siste nytt

Skule-på-hjul 2019
07-Jun-2019


-Det var veldig kjekt!

Det seier Benedichte Kandal om skule-på-hjul-turen. I førre veke var elevane i VG1-elevane i verdsarv-området i Geiranger. Tysdag var dei på garden Skageflå, overnattinga var på Hesthaug gard i Eidsdal og onsdag var det vitjing på Norsk Fjordsenteret i Geiranger.


-På Skageflå var det veldig kjekt å få innblikk i korleis det var å leve der. Vi fekk høyre om gardane, og vi fekk høyre om korleis dei hjelpte kvarandre. Eg innser at det er ein veldig tydeleg skilnad på før og no.


-Korleis var onsdagen?


-Då var vi på fjordsenteret. Der var det veldig spennande, og vi fekk sett endå meir korleis folk levde før. Verdsarv-området er eit vakkert landskap som vi må ta vare på.


Benedichte summerer opp turen på fylgjande vis:


-Vi hadde eit bra fellesskap på turen, og det var kjekt å få oppleve alt dette i staden for å sitje i eit klasserom.

 

Dokø
24-May-2019



Då vestborg.no sin faste journalist skulle inn på personaltoalettet fredag, vart han møtt av dette synet!


Misjonsløpsuksess!
24-May-2019



Benedikte Samseth i russen kunne på morgonsamlinga fredag fortelje at misjonsløpet samla inn heile 159 872,-

I eit intervju etterpå seier Benedikte:


-No er eg veldig glad. Eg er stolt over medelevane mine, og vi har fått eit kjempebra resultat!


-Kva no?


-No gler vi oss til avslutningsfesten. Personalet har lova eit innslag på festen dersom vi samla inn meir enn 140 000.


Eksamensdagar
23-May-2019


Russetida er slutt og på Vestborg er ein inne i eksamenstida.

Onsdag stakk vestborg.no innom like før eksamensstart klokka 09. Då var ein gjeng oppe i norsk sidemål. I dag, torsdag, er den store eksamensdagen. Alle elevar i VG3 og påbygg har då eksamen i norsk hovudmål.

Ulike skriftlege eksamenar vert haldne no framover. Mot slutten av den fyrste veka i juni vert dei fyrste munnlege eksamenane haldne.

 

Velkomne til dugnad!
16-May-2019

 

Laurdag 22. juni er det dugnad på Vestborg-tunet. Alle er velkomne til å ta i eit tak! 

Til tidlegare elevar: Kunne det vere ein idé å lage ein mini-reunion for kullet ditt?
Kva om de samlast ein gjeng og var i lag anten før eller etter sjølve dugnaden?

Vaktmeister Trygve Habostad er dugnadsleiar. Han treng mellom anna hjelp til malingsarbeid ute og inne, reinse bedd og rydde i kratt. Dessutan skal det ryddast i sandvolleybanen og golv skal bonast.

Skulen lokkar med god og varm lunsj.

Velkomen til dugnad 22. juni mellom klokka 09 og 1530.

Gje gjerne eit hint om du kjem til Trygve: thabostad@vestborg.no

 

Misjonstivoli 2019
16-May-2019


Borna i bygda var denne veka inviterte til misjonstivoli på Vestborg. Det var russen som arrangerte, og det var mange glade andlet å sjå ved dei ulike aktivitetane.

Misjonsprosjektleiar for russen, Kristoffer Tennfjord Engås, fortel kvifor russen dreg i gong tivoliet:


-Dette er ein tradisjon som russen på Vestborg har gjort i mange år. Vi gjer det fordi vi vil spreie glede og fordi det gir inntekter til misjonsprosjektet vårt, seier han.


Då vestborg.no vitja arrangementet, var det nokre gutar som var veldig ivrige på å bli intervjua.


-Korleis er det å vere på misjonstivoli?


-Veldig bra, kjem det som svar, medan ein tommel kjem i veret.


-Veldig bra og tommelen opp? spør journalisten.


-Veldig GØY og TO tomlar opp!






 

Misjonsløpet 2019
07-May-2019



-
Misjonsløpet er eit veldig bra konsept, seier Vg2-elev Håvard Remmereit frå Torvikbukt.

Det heile går ut på at Vestborg-elevane spring, syklar, rulleskøyter eller går i 60 min. På førehand har dei fått personar som sponsar dei. Sponsinga kan vere anten eit fast beløp eller eit bestemt beløp for kvar runde eleven spring. Mange elevane viser seg også frå ei ekstra kreativ side under misjonsløpet. Mellom anna var både «Brødrene Dal» og «Sommarfuggel i vinterland», samt det var eit eldretreff, på Stranda stadion i dag.

