Vestborg vgs - den kristne internatskulen i alpebygda Stranda.

 
Studiespesialisering
Idrettsfag
Påbygging
KRIK-program
Internatskule
Fritidstilbod
    Tekjøkkenpraten: Rektor Geir Magne Engås
    22-Jun-2018

     


    Rektor Geir Magne har fått to års permisjon for å vere leiar for Misjonssambandet sin familiebibelskule i Nairobi i Kenya.

    Når Vestborg startar opp i august, så er det Håkon Hovda som styrer Vestborg-skuta. Difor tok vestborg.no ein tekjøkkenprat med Geir Magne – på hans eige kontor.

    Geir Magne har jobba ved skulen i 12 år, og han har vore rektor i 10 av dei. Men då han kom til Vestborg i august 2006, såg han ikkje for seg at han skulle bli leiar ved skulen.

    - Eg kom for å jobbe ved sal- og servicelinja, og eg skulle ha fokus på økonomi- og marknadsføring. Det var ingen planar om å verte rektor, men dåverande rektor, Odd Rannestad, fekk meg på trua til at eg kunne gå inn i ei sånn gjerning.

    - Korleis har åra vore?

    -Dagane har vore både utfordrande og krevjande, men veldig kjekke. Noko av det eg har sett mest pris på er kontakten med elevane. Det å få vere i lag med ungdomar er veldig stor stas, og kanskje ekstra kjekt når ein ser dei utviklar seg både fagleg, sosialt og andeleg. På ei anna side så har eg også lært mykje av dei. Mange av både noverande og tidlegare elevar har vore ivrige på å lese i Bibelen, samt å setje trua si ut i praktisk liv. Dei er både gode på bry seg om andre og på å gje kompliment. Dette har vore til inspirasjon for meg.

    I løpet av åra i rektorstolen har Geir Magne sett ei endring i seg sjølv.


    - Eg har mykje meir erfaring om livet enn eg hadde i 2008. Mellom anna kan eg i større grad no sjå ting frå fleire sider. Eg har også lete meg imponere over alt som dei tilsette ved skulen yt. Det får utslag i engasjement og vilje til å backe og støtte elevane på mange områder i livet.

    - Kva for prosessar vil du trekke fram?

    - Eg er glad for at vi frå hausten kan starte idrettslinje. Området rundt Stranda har eit stort potensiale med tanke på å drive ei god idrettlinje. Eg vil også nemne det har vore spennande å jobbe med pedagogiske prosessar. Elles har likar eg å halde på med praktiske oppgåver. Mellom anna så har vi fått ballbinge på tunet, og no står snart gapahuken klar – medan me også har fått gradert opp matsalen og fått på plass eit bibliotek. Eg er også glad for at vi har fått Simon Morris som ungdomsleiar. Han har eit hovudansvar for å ta hand om det kristne arbeidet.

    - Kva har vore høgdepunkta dine?

    - Det var veldig gøy i si tid å sende Une Simonsen til matte-OL i Kasakhstan, men eg set også pris på når elevar kjem bort for å takke for åra på Vestborg. Mange kan fortelje om vekst i både sjølvtillit og personlegdom. Likevel er det eit ekstra stort høgdepunkt når vi får høyre om elevar som har teke imot Jesus. Då er det fest!

    - Har du nokre artige opplevingar å dele?

    - Det var veldig gøy å danse ballett på ein av festane våre saman med dåverande kollega Oddbjørn Maridal. Elles var det godt gjort elevane på Drege som eit år hadde ei høne inne i dusjen. Det klarte dei å halde skjult ein månad før det var oppdaga!

    Frå og med i haust av reiser Geir Magne og familien til Nairobi i Kenya. Der skal han vere leiar for skulen familien var elevar ved i tre månadar.

    - Korleis blir det?

    - Eg gler meg, men det vert heilt noko anna enn Noreg – med anna kultur og språk. Men vi vi reiser ut som familie. Sist vi var ute opplevde vi at det var ein god måte å vere saman som familie på. Ja, eg trur det kunne ha vore lurt for alle familiar å gjere noko slikt - å setje kvardagslivet litt på pause.

