Tekjøkkenpraten

Styreleiar Mons-Olav Walgermo
04-Feb-2016

– Eg har berre lovord om korleis Vestborg vert driven, seier styreleiaren for skulen.

Mons-Olav er busett på Sjøholt og er no pensjonist. Før han gjekk av var han rektor på Sjøholt skule. Det var ein skule som leverte resultat blant dei 10 beste skulane i landet på dugleikar medan Mons-Olav arbeidde som rektor. Han har elles no vore styreleiar for Vestborg dei siste 3 ½ åra.

– Det er utruleg kjekt å vere styreleiar for skulen. Vervet gir meg innsyn i skuledrifta, og eg har berre lovord å seie om måten skulen vert driven på. Eg er imponert over kva ein har fått til når det gjeld til dømes miljøet og det faglege. Det gler meg også å sjå kor samstemte og glade personalet ved skulen er. Eg har også lagt merke til korleis administrasjonen ser medarbeidarane sine og gir dei tillit, seier Mons-Olav.

Vidare fortel han:

– Eg har følt ein stor grad av tillit til skulen. Årsaka til det fordi eg ser kor godt ein greier å handtere utfordringar som dukkar opp. Då tenkjer eg til dømes på det økonomiske sida. Der har Geir Magne rektor vore veldig god på å ha løysingar klare når økonomien har stramma seg til. Skulen har også fått ned fråveret veldig mykje dei siste åra. Dei tiltaka som vart sett i verk for nokre år sidan for å få ned fråveret, såg eg var så gode, at dei tok eg med meg til eigen skule, smiler han.

Styreleiaren ynskjer elles at Vestborg får halde fram i same sporet som ein allereie går i.

– Eg vonar inderleg at skulen blomstrar vidare. Vi treng Vestborg på Sunnmøre. Ja, heile utdanningssystemet treng Vestborg. Det å drive internat er krevjande, men når det fungerer så er det utruleg bra for ungdomane. Dei får mykje gratis når det gjeld utvikling av personlegdomen ved å bu så tett saman med andre. Elles har Vestborg ein tydeleg kristen profil som samfunnet vårt treng no når det offentlege skulen har blitt meir og meir utydeleg på kristne verdiar, avsluttar styreleiar Mons-Olav.


Ingar Jensen
19-Dec-2015

Påbygg-elev Ingar Jensen frå Skien tar skulearbeidet seriøst, men opplever det går fint å kombinere skulesatsing med eit sosialt liv.

Ingar kom heilt frå Telemark for byrje på Vestborg. Årsaka er at han er kjærast med VG2-jenta Isabell.

-Her på Vestborg trivast eg veldig bra saman med mange koselege elevar. Miljøet er veldig godt, og så er jo Isabell ein viktig trivselsfaktor, seier Ingar.

FRÅ 2 TIL 5 I MATEMATIKK

Etter å ha hatt dei fyrste åra på vidaregåande skule som elektro- og EL-energielev, er no målet å bli politi. Det gir motivasjon til å jobbe hardt med skule.

-Eg ser på dette skuleåret som investering for framtida. Dersom eg gjer ein god jobb no, så får eg igjen for det i framtida når det gjeld utdanning og yrke. Det gjer at eg arbeider meir med skulen enn eg har gjort før. Eg arbeider hardt og leser til eg har forstått kva temaet handlar om. Og så er det gøy å merke at eg får løn for strevet i form av forbetra karakterar.

-Korleis opplever du det pedagogisk tilbodet på Vestborg?

-Lærarane på skulen er både koselege og flinke. Den største framgangen har eg hatt i matematikk. Lærar Kristoffer Stige har forklart stoffet på ein så bra måte at eg no forstår faget. Han fann ut kva eg kunne og kva eg ikkje kunne i matematikk, og så la han opp forklaringane sine ut i frå det. Dermed har eg gått opp frå karakteren 2 til karakteren 5 i faget. Elles hadde vi ved starten på skuleåret ei samling med Morten Lystrup. På bakgrunn av forskinga til psykologiprofessor Carol Dweck, fortalde han oss om «growth mindset» og «fixed mindset». Kort fortald handlar det om at ein kan bli god i det ein legg innsats i. Det var gav meg inspirasjon til å stå på å jobbe med skulearbeid. Mellom anna studerer eg kommentarar eg får på prøver eg har gjort. Føremålet med det er å finne ut kva eg kan gjere betre på neste prøve, seier han.

GÅR FINT Å KOMBINERE SKULE OG FRITID

Sjølv om Ingar sit med skulearbeid nesten dagleg, så opplever han at det går an å kombinere skule og fritid.

