siste nytt

Julemesse-glede
26-Nov-2018


På laurdag var det julemesse på tunet. I følgje Svein Lars Ringstad på kontoret kom det inn heile 140 000 kroner sjølve dagen. I tillegg kom det inn omkring 30 000 kroner i loddsal. Det førebelse talet er altså at det har kome inn kroner 170 000 i samband med messa!

Rektor Håkon Hovda er strålande nøgd.


-Eg er imponert over innsatsen som Vestborg-laget har lagt ned i samband med julemessa. Her har det vore stor bruk av innsats og tid! Og så var det så kjekt å sjå alle som kom for å støtte opp om skulen. Eg blir audmjuk over kva så mange gjer for både elevane og skulen.


-Kva legg du i uttrykket audmjuk?


-Eg opplever som rektor at eg får ta del i noko som er større enn meg sjølv – noko som gjer så mykje i livet til så mange menneske!


-Kva synest du om summen som vart samla inn?


-170 000 kroner er ein imponerande sum! For ein givarvilje og givarglede!

Foto: VG3-elev Østen Olai Ommedal.



 

«Å vere avhengig» - seminar ved Simon Morris
21-Nov-2018


Ungdomsleiar ved Vestborg, Simon Morris, har hatt seminar om det å vere avhengig. Seminaret vart halden fyrst for foreldra på haustfest-dagen. Sist veke haldt han seminaret for elevane.

I løpet av den 90 minuttar lange økta peika han mellom anna på kva ein kan verte avhengig av, og han kom med råd i lys av Bibelen korleis handtere utfordringa det kan vere med å vere avhengig.

VG3-elev Sigrid Kristin Thokle var veldig nøgd med seminaret.

- Det var veldig bra. Simon er generelt inspirerande å høyre på. Han peika på kor lett det er å bli avhengig av ting, samt kor normalisert det har blitt. Mellom anna snakka han om ulike rusmiddel, men også mindre openberre ting som teknologi – noko som det er lett å rømme inn i. Elles fortalde han om seg sjølv; om traume frå eige liv som gjorde at han byrja å bruke rusmiddel, og at han hadde eit dårleg sjølvbilete. Det stabile grunnlaget fekk han fyrst då han møtte Jesus. Då fekk han aksept og grunnleggjande tryggleik. Noko av det eg sit att med etter seminaret, er at det er viktig med stabilitet i livet. Det gjer at ein ikkje så lett utset seg for dumme ting som til dømes rusmiddel, seier Sigrid.

 

Julemesse på laurdag
19-Nov-2018

 

Laurdag 24. november vert det julemesse i gymsalen på Vestborg. Måndag vart 53 kransekakene sett opp, og vestborg.no fekk høyre at Vestborg-laget sin leiar, Bjørg Sve, takka foreiningsmedlemene for jobben dei hadde gjort. 

- De har gjort ein kjempeinnsats og ein stor laginnsats. Her ligg det mange arbeidstimar bak, sa Bjørg.

Vestborg-laget er ei kvinneforeining som har haldt koken i 40 år! Det er ikring 10 medlemer som er med i foreininga, og laget sitt føremål er å støtte Vestborg både i bøn og økonomisk. Medan dei har møter, førebur dei seg med å lage ting som vert seld på messa. 

På biletet ser de den flotte gjengen som for Vestborg gir jernet heile året, men ekstra mykje no i november!


PROGRAM FOR DAGEN

Kl. 10.30 Messa opnar

Kl. 11.30 Samling – sang av Mixkoret

Kl. 13.30 Sal av rømmegraut m/spekemat (slutt kl. 14.30)

Kl. 14.30 Allsangmøte med smak av jul

Kl. 16.30 Avslutningsmøte – hovudtrekning

Andakt ved Jon Ove Holen

Sang av Allsangkoret


Vi tilbyr for sal:
Smurte lefser - kransekaker - småkaker - flatbrød

gjærbakst – gåveartiklar - handarbeid

ÅRESAL - KAFETERIA - TOMBOLA

Vi har betalingsterminal.

 

Hospiteringsgjestar
14-Nov-2018


Måndag var det hospitering på tunet. Ein flott gjeng med 10. klassingar tok turen for å ta skulen i litt nærare augesyn.

I løpet av dagen fekk dei tilbod om å vere med i ulike fag som sosialkunnskap og kjemi, samt å få ein smakebit av korleis det er å gå på idrettslinja.