    Til slutt slepp Geir Magne til med nokre ord som kan summere opp tida på Vestborg.

     

     

    - Eg vil gjerne takke for alle eg har møtt og fått jobba i lag med gjennom desse 12 åra eg har vore tilsett ved skulen. I løpet av desse åra har eg også opplevd at skulen betyr mykje for mange i regionen vår, og det har vore godt å kjenne på støtta frå misjonsfolket. Eg håpar at Håkon Hovda, Vestborg sin nye rektor, merke den same støtta som eg har fått oppleve, seier han.



     

     

    Uvanleg heimreise
    21-Jun-2018

     

      

    Det er ikkje uvanleg for ein Vestborg-elev å bli henta av foreldra når ein skal heim på sommarferie. Men i Ingrid Velde sitt tilfelle var omstenda såpass uvanlege at vestborg.no vel å lage ei lita sak på det.

    Ingrid blei nemleg henta i fly!

    Onkelen hennar er medeigar i eit lite fly med plass til fem personar. Han ordna det sånn at han fekk ein pilot til å fly frå Sola til Vigra med foreldra til Ingrid. Her fortel Ingrid, som er frå nettopp Sola, om korleis heimreisa var:

    - Det var ei heilt fantastisk oppleving! Me fekk ei utsikt som eg ikkje har sett maken til før, sjølv om eg har vore oppe i passasjerfly tidlegare. Vindauga var nemleg store og gode. Dessutan var seta gode å sitje i, og me kunne kommunisere via headsett. Dette var rett og slett ei kul oppleving!

    Ho held fram:

    - Vanlegvis må eg ta to bussar og to fly og ha ein heil haug med venting før eg kjem meg heim. Til vanleg tek det 6-7 timar å kome seg heim - og dersom vi køyrer tek det 11 timar. Difor var det jammen meg stas og berre fly heim på 1 1/2 time! Me storkosa oss og me gler oss til neste gong! seier Ingrid.

    (På biletet over, som er teke av pappa Ingrid, ser ein Ingrid, piloten og mamma Ingrid. På biletet under ser ein ei nøgd Vestborg-jente.)


     

    405 000 til misjonsprosjektet
    16-Jun-2018


    Vestborg-russen har samla inn heile kroner 405 000 til misjonsprosjektet sitt i Indonesia!

    Prosjektleiarane Flora Miro og Markus Engås overrekte ein symbolsk sjekk til Geir Henning Tunheim frå sitt regionkontor. Tunheim tok i mot den flotte gåva på vegne av NLM.

    Prosjektleiar Engås takka både medruss og medelevar for innsatsen som låg bak den høge innsamla summen.

     

    Avskjed med rektor Geir Magne
    16-Jun-2018


    Rektor Geir Magne Engås skal ut i to års permisjon for å vere rektor på NLM sin familiebibelskule i Nairobi i Kenya.

    På årets avslutningsfest takka styremedlem Mons Olav Walgermo han for innsatsen som Vestborg-rektor.

    - Du har leia skulen på ein glimrande måte, sa Walgermo i helsinga si til Geir Magne.

     

    Festborg
    16-Jun-2018

     

    Laurdag var det avslutningsfest på Vestborg. Elevar, foreldre, slekt, vener og tilsette feira i 2 ½ time. Deretter var det nydeleg festmat frå kjøkensjef Dana Rudusa & co på kjøkenet.

    VG3-elevane Bendik Hermansen og Nahom Abrahame losa festlyden gjennom festen på ein rutinert måte.

    I løpet av programmet vart det ulike songinnslag, presentasjon av Ingrid og Håkon Hovda – det nye rektorparet, helsing frå rektor Geir Magne Engås, innslag frå Vestborg-TV og innslag frå russen. Norsklærar Erlend Hellberg, som vart kåra til årets heidersruss, og rektor Geir Magne hadde også ein stand-up-show som vekte lått og åtgaum.

    Geir Henning Tunheim frå regionkontoret hadde tale der han snakka om æva – og at han vona å sjå oss alle i himmelen.

    I tillegg hadde russen eit innslag, samt dei overrekte ein sjekk til misjonen. Den synte kor mykje dei hadde samla inn til misjonsprosjektet sitt (Sjå eiga sak).

