Vestborg vgs - den kristne internatskulen i alpebygda Stranda.

 
Studiespesialisering
Idrettsfag
Påbygging
Internatskule
Fritidstilbod
    Pepparkakehus-konkurranse
    08-Dec-2018


    Laurdag var det pepparkakehus-konkurranse i matsalen. Gjengen som var med delte seg i fire ulike grupper, og dei sette i gong med kvar sine prosjekt.

    Nedanfor kan ein sjå bilete frå både prosessen og det ferdige resultatet. Vinnargruppa hadde laga ein modell av kyrkja på Stranda. Designarar var Ane, Ida, Jenny, Magnhild og Maria B.








     

    Undervisningsglimt
    07-Dec-2018


    Det er det jamne og gode arbeidet som gjev resultat – sånn er det på dei fleste områda i livet. Samstundes kan det å oppleve læring frå ulike perspektiv hjelpe til i det jamne og gode arbeidet.

    I haust har til dømes sosialkunnskap-klassen hatt besøk av Jan Ove Harsjøen medan dei hadde om funksjonshemming. Harsjøen vart lam då han vart utsett for ei ulukke då han var 17 år. Han er no 52 år, og han fortalde om korleis han har takla utfordringane sine i livet etter ulukka. Ein viktig bodskap han hadde til elevane var: «I staden for å fokusere på det eg ikkje kan gjere, så fokuserer eg på det eg kan gjere.»


    Den same gjengen var i november i Volda og besøkte Volda EMA – asylmottak for einslege mindreårige. Der fekk ein lære meir om norsk asylpolitikk, men det som kanskje sette sterkast spor var å få meir innsikt i kor utruleg vanskeleg livet kan vere – og kor mange tøffe opplevingar som ligg bak ein asylsøknad. 



    Sosiologi-klassen har nyleg hatt TV-debatt – utan TV. Temaet var reaksjonar på straffemetodar. Elevane vart delte inn i grupper og kvar gruppe hadde ein talsperson som skulle vere med i debatten.Saman skulle kvar gruppe finne sider som var viktig å setje lys på. Dei ulike debattantane representerte dei politiske partia SV, FrP og KrF. I tillegg var debatten representert av ein psykolog, ein innsett i eit norsk fengsel og ein fengselsbetjent. Det var eit artig prosjekt, mykje på grunn av at det gneistra av debattantane. 



    Dei elevane som har geografi har vore på ekskursjon til Norges vassdrags- og energidirektorat si avdeling på Stranda. Der fekk elevane høyre geolog Einar Anda fortelje om både overvakinga og utviklinga rundt skredfaren ved Mannen i Romsdalen, samt Åkernesremna i Storfjorden. Elevane fekk også kunnskap om norsk skredhistorie og om kva for måleinstrument som vert nytta. Kanskje sov elevane ekstra godt natta etterpå? I alle fall er ikkje Vestborg i fare dersom Åkerneset-skredet skulle gå. Årsaka er at bølgja vil gå langs land ned i Stranda sentrum, og ikkje opp mot Vestborg.

     

     

    Peru-kveld
    29-Nov-2018


    Misjonsprosjektleiarane Hanna Myklebust og Kristoffer Engås har vore i Peru. I førre veke arrangerte dei Peru-kveld. Der fekk Hanna og Kristoffer både fortelje om eigne opplevingar og meir om dei ulike prosjekta russen støttar.


    Like etter møtet fekk vestborg.no veksla nokre ord med dei. 

     

    - Sjølv om eg gledde meg til turen, vart opphaldet i Peru betre enn forventa. Vi veldig god informasjon om prosjekta våre, og vi fekk betre kontakt med peruanarane enn eg hadde trudd, seier Hanna. 

    Kristoffer hadde langt på veg den same oppfatninga. 

    - Det var ein veldig bra tur. Vi fekk sett på prosjekta våre på nært hald, og vi fekk vere saman med dei lokale. Dessutan fekk vi vere litt turistar. Mellom anna var vi på Titcacasjøen, fortel han. 

