siste nytt

Jubilanttreff
13-Sep-2018

I helga var det jubilanttreff på Vestborg.

Her kan du sjå bilete frå dei ulike kulla:

10-årsjubilantar: Første rad, f. v.: Haakon Arne Espelund, Ole-Peter Sæther, Cathrine Rogstad Behrentz, Ruth Iren Tronstad, Palma Kristin Larsen og Nancy Frisvoll Rogne.

Bakerste rad, f.v.: Andreas Hjelme, Thomas Trøen, Ole Petter Stenberg, Lars-Petter Ødegård og Eyvind Volle.

 



20-årsjubilantar: F. v.: Marita Blindheim Bjerkestrand, Marte Tolo Skjong, Jon Håvard Grønbeck og Sigrid Johanne Hovda.

 



40-årsjubilantar: F. v.: Jon Roald Sandvik og Lisbeth M Moltu Espeseth.

 



50-årsjubilantar: F. v.: Eldrid Johanne Gjerde, Ingunn Bruaset Austnes, Solfrid Hoksnes Bjerkestrand, Norunn Notanes Riksheim, Hilde Sylte Baltzersen, Marie Karin Eik, Ingunn Kvalsvik Worren, Ansgar Misund, Roar Skoglund, Anne-Lise Aambakk Karlsen, Johan Sigfred Kristengård, Magnar Austnes, Tordis Sundgot Urke, Anne Sporsheim Røed, Bodil Karin Skodje Skjegstad, Randi K Sporsheim Røstberg, Magne Roar Jacobsen, Oddleif Bjerkestrand og Knut Arild Eiknes.

 

 

 

 

 

 


Seminar om grensesetting og seksualitet
06-Sep-2018


Grete Yksnøy Martinsen og Eivind Sætre har ansvar for sjelesorg og retteleiing i NLM. Torsdag denne veka var dei på tunet for å snakke om grensesetting og seksualitet.

I skuletida var alle elevane samla for felles innføring i temaet. Deretter gjekk gutane saman med Eivind og jentene saman med Grete. I gruppene fekk jentene fortelje kva gutane burde vite – og omvendt. I samlinga etterpå var alle samla igjen, og bodskapen frå kvar gruppe vart gjeven til den andre gruppa.

På ettermiddagen var det personalsamling. Der fekk Grete og Eivind vektleggje kva som var viktig for å vere ein god rollemodell i møte med dei unge.

I timen før kvelds var det «grillmøte» der elevar kunne stille spørsmål om ting dei lurte på til Grete og Eivind.

 

Miljøkveld for VG1
04-Sep-2018

 
Tysdag kveld var VG1-gjengen samla i salongen for å bli betre kjend. Miljøarbeidarane Åshild Remmereit og Jonas Hesthaug, samt ungdomsleiar Simon Morris hadde ansvaret for samlinga. 

 

Då vestborg.no stakk innom var gjengen i full gang med leiken «4 mann i sofaen». Neste aktivitet var «2 sanningar og ei løgn». Elles var det sett fram snacks.

VG1-elev Marlene Isfrid Stave Klokk sette pris på arrangementet.

Dette er ein gøy kveld. Det er ikkje ofte berre vi i VG1 er samla på fritida, men det er kjekt å vere i lag når vi fyrst gjer det. Her blir vi betre kjend, og leikane me held på med er kjekke, seier Marlene.


 

Tekjøkkenpraten: Miljøarbeidar Jonas Hesthaug
03-Sep-2018

 

Jonas var russ ved Vestborg i 2016, og han fortel det er tre årsaker til han ville attende.

- For det fyrste hadde eg tre veldig bra år som elev på Vestborg, og eg kunne tenke meg å vere her meir. Draumen var å kunne leve og bu på skulen UTAN å ha lekser. For det andre ville gjerne ha innblikk i korleis det var å vere personal ved skulen. Årsaka til det er at eg vurderer å bli lærar. For det tredje opplevde eg at har blitt leia av Gud. I vår ba eg om svar på kva eg skulle bruke skuleåret 2018/19 til. Same natta drøymde eg at eg var i møtesalen på Vestborg og blei klappa fram og presentert som miljøarbeidar. I førre veke skjedde akkurat det same som i draumen, så det var veldig kult! seier han.

- Kva gjorde dei tre åra som Vestborg-elev med deg?

- Det var veldig mykje, og det har vore dei tre åra eg har vakse mest som person. Eg fekk meir tru på meg sjølv, og eg fekk ei sterkare tru. Når det gjeld det sosiale, så lærte tida på Vestborg meg mykje om korleis eg bør oppføre meg saman andre og samtale med andre.

Førre året var han på andre sida av jordkloda. Då gjekk han disippeltreningskule i regi av Ungdom i oppdrag på New Zealand.

- Der lærte eg å leve meir som ein læresvein av Jesus. Dei fyrste tre månadane var eg på skulen i New Zealand. Etterpå var eg i misjonspraksis i 1 ½ veke i Australia før eg var på Papa Ny-Guinea i to månadar.

- Kva sit du igjen med etter desse månadane?

- Fyrst og fremst opplevde eg den krafta som vi kristne kan ha gjennom Den heilage Ande. Denne krafta fekk eg vere med å setje ut i praksis fleire gonger. Eg opplever at eg ikkje treng å vere redd av di Gud er med meg. Fleire gonger opplevde eg overnaturlege ting som ikkje kan forklarast på naturleg vis. Mellom anna var det ein av leiarane som var døden nær av di han hadde fått bakteriar i blodet. Då vi bad for han forsvann brått ein svulst han hadde og så blei han heilt frisk. Eg såg at menneske blei rørt av Gud. Då vi var på Papa Ny-Guinea og hadde møte, så blei det ei vekkjing. Det gjorde at landsbyfolket vedtok å skifte namn på landsbyen frå Bola, som tyder øydeleggjing, til Bella, som tyder sameining med Gud.

