året var han på andre sida av jordkloda. Då gjekk han disippeltreningskule i regi av Ungdom i oppdrag på New Zealand.

    - Der lærte eg å leve meir som ein læresvein av Jesus. Dei fyrste tre månadane var eg på skulen i New Zealand. Etterpå var eg i misjonspraksis i 1 ½ veke i Australia før eg var på Papa Ny-Guinea i to månadar.

    - Kva sit du igjen med etter desse månadane?

    - Fyrst og fremst opplevde eg den krafta som vi kristne kan ha gjennom Den heilage Ande. Denne krafta fekk eg vere med å setje ut i praksis fleire gonger. Eg opplever at eg ikkje treng å vere redd av di Gud er med meg. Fleire gonger opplevde eg overnaturlege ting som ikkje kan forklarast på naturleg vis. Mellom anna var det ein av leiarane som var døden nær av di han hadde fått bakteriar i blodet. Då vi bad for han forsvann brått ein svulst han hadde og så blei han heilt frisk. Eg såg at menneske blei rørt av Gud. Då vi var på Papa Ny-Guinea og hadde møte, så blei det ei vekkjing. Det gjorde at landsbyfolket vedtok å skifte namn på landsbyen frå Bola, som tyder øydeleggjing, til Bella, som tyder sameining med Gud.

    Eidsdalingen ser fram til miljøarbeidaråret.

    - Eg trur det blir veldig bra. Det er og skal bli kjekt å bli kjend med nye, og eg vil gjere mitt for at andre skal ha det bra på skulen denne vinteren. Eg trur også eg vil vekse andeleg gjennom det kristne arbeidet eg er med å ha ansvar for. Dessutan vil det vere spennande å følgje den nye idrettslinja.

    Jonas er i ferd med å bli litt sånn småkjendis på Sunnmøre. Han gjer det nemleg veldig godt i fjell-løp og motbakkeløp.

    - Ein del av fritida mi kjem til å gå med til å trene. Eg trenar nesten kvar dag, og i snitt er treningsøktene mine på ikring 1 ½ time.

    Som miljøarbeidar får han ete saman med elevane, men han ser at det kan vere lurt å utvide kunnskapsbasen sin.

    - Eg har i tankane at eg bør lære meg å lage mat.

     

     

    Tekjøkkenpraten: Rektor Geir Magne Engås
    22-Jun-2018


    Rektor Geir Magne har fått to års permisjon for å vere leiar for Misjonssambandet sin familiebibelskule i Nairobi i Kenya.

    Når Vestborg startar opp i august, så er det Håkon Hovda som styrer Vestborg-skuta. Difor tok vestborg.no ein tekjøkkenprat med Geir Magne – på hans eige kontor.

    Geir Magne har jobba ved skulen i 12 år, og han har vore rektor i 10 av dei. Men då han kom til Vestborg i august 2006, såg han ikkje for seg at han skulle bli leiar ved skulen.

    Eg kom for å jobbe ved sal- og servicelinja, og eg skulle ha fokus på økonomi- og marknadsføring. Det var ingen planar om å verte rektor, men dåverande rektor, Odd Rannestad, fekk meg på trua til at eg kunne gå inn i ei sånn gjerning.

    - Korleis har åra vore?

    -Dagane har vore både utfordrande og krevjande, men veldig kjekke. Noko av det eg har sett mest pris på er kontakten med elevane. Det å få vere i lag med ungdomar er veldig stor stas, og kanskje ekstra kjekt når ein ser dei utviklar seg både fagleg, sosialt og andeleg. På ei anna side så har eg også lært mykje av dei. Mange av både noverande og tidlegare elevar har vore ivrige på å lese i Bibelen, samt å setje trua si ut i praktisk liv. Dei er både gode på bry seg om andre og på å gje kompliment. Dette har vore til inspirasjon for meg.

    I løpet av åra i rektorstolen har Geir Magne sett ei endring i seg sjølv.


    - Eg har mykje meir erfaring om livet enn eg hadde i 2008. Mellom anna kan eg i større grad no sjå ting frå fleire sider. Eg har også lete meg imponere over alt som dei tilsette ved skulen yt. Det får utslag i engasjement og vilje til å backe og støtte elevane på mange områder i livet.

    - Kva for prosessar vil du trekke fram?

    - Eg er glad for at vi frå hausten kan starte idrettslinje. Området rundt Stranda har eit stort potensiale med tanke på å drive ei god idrettlinje. Eg vil også nemne det har vore spennande å jobbe med pedagogiske prosessar. Elles har likar eg å halde på med praktiske oppgåver. Mellom anna så har vi fått ballbinge på tunet, og no står snart gapahuken klar – medan me også har fått gradert opp matsalen og fått på plass eit bibliotek. Eg er også glad for at vi har fått Simon Morris som ungdomsleiar. Han har eit hovudansvar for å ta hand om det kristne arbeidet.

    - Kva har vore høgdepunkta dine?

    - Det var veldig gøy i si tid å sende Une Simonsen til matte-OL i Kasakhstan, men eg set også pris på når elevar kjem bort for å takke for åra på Vestborg. Mange kan fortelje om vekst i både sjølvtillit og personlegdom. Likevel er det eit ekstra stort høgdepunkt når vi får høyre om elevar som har teke imot Jesus. Då er det fest!

    - Har du nokre artige opplevingar å dele?

    - Det var veldig gøy å danse ballett på ein av festane våre saman med dåverande kollega Oddbjørn Maridal. Elles var det godt gjort elevane på Drege som eit år hadde ei høne inne i dusjen. Det klarte dei å halde skjult ein månad før det var oppdaga!

    Frå og med i haust av reiser Geir Magne og familien til Nairobi i Kenya. Der skal han vere leiar for skulen familien var elevar ved i tre månadar.

    - Korleis blir det?

    - Eg gler meg, men det vert heilt noko anna enn Noreg – med anna kultur og språk. Men vi vi reiser ut som familie. Sist vi var ute opplevde vi at det var ein god måte å vere saman som familie på. Ja, eg trur det kunne ha vore lurt for alle familiar å gjere noko slikt - å setje kvardagslivet litt på pause.

    Til slutt slepp Geir Magne til med nokre ord som kan summere opp tida på Vestborg.

    - Eg vil gjerne takke for alle eg har møtt og fått jobba i lag med gjennom desse 12 åra eg har vore tilsett ved skulen. I løpet av desse åra har eg også opplevd at skulen betyr mykje for mange i regionen vår, og det har vore godt å kjenne på støtta frå misjonsfolket. Eg håpar at Håkon Hovda, Vestborg sin nye rektor, merke den same støtta som eg har fått oppleve, seier han.

     

     

Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no