    PS! Nedanfor finn ein meir informasjon om dei ulike prosjekta til russ-19. Informasjonen er henta frå http://vestborgmisjon.no/, russen si misjonsprosjekt-heimeside.


    KVA VI VIL GJERE FOR PERU
     

    Evangelisering

    I Peru hjelp NLM kyrkjene med å effektivisere arbeidet i ulike menigheiter, slik at dei kan nå ut til enda fleire på kortere tid. Pastorar og kyrkjemedlemmer deltar med husbesøk og evangelisering, i tillegg til at kirkene driv ein misjonsradio. Dette ynskjer vi, saman med NLM å støtte.

     

    Utdanning

    NLM driv ein skule i Arequipa kor dei tilbyr treårig teologisk utdanning, i tillegg til at dei rundt om i landet har bibelskular, barneskular og nokre barnehagar. I Peru har det vore ein veldig klar nedgang i antal bibelskulestudentar, og NLM jobbar med at fleire skal få bibelundervisning.

     

    Samfunnsutvikling

    NLM arbeider med å minske vold i nære relasjonar, seksuelle overgrep, rusmisbruk og kriminalitet i Peru. Ein gong i året har folk i Peru moglegheita til å delta på ein familiekonferanse om ekteskap, barneoppdragelse og utdanning.

     

    Barne og ungdomsarbeid

    NLM ynskjer å utruste barn og unge til eit kristent liv gjennom forkynnelse og undervisning frå dei er små. Dei arbeider også for å minske avstanden mellom foreldre og born, når det kjem til verdiar og tru.

     

    Julemesse-glede
    26-Nov-2018


    På laurdag var det julemesse på tunet. I følgje Svein Lars Ringstad på kontoret kom det inn heile 140 000 kroner sjølve dagen. I tillegg kom det inn omkring 30 000 kroner i loddsal. Det førebelse talet er altså at det har kome inn kroner 170 000 i samband med messa!

    Rektor Håkon Hovda er strålande nøgd.


    -Eg er imponert over innsatsen som Vestborg-laget har lagt ned i samband med julemessa. Her har det vore stor bruk av innsats og tid! Og så var det så kjekt å sjå alle som kom for å støtte opp om skulen. Eg blir audmjuk over kva så mange gjer for både elevane og skulen.


    -Kva legg du i uttrykket audmjuk?


    -Eg opplever som rektor at eg får ta del i noko som er større enn meg sjølv – noko som gjer så mykje i livet til så mange menneske!


    -Kva synest du om summen som vart samla inn?


    -170 000 kroner er ein imponerande sum! For ein givarvilje og givarglede!

    Foto: VG3-elev Østen Olai Ommedal.



     

    «Å vere avhengig» - seminar ved Simon Morris
    21-Nov-2018


    Ungdomsleiar ved Vestborg, Simon Morris, har hatt seminar om det å vere avhengig. Seminaret vart halden fyrst for foreldra på haustfest-dagen. Sist veke haldt han seminaret for elevane.

    I løpet av den 90 minuttar lange økta peika han mellom anna på kva ein kan verte avhengig av, og han kom med råd i lys av Bibelen korleis handtere utfordringa det kan vere med å vere avhengig.

    VG3-elev Sigrid Kristin Thokle var veldig nøgd med seminaret.

    - Det var veldig bra. Simon er generelt inspirerande å høyre på. Han peika på kor lett det er å bli avhengig av ting, samt kor normalisert det har blitt. Mellom anna snakka han om ulike rusmiddel, men også mindre openberre ting som teknologi – noko som det er lett å rømme inn i. Elles fortalde han om seg sjølv; om traume frå eige liv som gjorde at han byrja å bruke rusmiddel, og at han hadde eit dårleg sjølvbilete. Det stabile grunnlaget fekk han fyrst då han møtte Jesus. Då fekk han aksept og grunnleggjande tryggleik. Noko av det eg sit att med etter seminaret, er at det er viktig med stabilitet i livet. Det gjer at ein ikkje så lett utset seg for dumme ting som til dømes rusmiddel, seier Sigrid.