Eidsdalingen ser fram til miljøarbeidaråret.

- Eg trur det blir veldig bra. Det er og skal bli kjekt å bli kjend med nye, og eg vil gjere mitt for at andre skal ha det bra på skulen denne vinteren. Eg trur også eg vil vekse andeleg gjennom det kristne arbeidet eg er med å ha ansvar for. Dessutan vil det vere spennande å følgje den nye idrettslinja.

Jonas er i ferd med å bli litt sånn småkjendis på Sunnmøre. Han gjer det nemleg veldig godt i fjell-løp og motbakkeløp.

- Ein del av fritida mi kjem til å gå med til å trene. Eg trenar nesten kvar dag, og i snitt er treningsøktene mine på ikring 1 ½ time.

Som miljøarbeidar får han ete saman med elevane, men han ser at det kan vere lurt å utvide kunnskapsbasen sin.

- Eg har i tankane at eg bør lære meg å lage mat.

 

Vass-krig
28-Aug-2018

 

I dag var det sol – men veldig vått – på tunet. Russen og VG1-elevane hadde nemleg sin årlege vasskrig.

Her kjem nokre bilete.









 

Bli-kjent-dag
20-Aug-2018

 
Sundag var det «62 grader Nord» på Vestborg. Med god hjelp av personalet hadde ungdomsleiar Simon Morris sett opp ei aktivitetsløype med mange ulike postar. 

 

Elevane vart delte inn i grupper og fekk prøve seg i til dømes luftgeværskyting, sandslottbygging og vektberekning – samstundes som samarbeid stod i fokus. På bileta kan ein sjå frå posten der ein skulle fylle vatn i ei pipe med hol på sidene.

Ein av postane var å lage underhaldningsinnslag på samlingsfesten om kvelden. Dei siste bileta er henta frå denne samlinga – med vinnarlaget frå konkurransen på det siste biletet.




















 

Skuleåret er i gong!
18-Aug-2018

 

Laurdag var det opningsdag på Vestborg. I tillegg til «innsjekking» for elevane, så var det klassevise samlingar for elevar og foreldre før opningsfesten. 

 

Under sjølve festen blei festlyden betre kjend med Håkon Hovda, vår nye rektor. Han kom med ei helsing. I helsinga sa han at han ynskte at Vestborg skulle vere ei trygg hamn for elevane.


Elles hadde leiar i region Nordvest, Jon Ove Holen, andakt. Holen peika mellom anna på at ein ikkje kan snakke nok om nåde. 

 

Lærar Åshild Bogstad Stenberg leia oss gjennom festen på ein klår og god måte, medan eit lovsongsteam av elevar og miljøarbeidar Åshild Remmereit tok ansvaret for allsongen.

Etter festsamlinga i gymsalen var det fest i matsalen med sedvanleg nydeleg Vestborg-festmat tillaga av kjøkkensjef Dana Rudusa & co.

I kveldinga møtte dei nye elevane fadrane sine til aktivitetar i gymsalen. Då vestborg.no stakk innom var dei i full gang med stikkball.

 

Opningshelg
17-Aug-2018



I helga er det opningshelg her på Vestborg.

Her kjem informasjon om programmet:

 
LAURDAG 18. AUG:
Frå kl.1100: Tildeling av rom/utdeling av nøklar. (I inngangspartiet ved gym-salen)
1400-1500: Fleksibel middagsservering (for alle). (Gje melding til skulen om behov for diettmat.)
1630: Klassesamlingar for elevar og foreldre. Møte m/kontaktlærar, rektor, rådgjevar og internatleiar.
Fotografering til biletguiden.
1800: Opningsfest i gymsalen
Festen er open for alle; ta gjerne med både foreldre, søsken og den du vil. Variert program. Mat til slutt.
(Gje melding til skulen om behov for diettmat.)
2130: Nye elevar og fadderar møtest i gymsalen.

SØNDAG 19. AUG:
Denne dagen tel som 1 skuledag. Det skal bli ein hyggeleg bli-kjent-dag med ulike aktivitetar og felles måltid.
Oppmøte klokka 11 ved Slogen (gymsalbygget)

MÅNDAG 20. AUG:
Ordinær skuledag.

Nytt skuleår - nye i personalet
15-Aug-2018

Også denne hausten er det nye andlet i personalet. 


På biletet ser ein Åshild Remmereit stå bak. Ho er frå Torvikbukt på Nordmøre og var russ på Vestborg i 2017. Førre skuleår gjekk ho på Fjellhaug bibelskole i Oslo. 

Sitjande til venstre har vi Anders Nybakk. Han kjem frå Nord-Odal i Hedmark. Dei siste åra har han jobba på ungdomsskulen i Volda. Han skal undervise i aktivitetslære, kroppsøving og naturfag. I tillegg vert han kontaktlærar for idrettslinje-elevane.

Til høgre ser ein Håkon Hovda. Han er frå Lesjaskog ved Bjorli, og han kom frå jobben som lærar ved Ålesund vidaregåande skole. Håkon skal vere rektor for oss dei to åra Geir Magne Engås har permisjon, men han skal også undervise i engelsk.

I tillegg er Jonas Hesthaug ny i personalet. Han var også Vestborg-russ i 2017, og førre skuleår gjekk han på Ungdom i oppdrag-disippeltreningskule på New Zealand. Jonas er frå Eidsdal her på Sunnmøre. Saman med Åshild skal Jonas vere miljøarbeidar. Han var ikkje til stades då biletet var teke.

 

Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no