MENY

Spørsmål & svar

  • KVA BETYR DET AT VESTBORG ER EIN KRISTEN SKULE?

    Vestborg vgs er eigd av NLM (Norsk luthersk misjonssamband) som er ein kristen misjonsorganisasjon. I tillegg til god og variert undervisning og eit trygt sosialt miljø, er det viktig for skulen at kristne verdiar blir løfta fram. Dette kjem til uttrykk gjennom eit eige kristendomsfag på vg1 og vg2, morgonsamlingar med eit kort ord for dagen, og frivillige kristne aktivitetar som kor, møter, bibelgrupper osv.

  • MÅ EG VERE KRISTEN FOR Å GÅ PÅ VESTBORG?

    Alle som kan tenkje seg å gå på Vestborg er velkomne uavhengig av livssyn. Vi er stolte av å vere ein skule hvor alle kan kjenne seg trygge og ivaretekne.

  • KVA FINST PÅ ELEVROMMA VED INNFLYTTING?

    Stol, skrivebord, seng og skap. I tillegg har skulen ein del møblar som ein kan supplere rommet med om det skulle vere ønskjeleg.

  • KAN EG FÅ HJELP MED LEKSENE?

    Kvar mandag og onsdag er det leksehjelp i matematikk. Her stiller matematikklærar Ola Risa opp for å hjelpe deg, uansett ka nivå du er på. Klasse- og grupperom, pluss eit bibliotek, er opne for bruk ettermiddag og kveld. Når ein bur i eit internat er det lettare å samle nokre vener og gjere leksene i lag.

  • KVA GJER ELEVANE ETTER SKULETID?

    Skulen har tilsett eigen miljøarbeidar som har ansvar for miljøaktiviteten på skulen. Etter leksetid (16.30-18.30) blir det arrangert quiz, turneringar, spelekveld, Grand Prix, elevkveldar mm. I tillegg kan du fritt benytte gymsal, ballbinge, styrkerom, klatrevegg, bordtennis osv.

Share by: