kalender

Mai

Juni

fronter



Vestborg VGS

Elevpresentasjon: Even Alexander Joø

Her kan du bli betre kjend med Even Alexander Joø, ein gut med godt humør. Han er ein av fleire Freiværingar på Vestborg.Even Alexander Joø

Namn: Even Alexander Joø
Alder: 17 år
Klasse: VG2 Service og Samferdsel
Heimstad: Frei! Eller Nordmøre, eller samma det…

Favorittmat:
Ehh... eg likar alt... ...nei, vent - ein saftig, blodig biff... =)
Favorittsang/artistar: Sonata Artica, AC/DC, enda fleire? Nei det får halde!
Beste film: Kingdom of Heaven. Heilt klart! Armageddon er óg ein bra film.
Dette likar eg å gjere på fritida: Trene, vere med dama mi, fotball, vere med vennar... ehhh... ...ete mat?


Difor valde eg å gå på Vestborg:

Fyrst og fremst ville eg ikkje bu i byen (Kristiansund), og begge vennane mine som gjekk her anbefalte meg skulen. Eg kom på besøk til Vestborg som tiandeklassing, og blei heilt sjokkert over at folk tok så venleg imot meg. Eg følte eg kjende halve skulen før eg byrja her.
Korleis er det å gå i Service og Samferdsel? Er det kjedeleg å vere så få?
Altså, det er veldig morosamt…..Det er eit godt miljø sidan alle kjenner kvarandre særs godt. Det einaste negative eg kan finne med å vere ei så lita klasse er kroppsøvinga. Vi er berre sju stykker, og då er det vanskeleg å få organisert den ordentleg.
Slik er det å vere på Vestborg:
Veldig bra miljø, vil du finne på noko, så er det berre å ta seg ein runde rundt på internata. Lærarane er også veldig greie på skulen her. Var det for kort? I så fall kan du finne på noko sjølv. Det går bra det.
Gullkorn frå samtalen:
- Du e' sånn psykolog du! (Eg ber han leggje seg ned på sofaen min og slappe av.)