siste nytt

Hospitant-dag
21-Nov-2017

 

Måndag var ein liten gjeng med 10. klassingar på Vestborg på hospitering. I løpet av dagen fekk dei ein smakebit på fagtilboda idrettsfag og studiespesialisering. Det var klatring og kin-ball i gymsalen, og i kjemitimen laga dei farga slim og såg på ulike vesker som skifta farge. Det var og ein time med sosialkunnskap som vart avslutta med rullator-løp i gymsalen.

Sjølv om det var hospiteringsdag på måndag, så er Vestborg si store rekrutteringshending kick-off. Helga 19.-21.1 så blir det her på tunet gratis bli-kjent-helg for alle som vurderer å gå på Vestborg.

Påmelding og program her:

Påmelding Kick-off helga  

Program for Kick-off helga

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Prosjektleiarane til Indonesia
14-Nov-2017

 

Markus held fram:

- Indonesia ser ut til å vere eit spennande land – med både jungel og storby. Å kome til Indonesia vert ein stor kontrast i høve til Stranda og Noreg.

 

Dei har fått tilsendt program, og allereie fyrste kvelden i Indonesia får dei ei utfordring.

- Då står det øgle og slange på menyen. Det gler eg meg til å smake, seier ein offensiv Markus.

 

Pengane som russen samlar inn skal gå til evangeliseringsarbeid, samt helse og utdanning.

- Det skal bli spennande sjå på nært hald kva vi samlar inn til. Eg vonar og trur vi får inspirasjon til å bli endå meir gira på prosjektet. Det vil også gjere at vi kan inspirere andre, seier Flora.

 

Dei ser også fram til å sjå korleis misjonærane jobbar og å vere med på gudsteneste.

 

- Det hadde også vore kjekt å få hjelpe til med til dømes evangeliseringsarbeid, seier dei.


Haustfesten
14-Nov-2017

På laurdag var det fest på tunet. Foreldre kom både kort- og langvegs frå for å vitje tunet. I løpet av dagen var det høvet til samtale med kontaktlærar, klassevise samlingar og seminar ved ungdomsarbeidaren vår, Simon Morris frå Wales. Han spurde: «Lever vi i ei kulturklemme?».

Under sjølve festen var det mellom anna song- og pianoinnslag frå elevar, fellessongar, humorinnslag og VestborgTV, informasjon om misjonsprosjektet, samt tale ved tidlegare vaktmeister ved skulen, Per Arne Sve. Han understreka at Gud kallar oss.

Påbyggelevane Heidi Kristin Hatle og Elias Storhaug losa oss på trygt vis gjennom festen.

 

Etterpå var det god mat å få frå eit prima kjøkken.



Julemessa på Vestborg er ein festdag!
14-Nov-2017

Laurdag 25. november vert det livleg på tunet. Vestborg-laget arrangerer julemesse. Bjørg Sve er ei av dei som trekk i trådane.

- Vi i Vestborg-laget har eit stort hjarte for skulen, og set stor pris på ha Vestborg i bygda. Skulen har mykje å seie for det kristne miljøet på Stranda, seier Bjørg.

 

Vestborg-laget førebur messa gjennom heile året.

- Vi ber for skulen – og vi har det kjekt og sosialt i lag. Tidsrekninga vår er før og etter messa.

I løpet av messa vert det sal av handarbeid, kransekaker, småkaker, lefser, flatbrød og gjærbakst.

- No gler vi oss til messa. Det er ein både hektisk og veldig triveleg dag. Det kjem til å bli god stemning. Ja, julemessa på Vestborg er ein festdag! seier ho.

 

Programmet:

10.30: Messa opnar
11.30: Mix-koret med Margareth Engås som dirigent har minikonsert
13.00: Stranda Soulchildren syng
13.30-15.00: Sal av rømmegraut
15.00: Allsongmøte og Stordal barnekor
16.30: Avslutningsmøte der Oddbjørn Brunstad talar og Roger Lillebø syng. Hovudtrekning

Heile dagen vert det kafé, loddsal og tombola – samt sal av handarbeid, kransekaker, småkaker, lefser, flatbrød og gjærbakst.


Personalet på storsamling
10-Nov-2017


Førre veke hadde elevane fri. Årsaka var at personalet reiste til Lundeneset vgs i Ølensvåg, på grensa mellom Hordaland og Rogaland. På Lundeneset var det samling for personalet ved alle dei 11 NLMvgs-skulane. Til saman var det nesten 400 personar på samlinga!