-Det er ikkje vanskeleg å få til begge deler. Eg får tid til dei tinga eg vil gjere. Det gjeld til dømes både kjærast og å stikke innom russekiosken for å vere sosial med andre elevar, seier Ingar.


Eileen Ranheim Omenås
20-Mar-2015

 

Vi har ein toppidrettsutøvar i elevflokken. Møt taekwondo-utøvaren og påbygg-elev Eileen.

Valldal-jenta er stadig på farten for å konkurrere. Dette skuleåret har ho vore både i Budapest i Ungarn og Best i Nederland, men det var ikkje der ho gjorde det best…

Turane til Tromsø og Barcelona gav dei største sportslege oppturane.

– I Ungarn og Nederland gjekk det så som så, men no i mars var eg i Barcelona på ei open internasjonal turnering. Der vann eg klassen min. I november konkurrerte eg i Tromsø. Derifrå hadde eg med meg NM-gull, fortel ho.

– Kva for ambisjonar har du for framtida?

– Måla er å bli tatt ut på landslaget, og i 2017 er det VM i New Zealand. Der vil eg vere med.

– Kva tenkjer du om New Zealand-VM?

– Eg drøymer om å ta gull.

SKULEN

Eileen ynskjer å bli fysioterapeut. Dette gjer at det ikkje berre er idretten ho lyt vie tid til.

– Eg satsar mykje på å gjere det godt på skulen, så det er til tider tøft. På ettermiddags- og kveldstid er det stort sett berre trening og skulearbeid eg får tid til.

Ho set elles pris på samarbeidet med skulen.

– I motsetnad til den tidlegare skulen eg gjekk på, så får eg godkjend særfråvere i samband med konkurransar. Dessutan fekk eg god hjelp frå matematikklærar Ola Risa etter at eg var vekke under ei heildagsprøve i matematikk. Han hjelpte til med å finne eit høveleg tidspunkt slik at eg kunne gjennomføre denne viktige prøva. Så alt i alt opplever eg at Vestborg legg til rette for at eg kan reise på dei ulike konkurransane, seier ho.

 


 

Her er Eileen med NM-gullet (tv) og beviset på at ho vann i Barcelona (th).
På det øvste biletet ser ein Eileen i aksjon med raud hjelm.


 

Synne Marie Ulstein
13-Feb-2015

Synne Marie var ei som festa nesten kvar helg – før omvendinga.

Jenta frå Follestaddalen i Ørsta har tatovert «Saved» øvst på høgre underarmen. På høgre skulder har ho tatovert eit kors med Johannes 3,16 i.

Det er ikkje tilfeldig.

VG3-jenta byrja på Vestborg som førsteklassing i august 2012.

– Eg har vakse opp i ein kristen heim, og eg var ein veldig tydeleg kristen på barneskulen. I ungdomsskulen vart eg ikkje så godt motteken i elevflokken, og det gjorde at eg gjekk dei to siste åra av ungdomsskuletida på Møre, Herøy. I mange år var eg saman med familien på påskeleirar på Vestborg, så eg har alltid visst at eg skulle gå her på vidaregåande.

– Korleis opplevde du å bli 16 år og flytte heimanfrå?

– Det var herleg å begynne på vaksenlivet, men eg starta med å henge med feil folk. Eg ville utforske kva som var på «andre sida». Ja, eg ville utforske kva eg eventuelt hadde gått glipp. Dei nye venene mine hadde ikkje noko med Vestborg og gjere, og eg hamna i eit festmiljø, og eg drog heim stort sett kvar helg for å feste i nabobygdene. Eg merka at alkoholen gjorde noko med meg. Den gjorde meg meir utadvent og eg vart lettare kjend med andre. Baksida var at eg etter festane ikkje alltid hugsa kva som hadde gått føre seg.

Ho fortel at ho kom inn i ein vond sirkel, og at ho hadde dårleg samvit ovanfor foreldra.

– Eg har aldri tvilt på at Gud finnast, men eg opplevde han var langt borte denne VG1-vinteren. Likevel viste det seg at Gud hadde ein plan for meg.

Sommaren 2013 vart det til at ho reiste på UL.

– Eg drog til UL saman med ei venninne som var i same situasjon som meg. Under UL snakka vi mykje med Ole Os, og vi gjekk på møta der talane trefte oss veldig. Ein dag vi sat på asfalten og prata så lausna alt så voldsamt, og vi grein heilt ukontrollerte. Dette vart den endelege omvendinga, og det vart kjempestort!

– Korleis har det vore etterpå?

– Dette har endra livet mitt, og no er eg oppteken av å finne ut kva Gud vil bruke meg til.

