Fritidstilbod

På ein internatskule ligg forholda godt til rette for mange slags aktivitetar i fritida. Både idrett og friluftsliv, sosialt liv og kristent arbeid har ein viktig plass i miljøet.

Aktiv fritid – Inne

Vestborg har eit svært velutstyrt treningsstudio med ei rekkje treningsapparat som er disponible for elevane etter skuletid. Gymsalen er i flittig bruk om ettermiddagen og kvelden. I gymsalen finn du ein klatrevegg. Utandørs finn du mellom anna sandvolleyballbane og ballbinge på skulens området. Dessutan er det gangavstand til kunstgrasbane og løpebane.

Sidan Vestborg er ein kristen skule, vil du finne ein del aktivitetar med kristen profil. Onsdagsmøta er viktige for dei som ønskjer å vere med i det kristne fellesskapet. Mange ønskjer også å vere med i bibelgruppe og i kor.

Det er trådlaust internett over heile skule- og internatområdet som elevane har tilgang til.

Aktiv fritid – Ute

Strandafjellet skisenter ligg fem minutts køyring frå Vestborg. Her finn du fem skitrekk og alle typar alpine løyper. Her er det utrulege forhold for både telemark, snowboard, twintip og alpint. Ein kan nyte dei preparerte løypene eller den fantastiske puddersnøen. Den heilt nye stolheisa er open både sommar og vinter. Fjella byr elles på svært variert terreng, frå slake fjellsider til meir utfordrande trasear. Om sommaren og hausten er det også flotte forhold for turar i skog og mark. Ein del av elevane prøver og lykka som småviltjegarar i fjella kring skulen.