     


    Geir Magne og Erlend under stand up-showet.


     

    Munnleg eksamen
    15-Jun-2018



    Ting skjer på tunet for tida. Laurdag er det avslutningsfest, men mange elevar har også andre ting å ha fokus på. Alle i VG3 og to parti i høvesvis VG1 og VG2 kom opp i munnleg eksamen. Desse eksamenane vert haldne på tysdag. I dag fekk elevane melding om kva dei kom opp i, og elevane viste både glede og sorg då dei fekk kunngjeringa.

    På biletet er det jubel etter å ha fått vite at ein har kome opp i historie.


     

    Flora Miro
    07-Apr-2016

    VG1-elev og tidlegare flyktning, Flora Miro, no busett i Volda, har ein annan bakgrunn enn dei fleste andre Vestborg-elevane. Bli betre kjend med jenta som har same morsmål som Jesus, nemleg arameisk.

    Flora har vekse opp i Irak. Delvis budde ho i Mosul, som ligg like ved oldtidsbyen Ninive, og delvis budde ho i Bagdad. Ho er arameisk og familien er kristen.

    – Vi vart forfølgde fordi vi var kristne. Muslimane var ute etter oss og kom med truslar. Dei gjorde også alvor av truslane, og mellom anna vart onkelen min kidnappa. Systera mi og eg kunne stå i timesvis i vindauget for å sjå etter pappa når han var på jobb, for vi var så redde for at noko galt kunne ha skjedd med han. Elles så var det ofte både bomber og skyting i rundt om i nabolaget. Striden mellom sunnimuslimar og shiamuslimar gjekk også utover oss. Det var fleire gonger det var nære på at det gjekk skikkeleg gale. Eg hugsar ein gong eg stod i brødkø, og ein mann i køen let meg få gå føre han. Då eg var ferdig i butikken, så gjekk eg inn i bilen. Vi hadde berre køyrt nokre få sekund før ein sjølvmordsbombar sprengte seg sjølv i lufta like utanfor butikken, fortel Flora.

    FLYKTA

    Til slutt valde familien å flykte. Fyrst flykta far til Flora, og etter ei lang reise gjennom Europa kom han til Noreg. Kona hans og dei to jentene flykta året etter til Syria. Der vart dei verande i eitt år før familien vart sameint igjen.

    – Eg hadde ikkje sett pappa på to år då vi landa på Ørsta/Volda-flyplassen. Det var så uendeleg godt å sjå han igjen, og det var så godt å kome til eit land der vi kunne føle oss trygge, seier ho.

    Flora var 11 år då ho kom til Noreg i 2010. Sjølv om det var trygt og godt å kome til landet i nord, så fall ikkje alle brikkane på plass.

    – Eg sakna så sårt venene mine i Irak. Det fellesskapet eg hadde med dei, fann eg aldri hos andre i løpet av barneskule- og ungdomsskuletida. Eg opplevde det som om eg stod utanfor og såg inn, skildrar ho.

    GUD HJELPTE

    I august 2015 byrjar Flora på Vestborg.

    – Eg lengta etter eit godt miljø og eit kristent miljø. Då eg fekk tilrådd skulen frå elevar som hadde gått her før, så kjende eg at Vestborg skulle verte min skule. Eg fekk også foreldra mine til å støtte valet etter å ha vist dei fleire artiklar frå «Tekjøkkenpraten» på vestborg.no. Derfor er det litt rart å plutseleg vere den som vert intervjua i «Tekjøkkenpraten» sjølv.

    – Korleis var det å byrje her?

    – Eg opplevde tidleg at miljøet var godt, men dei fyrste månadane hadde eg den same opplevinga som eg hadde i Volda: Nemleg at eg stod utanfor og såg inn, men etter kvart hjelpte Gud meg å skjøne at eg måtte gjere nokre grep sjølv for å få betre kontakt med medelevane mine. Etter å ha fått jobba aktivt med det, så lausna det smått om senn. No stortrivast eg, og eg opplever at eg kan setje meg med kven det måtte vere i matsalen, og likevel kjenne på at eg er «innanfor».