     

    Julemesse på laurdag
    19-Nov-2018

     

    Laurdag 24. november vert det julemesse i gymsalen på Vestborg. Måndag vart 53 kransekakene sett opp, og vestborg.no fekk høyre at Vestborg-laget sin leiar, Bjørg Sve, takka foreiningsmedlemene for jobben dei hadde gjort. 

    - De har gjort ein kjempeinnsats og ein stor laginnsats. Her ligg det mange arbeidstimar bak, sa Bjørg.

    Vestborg-laget er ei kvinneforeining som har haldt koken i 40 år! Det er ikring 10 medlemer som er med i foreininga, og laget sitt føremål er å støtte Vestborg både i bøn og økonomisk. Medan dei har møter, førebur dei seg med å lage ting som vert seld på messa. 

    På biletet ser de den flotte gjengen som for Vestborg gir jernet heile året, men ekstra mykje no i november!


    PROGRAM FOR DAGEN

    Kl. 10.30 Messa opnar

    Kl. 11.30 Samling – sang av Mixkoret

    Kl. 13.30 Sal av rømmegraut m/spekemat (slutt kl. 14.30)

    Kl. 14.30 Allsangmøte med smak av jul

    Kl. 16.30 Avslutningsmøte – hovudtrekning

    Andakt ved Jon Ove Holen

    Sang av Allsangkoret


    Vi tilbyr for sal:
    Smurte lefser - kransekaker - småkaker - flatbrød

    gjærbakst – gåveartiklar - handarbeid

    ÅRESAL - KAFETERIA - TOMBOLA

    Vi har betalingsterminal.

     

    Flora Miro
    07-Apr-2016

    VG1-elev og tidlegare flyktning, Flora Miro, no busett i Volda, har ein annan bakgrunn enn dei fleste andre Vestborg-elevane. Bli betre kjend med jenta som har same morsmål som Jesus, nemleg arameisk.

    Flora har vekse opp i Irak. Delvis budde ho i Mosul, som ligg like ved oldtidsbyen Ninive, og delvis budde ho i Bagdad. Ho er arameisk og familien er kristen.

    – Vi vart forfølgde fordi vi var kristne. Muslimane var ute etter oss og kom med truslar. Dei gjorde også alvor av truslane, og mellom anna vart onkelen min kidnappa. Systera mi og eg kunne stå i timesvis i vindauget for å sjå etter pappa når han var på jobb, for vi var så redde for at noko galt kunne ha skjedd med han. Elles så var det ofte både bomber og skyting i rundt om i nabolaget. Striden mellom sunnimuslimar og shiamuslimar gjekk også utover oss. Det var fleire gonger det var nære på at det gjekk skikkeleg gale. Eg hugsar ein gong eg stod i brødkø, og ein mann i køen let meg få gå føre han. Då eg var ferdig i butikken, så gjekk eg inn i bilen. Vi hadde berre køyrt nokre få sekund før ein sjølvmordsbombar sprengte seg sjølv i lufta like utanfor butikken, fortel Flora.

    FLYKTA

    Til slutt valde familien å flykte. Fyrst flykta far til Flora, og etter ei lang reise gjennom Europa kom han til Noreg. Kona hans og dei to jentene flykta året etter til Syria. Der vart dei verande i eitt år før familien vart sameint igjen.

    – Eg hadde ikkje sett pappa på to år då vi landa på Ørsta/Volda-flyplassen. Det var så uendeleg godt å sjå han igjen, og det var så godt å kome til eit land der vi kunne føle oss trygge, seier ho.

    Flora var 11 år då ho kom til Noreg i 2010. Sjølv om det var trygt og godt å kome til landet i nord, så fall ikkje alle brikkane på plass.

    – Eg sakna så sårt venene mine i Irak. Det fellesskapet eg hadde med dei, fann eg aldri hos andre i løpet av barneskule- og ungdomsskuletida. Eg opplevde det som om eg stod utanfor og såg inn, skildrar ho.