I løpet av dagane på Lundeneset var det mellom anna seksjonsvise samlingar – inndelt etter kva stilling ein har og kva fag ein underviser i. Det var ulike seminar, og det var møter der forkynnar Wenche Lunde hadde talane.

Alt i alt var det gode dagar – der ein kunne på nært hald oppleve at ein som Vestborg-tilsett er ein del av eit større heile.

På biletet kan ein sjå dei fleste i Vestborg-personalet like før avreise frå Lundeneset førre fredag.


 

Haustfest
31-Oct-2017

Laurdag 11. november er det haustfest på tunet.

Alle er velkomne!

Her er programmet for dagen:

Kl 1100-1400: Samtalar mellom foreldre, evt elevar, og kontaktlærar på tilviste rom. (Ta gjerne konkakt med «din» kontaktlærar på førehand og avtal tid.
Kl 1330-1430: Flexi-middag for alle.
Kl 1430-1530: Seminar med ungdomsarbeidaren vår, Simon Morris frå Wales, i møtesalen.
Kl 1545-1630: Klassevise samlingar med foreldre og elevar for VG1 og VG2.

Kl 1700: Fest i gymsalen.

HalloVenn-suksess
31-Oct-2017

 

Måndag kveld var det 43 born frå bygda som var i full aktivitet i gymsalen. Elevar på skulen hadde kledd seg ut og var aktivitetsleiarar. Nedanfor får kan du sjå nokre glimt frå arrangementet.

 

 

 

Hospiteringsdag
30-Oct-2017

 

Måndag 20. november er du som vurderer å byrje som elev på Vestborg veldig velkomen. I løpet av denne hospiteringsdagen vil du få innblikk i korleis det er å vere elev ved skulen vår.

 

 

HOSPITERING MÅNDAG 20. NOVEMBER

09.30: Avreise med rutebuss frå Moa.

10.55: Velkomen i salongen, i matsalbygget Slogen. Her vert det info om skulen og deretter omvisning.

12.05: Skulen spanderer enkel lunsj i matsalen.

12.35: Vestborg-undervisning (deler gruppa i 2)

Gruppe 1: IDRETTSFAG

Klatring og Kin-ball med Åshild.

Ta med kle til gymsal.

Gruppe 2: STUDIESPESIALISERING

Kjemi med lektor Strand

Vi fyller klasserommet med elefanttannkrem :-)

Sosialkunnskap med cand. mag. Stokken

Undervisning om ulike alderssegment. Avslutter med rullatorløp!

14.45: Leiken  Stratego i Storfjorden.

15.45: Hospiteringsdagen er slutt. - Gratis middag

Dersom du skal tilbake til Moa, kan du reise med buss kl 16.55 som går via Sykkylven. Då er du på Moa kl 18.20

NB! For å understreke at det er viktig på Vestborg å vere «på» i timane, så vil vi arrangere ein quiz. Spørsmåla vil vere relaterte til informasjon som blir gitt i løpet av dagen. Vinnaren vil få eit gratis dagskort på Strandafjellet skisenter i premie.

 

PÅMELDING til: info@vestborg.no, eller ring 70263900.


 

 

HalloVenn på Vestborg
27-Oct-2017

Russen inviterer born i alderen 3-12 år til HalloVenn-selskap på tunet.

Selskapet vert arrangert måndag 30.10. frå klokka 17.30 til 20.00 i gymsalen.

Ideen til arrangementet kom frå Mathea Bjørklund (til høgre på biletet).

- Heime i Drammen arrangerer vi HalloVenn i Filadelfia. Det har vore så positivt at eg tenkte det kunne vere kjekt å få til også her på Vestborg, seier ho.

Mathea skal på mørkekøyring denne kvelden, så ho dukkar ikkje opp på arrangementet. Det gjer derimot Karoline Myskja (til venstre på biletet) og fleire andre i russen.

I følgje arrangementskomiteen kostar det kroner 50,- å kome inn, men det inkluderer gratis godteri som borna kan erverve seg gjennom å delta på aktivitetar. Eit døme på aktivitet under samlinga er godteri-fisking.

Det vert også sal av kaker og mat under HalloVenn-arrangementet.

Påmelding til 46223760.


Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no