    FANTASTISKE LÆRARAR

    Ein periode vurderte Flora å verte utvekslingsstudent i USA etter at VG1 var over. Det er ikkje aktuelt no.

    – Vestborg er ein veldig bra skule med Jesus i sentrum og Bibelen i handa. Lærarane er heilt fantastiske. Dei er veldig flinke til å sjå kvar og ein både fagleg og sosialt. Eg har gått på ganske mange ulike skular, men eg har aldri før vore borti at absolutt alle lærarane er fantastiske. Her er eit døme: Det er viktig for meg å gjere det godt på skulen. Draumen min er å bli lege. Det faget eg slit mest med er engelsk, men faglærar Hanne Welle har sett seg ned med meg og saman har vi lagt ein konkret plan for korleis eg skal bli betre. Dessutan har skulen, med Ola Risa, Kristoffer Stige og Bodil Bø i spissen, lagt til rette for at vi elevane kan få hjelp med skulearbeid også etter skuletid. Eit anna døme er gymlærar Åshild Bogstad Stenberg. Eg har lenge ynskt å lære å stå på ski. Under skidagen like før påske ordna Åshild slik eg fekk lånt meg ski, og så lærte ho meg dei grunnleggjande teknikkane. I tillegg fekk vi så mykje god tid i lag at vi fekk oss ein lang og god prat om alt mogleg frå ski til Jesus. Elles har eg hatt mykje glede og nytte av å snakke med Margareth Engås. Ho er tilsett som kognitiv terapeut på skulen for å kunne ha samtalar med oss elevar, fortel Flora.

    – Etter å ha opplevd så mykje vondt og så lite tryggleik som du har gjort, kan det vere naturleg å tenkje seg at alt dette har sett spor. Kva tenkjer du om det?

    – Livet går opp og ned også for meg. Framleis er det stunder der eg skulle ynskt at livet var betre, men eg trur det er tre grunnar til at livet trass alt er godt. For det fyrste er det veldig trygt å vere elev på Vestborg og oppleve trygge og gode personar i både elev- og personalflokken. Men det er to ting som er endå viktigare. Eg har nokre fantastiske foreldre. Midt i alt det vonde familien har opplevd, så har dei tatt vare på meg og systera mi. Vi har følt på tryggleik, og dei har gjort alt for å beskytte oss. Noko av det eg har sett mest pris på, er bibelkveldane eg har hatt med mamma sidan eg var bittelita. Ho har fortald historiar frå Bibelen kvar kveld, og etter som eg vart eldre så har vi snakka saman om det vi har lese og vi har bedt i lag. Likevel er nok Gud den viktigaste årsaken. Midt i alt det vonde eg har opplevd, så har Han passa på meg og familien min. Han har bore meg gjennom alle vanskane, og Han har vist seg å vere kraftkjelda i livet mitt, slår Flora Miro fast.


    Julie Katharina Knotten
    17-Mar-2016

    – Vestborg er utruleg bra! seier Julie. Ho går på «påbygging til generell studiekompetanse», eit uttrykk som blir forkorta til «påbygg».

    Når vestborg.no spør Julie om korleis det er å vere elev på Vestborg, så blir det lenge stilt før det kjem to (!) gonger:

    – Åh, utruleg kjekt!

    Ho held fram:

    – Åh, kva skal eg seie? Eg er SÅ glad for at eg valde Vestborg!

    – Kva er bakgrunnen for gleda?

    – På Vestborg er det lett å få gode vanar og ein god balanse mellom skulearbeid og fritid. Mesteparten av tida mellom middag og kvelds er sett av til leksetid, og på andre tidspunkta i veka er det forskjellige aktivitetar vi kan vere med på dersom vi vil. Vestborg er ein internatskule, og her er det lett å sosialisere seg og finne på kjekke ting i lag med andre elevar.

    Det går godt an å vere elev på Vestborg utan å vere kristen, men for Julie så har skulen sitt kristne fokus vore viktig.

    – Eg har blitt betre kjend med Gud i løpet av tida på Vestborg. Her er Gud så inkludert i ting som skjer. Då tenkjer eg mellom anna på morgonsamlingar, samt frivillige aktivitetar som bibelgrupper, bibelstudiar og møter.