Det vart også rom for å informasjon om skulen ved rektor Håkon, samt omvising på området av Vestborg-ambassadørane – ei lita gruppe av elevar som har eit særskilt ansvar inn mot elevrekruttering.

Hospiteringsøkta vart avslutta med middag i saman med skulen sine elevar. Då vestborg.no stakk innom såg det ut til at gjestane var nøgde med både dagen og det å bli kjende med kvarandre.

Seinare denne veka er det venta fleire hospiteringsgjestar.

 

Haustfest på tunet
10-Nov-2018


Laurdag var det stor aktivitet på Vestborg. Foreldre og elevar hadde samtale med kontaktlærar, det var seminar med ungdomsleiar Simon Morris om det å vere avhengig, og det var klassevise samlingar.

Klokka 17 byrja festen, som vart leia på ein trygg og god måte av VG3-elevane Benedikte Samseth og Anders Osdal. I tillegg til helsing frå rektor fekk vi biletkavalkade, allsong, saksofondans og fin song av elevane Lisa Ertresvåg og Sofie Yri Aaberg. Det vart også videohelsing frå Hanna Myklebust og Kristoffer Engås. Dei er misjonsprosjektleiarar og er for tida er i Peru og blir betre kjend med arbeidet som russen støttar.

Andakta vart halden av tidlegare miljøarbeidar på Vestborg, Katrine Numme. Ho er no ungdomsarbeidar i Sykkylven kyrkje. I andakta hadde ho Salme 46.11 som tema: «Kjenn at eg er Gud».

Etterpå var det festmat tillaga av kjøkensjef Dana & co.

 

Leksehjelp
08-Nov-2018

 

Kvar måndag og tysdag stiller matematikk-lærar Ola Risa opp etter middag og tilbyr leksehjelp. Ola fortel at sjølv om han er mattelærar, så jobbar også elevane som kjem med andre fag.

Då vestborg.no var innom, fekk vi høyre frå leksehjelpgruppa.

- Det er utruleg bra det Ola gjer. Ja, det er imponerande den måten han stiller opp for oss på!

 

Haustfestdag
06-Nov-2018


Laurdag 10. november er det haustfest på tunet. 


Her er program for dagen:

1100-1430: Samtaler med kontaktlærar på tilviste rom

1330-1430: Fleximiddag for alle

1430-1530: Seminar for foreldre ved ungdomsleiar Simon Morris (i møtesalen)

1545-1630: Klassevise foreldre- og elevsamlingar for VG1 og VG2.

1700: Haustfest

 

Misjonsprosjektleiarane til Peru!
01-Nov-2018


Tysdag 30. oktober drog russeprosjektleiarane Hanna Myklebust og Kristoffer Tennfjord Engås til Peru i Sør-Amerika.

vestborg.no fekk ein liten prat med dei like før avreise.

Vi dreg med forventningar om å få sjå arbeidet som russen støttar; utdanning, barne- og ungdomsarbeid, samfunnsbyggjande familieprosjekt og evangelisering. Det skal også bli kjekt å sjå landet og få oppleve ein annan kultur. Dessutan vonar vi at vi blir inspirerte til å inspirere andre til å samle pengar inn til prosjektet i Peru, fortel Kristoffer.

Hanna legg til:

- Eg ser også fram til å få innblikk i korleis kvardagen til misjonærane er, og det hadde vore kjekt om vi blei kjende med dei lokale kristne, seier ho.

 

HalloVenn
31-Oct-2018


Måndag arrangerte russen HalloVenn for born her på Vestborg. Jenny Justine Nystad var ansvarleg for arrangementet.

HalloVenn er eit alternativ til halloween der ein legg mellom anna legg vekt på å byggje venskap.

- Fortel om HalloVenn på Vestborg.

- Vi har invitert ungar frå heile bygda, og sist eg talde var det 40 ungar som var her. Dei betalar 75,- og kan då vere med på aktivitetar som godterifiske, bowling, blåse-fotball og bottle-flip. I premie får dei smågodt. Dei blir følgde av foreldre, og difor har vi laga til ein liten kafé der foreldra kan få seg ein matbit, seier Jenny.

Då vestborg.no var innom, var det mykje glede og stort engasjement å sjå blant borna, men også elevane som hjelpte til med arrangementet.


 

Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no