23-Oct-2018 03:18 PM

 

FRITIDSTILBOD



 



 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På ein internatskule ligg forholda godt til rette for mange slags aktivitetar i fritida. Både idrett og friluftsliv, sosialt liv og kristent arbeid har ein viktig plass i miljøet.

 

Vestborg har eit svært velutstyrt treningsstudio med ei rekkje treningsapparat som er disponible for elevane etter skuletid. Gymsalen er i flittig bruk om ettermiddagen og kvelden. I gymsalen finn du ein klatrevegg. Utandørs finn du mellom anna sandvolleyballbane, slakkline og ballbinge på skulens område. Dessutan er det gangavstand til kunstgrasbane og løpebane på Mona fotballstadion. 

Er du glad i friluftsliv vil du like at skulen nyleg har kjøpt inn 12 kajakkar som går an å leige, i tillegg til litt hengekøyer, lavvoar og primusar som er disponible for elevane å ta i bruk. 

Sidan Vestborg er ein kristen skule, vil du finne ein del aktivitetar med kristen profil. Skulen har ein flott møtesal med lydanlegg og muligheiter for å spele trommer, piano, gitar og bass mm. Her er det ofte møter eller bibelstudie på onsdagskveldar. Onsdagsmøta er viktige for dei som ønskjer å vere med i det kristne fellesskapet. Mange ønskjer også å vere med i bibelgruppe og i kor.

 

Det er trådlaust internett over heile skule- og internatområdet som elevane har tilgang til.

I russekiosken kan du vere sosial med venner, kjøpe deg snacks i kiosken, sjå film, spele brettspel og grille pinnebrød i peisen når vinteren kjem. Vi er òg midt i prosessen med å bygge ein flott gapahuk på skuleområdet vårt som vi gler oss til å ta i bruk ganske snart :)  

 

Strandafjellet skisenter ligg fem minutts køyring frå Vestborg. Her finn du fem skiheiser og alle typar alpine løyper.Gondolheisa opp til Roaldspaviljongen er open både sommar og vinter. 

På Strandafjellet er det fantastiske forhold for både telemark, snowboard, twintip og alpint. Ein kan nyte dei preparerte løypene eller den fantastiske puddersnøen. PS: Visste du at Strandafjellet er fleire gongar kåra til Norges beste offpiststad?? Vi kan nesten garantere fleire pudderdump på over halvmeteren i løpet av skisesongen. Fjella rundt skulen byr ellers på svært variert terreng, frå slake fjellsider til røffe sunnmørsalpar. Stisykling er blitt meir populært i område, og det finst fleire gode stiar for dei som ynskjer den utfordringa.

 

 


 

 

 

 

 

 

 

 

 

Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no