    – Dersom nokon vurderer å byrje på «påbygg» på Vestborg, kva meiner du er gode grunnar for å velje å gå nettopp her?

    – Vestborg er utruleg bra! Det gjeld ikkje berre for påbygg-elevar, men også for dei som går studiespesialiserande.
    For det fyrste så har skulen internat, og det er ein kjempestor bonus. Ein lærer å ta ansvar for nyttige ting som å vaske klede, halde rommet reint og sjølvdisiplin i høve til det å gjere lekser. Når ein har så mange andre personar rundt seg, så er det også mange omsyn å ta. Det gjer at ein veks relasjonelt. Elles så gjer internatlivet det lett å kome inn i miljøet på skulen, og ein vert veldig godt integrert. Dermed er det også lettare å vere i lag med og bli kjend med elevar som ein ikkje går i klasse med.
    For det andre så er det utruleg flinke lærarar på Vestborg. Det er tydeleg at dei brenn for det dei underviser i, og det gir motivasjon til å lære. I tillegg bryr dei seg om elevane, og dei ser kvar enkelt også utanom det faglege. Det er veldig enkelt både å snakke med og bli forstått av kven som helst av lærarane.
    Det eg har opplevd gjennom tida på Vestborg vil ha stor påverknad på resten av livet mitt. Eg kjem til å ha utruleg gode minner herifrå! slår jenta frå Moltustranda på Sunnmøre fast.

    PS! Sjølv om det til skuleåret 2016-17 er god søknad til Vestborg i VG1, VG2 og VG3, så er det framleis mogleg å søkje om plass i dei klassane. I påbygg-klassen har skulen meir å gå på før det blir fullt, så her er potensielle elevar ekstra velkomne til å søkje om plass via heimesida vår. Til denne klassen er det også mogleg å søkje også for personar som har teke fagbrev.
    Sjå elles linken nedanfor for meir informasjon om «påbygging til generell studiekompetanse».


     

    Jakob Tomter
    19-Feb-2016

    Vestborg skulle vere ein mellomstasjon, men vart eit treårig prosjekt for sørlendingen Jakob Tomter.

    For Jakob Tomter frå Tvedestrand i Aust-Agder var planen å gå på Vestborg i eitt år, men slik skulle det ikkje gå.

    – Etter 10. klasse ville eg gå på NLMvgs-skulen Drottningborg i Grimstad, men eg kom ikkje inn. Planen var å gå på Vestborg i VG1 og jobbe hardt for å få gode nok karakterar til å bli Drottningborg-elev. Innsatsen på skulen i fjor lønte seg, og eg vart teken opp som elev på Drottningborg i vår og eg sa frå meg plassen på Vestborg. Men utover sommaren fekk eg ikkje fred for valet eg hadde tatt.

    – Korleis merka du det?

    – Det kjentest rart ut gjennom halve sommaren, og det var omtrent det einaste eg tenkte på. Til slutt sa eg til meg sjølv: «Nei, dette blir galt. Dersom det framleis er ledig plass på Vestborg, blir eg der ut 3. klasse».

    IKKJE LENGER KLOVN

    Han forklarar valet sitt med Vestborg sitt gode miljø.

    – Det er bare blide og hyggjelege folk på Vestborg. Elevane her snakkar saman og har det hyggjeleg i lag på ein god måte. Eg har flytta litt rundt i Noreg tidlegare, og ofte har eg blitt klovnen i dei klassane eg har gått i. Men her kan eg slappe av og berre vere meg sjølv. Det er faktisk litt godt, seier Jakob.

    – Korleis fungerer det å bu så langt heimeifrå?

    – I starten følte eg på at det var langt heim, men det er ikkje noko problem lenger. Her bur eg på same tunet som venene mine, og så hender det at eg blir invitert med heim til dei som bur her i distriktet, fortel sørlendingen.

    NB! Rett skal vere rett. Akkurat dette intervjuet vart gjort i salongen på Vestborg og ikkje på eit av tekjøkkena. Det kan også nemnast at teksten har stått på trykk i «Vestborgkontakt», meldingsbladet for skulen vår.


     

Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no