Så var dette med tatoveringane.

– I Johannes 3.16 er heile Bibelen pressa inn i eit bibelvers. «Saved» har eg tatovert inn fordi eg er så utruleg frelst. Jesus er ein veldig viktig person i livet mitt. Ja, han er som ein mentor for meg. Det fine er at tatoveringa har leia til mange spørsmål som gjer at eg kan få fortelje om kva som er viktigast for meg.


Silje Grimstad
27-Nov-2014

– Vestborg er den beste skulen eg har gått på, seier påbygg-elev Silje Grimstad.

Livet til Silje har ikkje alltid vore lett. Ho har vore i kontakt både med barnevern og politi. Men då botnen var nådd for nokre år sidan, møtte ho ei kvinne som var tilsett i barnevernet. Denne kvinna møtte Silje på ein sånn måte at ho etter kvart stola på kvinna. Dette gjorde at livet snudde, og Silje kunne igjen fokusere på skulegong.

For ei tid attende flytta ho til Stranda for å bu saman med kjærasten sin. Det at dei bur på Stranda er ein viktig grunn til at ho valde å gå på Vestborg.

– Eg er døypt og konfirmert, men utover det har eg ikkje hatt noko form for kontakt med kristendomen. Derfor var eg SVÆRT skeptisk før eg skulle begynne på Vestborg. Mellom anna grudde eg meg til morgonsamlingane, seier ho.

SKEPTISK, REDD OG UTRYGG

Den første tida i haust unngjekk ho medelevar.

– Eg var så skeptisk, redd og utrygg at eg laga ein vegg framfor meg for å unngå at medelevar skulle ta kontakt.

– Korleis er det i dag?

– No har alt snudd. Dersom eg kjem på skulen og har ein dårleg dag, så tek det max fem minuttar før humøret er på plass igjen. Årsaka er at medelevane mine møter meg med eit smil om munnen. På dei skulane eg har gått på før, så ser elevane ned når dei møter kvarandre. Her på Vestborg kan ein få eit smil frå medelevar som ein aldri har snakka med!

– Kva er årsakene til at du har snudd i synet på skulen?

– Vestborg er den beste skulen eg har gått på. Lærarane er veldig imøtekomande, og dei tek seg tid til å lytte på kva ein har å seie. Dessutan er medelevane så venlege, og dei er gode på å gje positiv feedback. Slik eg har forstått det så står det i Bibelen at ein skal bry seg om andre menneske. Dette er det veldig mykje av på Vestborg. Ja, her opplever eg verkeleg nestekjærleik!

DRITDÅRLEG I GYM

Silje illustrerer dette med ei hending frå kroppsøvingstimane.

– Eg har alltid vore dritdårleg i gym. Derfor har eg blitt ekspert på å kome med dårlege forklaringar for å sleppe å delta i timane. Her på Vestborg har vi Bodil Engeset i faget. Ho har respektert meg, men samtidig pusha meg framover på ein veldig klok måte. Nyleg vart eg med i volleyball, og då ballen kom mot meg klarte eg ikkje å ta i mot. Då stod eg berre å venta på all den kjeften som eg er vant med å få. Men så høyrde eg det kom oppmuntrande frå medelevane mine i staden: «Kom igjen! Neste gong så greier du det!» Hæ! Eg kraup saman, for eg skjøna ingenting. Men då ballen kom til meg neste gong, så trur eg faktisk at eg greidde å ta ballen!

GUD

Morgonsamlingane vart også annleis enn ho hadde sett føre seg.

– På førehand såg eg mørkt på desse samlingane. Eg trudde ein sat og las frå Bibelen heile tida, men det er verkeleg ikkje sånn! På morgonsamlingane tek ein opp ting som eg synast er aktuelt både for meg sjølv og andre. Eg har også begynt å snakke med kristendom med andre. Til dømes diskuterte eg kristendom med medelev Eva Marie Johnsen, og då viste det seg at det faktisk var mykje me var einige om. Slik eg ser det er Gud ein ekstra person som ein kan støtte seg når ting blir vanskeleg. I januar skal Vestborg-russen rundt på Nordvestlandet for å halde møte på bedehus og samle inn pengar til russeprosjektet vårt. Eg har bestemt meg for å bli med, og eg gler meg!

– Kva seier foreldra dine til det som har skjedd?

– Dei ville at eg skulle begynne på Vestborg. «Ingen har vondt av litt kristendom», sa dei. Når eg no dreg heim på besøk, sit dei berre og smilar når eg fortel. Dei er så glade for at ting endeleg har begynt å gå min veg, seier Silje.


Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no