FAQ / Tilsette

Spørsmål & svar

Vestborg vgs er eigd av NLM (Norsk luthersk misjonssamband) som er ein kristen misjonsorganisasjon. I tillegg til god og variert undervisning og eit trygt sosialt miljø, er det viktig for skulen at kristne verdiar blir løfta fram. Dette kjem til uttrykk gjennom eit eige kristendomsfag på vg1 og vg2, morgonsamlingar med eit kort ord for dagen, og frivillige kristne aktivitetar som kor, møter, bibelgrupper osv.

Alle som kan tenkje seg å gå på Vestborg er velkomne til å søkje uavhengig av livssyn. Elevundersøkinga viser at trivselen er veldig høg på skulen, både blant kristne og ikkje-kristne elevar.

Stol, skrivebord, seng og skap. I tillegg har skulen ein del møblar som ein kan supplere rommet med om det skulle vere ønskjeleg.

Kvar tysdag er det leksehjelp i matematikk, her stiller matematikklærar Ola Risa opp for å hjelpe deg. Klasserom og grupperom er opne for bruk ettermiddag og kveld. Når ein bur i eit internat er det lettare å samle nokre vener og gjere leksene i lag.

Skulen har tilsett eigen miljøarbeidar som har ansvar for miljøaktiviteten på skulen. Etter leksetid (16.30-18.30) blir det arrangert quiz, turneringar, spelekveld, Grand Prix, elevkveldar mm. I tillegg kan du fritt benytte gymsal, styrkerom, klatrevegg, bordtennis osv.

Tilsette

 
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no