-Dette er ei viktig inntektskjelde for misjonsprosjektet. Det er den viktigaste inntektskjelda for prosjektet. Uansett kor mykje kvar sponsor legg i potten, så vert det ein god sum til slutt – sidan sponsorane er så mange. Her kjem ordtaket «mange bekker små gjør en stor å» til sin rett, seier Håvard.

-Korleis gjekk det med deg under løpet?

-Det var tungt. Vi sprang nesten i snøstorm. Elles var det ikkje heilt samsvar mellom viljen og ankelen i dag. Viljen var der, men ankelen ville ikkje spele på lag.

PS! Etter rapportane var det VG3-elev Anders Osdal som hadde flest rundar. Han skal ha sprunge 38 rundar á 375 meter på 60 minutt – noko som blir 14 km totalt. Sjølv så meiner han at rundetalet må vere noko lågare.






ROMA!
06-May-2019

 

VG2-elevane har kome attende frå skuleturen til den evige stad. Turen vart annleis grunna pilotstreiken, men Plussreiser i Ålesund stod på og fekk gjengen både trygt sørover og tilbake igjen.

Mellom anna vart det eit døger ekstra i Roma, noko som gjorde at alle kom seg til kystbyen Stella Polare – og mange elevane nytta høvet til å bade.

Katrine Myrseth frå Sykkylven var ei var ei av mange som var nøgde med turen.

-Dette har vore ein tur der alle har vore med alle, seier ho.

-Kva har høgdepunkta vore?

-For meg så var det Peterskyrkja og Colosseum. Me var også i mange flotte kyrkjer som hadde kjempefin utsmykking. Særskilt var eg imponert over dei innvendige taka. Korleis i all verda har dei fått det til å gjere det så fint?

I tillegg til å lære historie og kristendom frå Roma, så fekk elevane noko fritid.

-Vi har klart oss veldig bra, og vi har tatt omsyn til kvarandre sine ynskje kvar vi skulle gå. Eg har saman med andre kosa meg på kafé og har fått ete is. Dessutan var det skikkeleg kult å oppdage at eg kunne snakke spansk og samstundes kommunisere med italienarar. Det hadde eg ikkje sett føre meg på førehand. Eg hugsar spesielt at det var kjekt å snakke med eit eldre ektepar vi kom i kontakt med.

-Korleis påverka pilotstreiken dykk?

-Vi måtte dra frå Vestborg til Gardermoen med buss om natta istadenfor å ta fly dagen etter. Elles var det litt dumt at klassen vart splitta opp i ulike grupper mellom Gardermoen og Roma. Gruppa mi var også litt uheldig med bagasjen, så den kom fyrst til hotellet to dagar for seint.


 

Fjell-løpar og miljøarbeidar Jonas fekk kr 50 000 i stipend!
26-Apr-2019

Torsdag kveld var det galla med kledekoden dress og kjole i Terminalen i Ålesund. Sparebanken Møre delte ut stipend til 16 unge utøvarar i regionen. Desse utøvarane har kome ekstra langt innanfor den aktiviteten dei har vald å satse på. Det vere seg innan idrett, musikk eller kunst.

Av ikring 100 søkjarar på dette TEFT-stipendet frå Sparebanken Møre, så var Vestborg sin miljøarbeidar, Jonas Hesthaug, ein av dei 16 utvalde. Stipendet han fekk var på heile 50 000 kroner.

Jonas sin aktivitet er fjell-løp, også kalla sky-running. Eit døme på fjell-løp er Hornindal rundt – eit løp opp og ned av ulike fjell over 75 km! I fjor vart Jonas nr 2 etter å ha sprunge i 10 timar i strekk!


I august er han ein av seks norske utøvarar som skal vere med i junior-VM i Italia. 


Miljøarbeidarjobben let seg kombinere på godt vis med satsinga på løping. Han trenar på føremiddagen medan elevane er på skulen, og saman med Simon Morris og Åshild Remmereit i miljøteamet, så gjer han ein veldig god jobb inn mot elevane på kveldstid og i helgar. 

 

Dei var ein overvelda Jonas som kunne ta i mot stipendet av banksjef i Norddal, Stein Ivar Krohn. Etter at gallaen var over sette Jonas ord på opplevinga.


-Dette er heilt uverkeleg!


-Kva legg du i det?


-Eg kjenner til nokre av dei andre som har fått stipend, og dei presterar på eit veldig høgt nivå. Det er nesten vanskeleg å forstå at eg er rangert like høgt som dei!


-Kva bruker ein 50 000 kroner på?


-Dei vil til dømes gå til å dekkje utgifter i samband med konkurransar i utlandet, mellom anna vil eg vere med i verdscupen. Eg vil også med denne støtta kunne finansiere utgiftene ved å ha trenar, samt utstyrsutgifter.


 

Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no