    GUD HJELPTE

    I august 2015 byrjar Flora på Vestborg.

    – Eg lengta etter eit godt miljø og eit kristent miljø. Då eg fekk tilrådd skulen frå elevar som hadde gått her før, så kjende eg at Vestborg skulle verte min skule. Eg fekk også foreldra mine til å støtte valet etter å ha vist dei fleire artiklar frå «Tekjøkkenpraten» på vestborg.no. Derfor er det litt rart å plutseleg vere den som vert intervjua i «Tekjøkkenpraten» sjølv.

    – Korleis var det å byrje her?

    – Eg opplevde tidleg at miljøet var godt, men dei fyrste månadane hadde eg den same opplevinga som eg hadde i Volda: Nemleg at eg stod utanfor og såg inn, men etter kvart hjelpte Gud meg å skjøne at eg måtte gjere nokre grep sjølv for å få betre kontakt med medelevane mine. Etter å ha fått jobba aktivt med det, så lausna det smått om senn. No stortrivast eg, og eg opplever at eg kan setje meg med kven det måtte vere i matsalen, og likevel kjenne på at eg er «innanfor».

    FANTASTISKE LÆRARAR

    Ein periode vurderte Flora å verte utvekslingsstudent i USA etter at VG1 var over. Det er ikkje aktuelt no.

    – Vestborg er ein veldig bra skule med Jesus i sentrum og Bibelen i handa. Lærarane er heilt fantastiske. Dei er veldig flinke til å sjå kvar og ein både fagleg og sosialt. Eg har gått på ganske mange ulike skular, men eg har aldri før vore borti at absolutt alle lærarane er fantastiske. Her er eit døme: Det er viktig for meg å gjere det godt på skulen. Draumen min er å bli lege. Det faget eg slit mest med er engelsk, men faglærar Hanne Welle har sett seg ned med meg og saman har vi lagt ein konkret plan for korleis eg skal bli betre. Dessutan har skulen, med Ola Risa, Kristoffer Stige og Bodil Bø i spissen, lagt til rette for at vi elevane kan få hjelp med skulearbeid også etter skuletid. Eit anna døme er gymlærar Åshild Bogstad Stenberg. Eg har lenge ynskt å lære å stå på ski. Under skidagen like før påske ordna Åshild slik eg fekk lånt meg ski, og så lærte ho meg dei grunnleggjande teknikkane. I tillegg fekk vi så mykje god tid i lag at vi fekk oss ein lang og god prat om alt mogleg frå ski til Jesus. Elles har eg hatt mykje glede og nytte av å snakke med Margareth Engås. Ho er tilsett som kognitiv terapeut på skulen for å kunne ha samtalar med oss elevar, fortel Flora.

    – Etter å ha opplevd så mykje vondt og så lite tryggleik som du har gjort, kan det vere naturleg å tenkje seg at alt dette har sett spor. Kva tenkjer du om det?

    – Livet går opp og ned også for meg. Framleis er det stunder der eg skulle ynskt at livet var betre, men eg trur det er tre grunnar til at livet trass alt er godt. For det fyrste er det veldig trygt å vere elev på Vestborg og oppleve trygge og gode personar i både elev- og personalflokken. Men det er to ting som er endå viktigare. Eg har nokre fantastiske foreldre. Midt i alt det vonde familien har opplevd, så har dei tatt vare på meg og systera mi. Vi har følt på tryggleik, og dei har gjort alt for å beskytte oss. Noko av det eg har sett mest pris på, er bibelkveldane eg har hatt med mamma sidan eg var bittelita. Ho har fortald historiar frå Bibelen kvar kveld, og etter som eg vart eldre så har vi snakka saman om det vi har lese og vi har bedt i lag. Likevel er nok Gud den viktigaste årsaken. Midt i alt det vonde eg har opplevd, så har Han passa på meg og familien min. Han har bore meg gjennom alle vanskane, og Han har vist seg å vere kraftkjelda i livet mitt, slår Flora Miro fast.


Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no