IDRETTSFAG

Vurderer du IDRETTSFAG og likar å utfordre deg sjølv innan idrett og friluftsliv, då må du søke Vestborg vgs. Vi er kanskje Norges einaste "SKI-IN-SCHOOL" med internat og ligg midt i smørauge når det gjeld toppturar, stisykling, klatring og padling. Du kan ta trekket eller traske til toppen av Roaldshorn og renne gjennom knehøg pudder heilt ned til matsalen til middag. I Stranda kommune er moglegheitene mange når det gjeld idrett og moderne friluftsliv.


Likar du betre ballsport og anna idrett, så ligg alt til rette for dette også. Sjekk ut meir om IDRETTSFAG ved Vestborg vgs under. Velkommen som elev!



Å velje idrettsfag på vidaregåande gir gode moglegheiter for å kombinere utdanning og idrett. På vg1 tilbyr vi breiddeidrett. På vg2 og vg3 kan du velje om du vil gå vidare på Breiddeidrett, eller velje Friluftsliv.


Gjennom praktiske og teoretiske fag lærer du om korleis kroppen er oppbygd og korleis du bør trene for å utvikle deg fysisk. Du lærer om treningsleiing, om helse og kosthald.


Studieprogrammet gir målretta teoretisk kunnskap, samtidig som vi er mykje i aktivitet igjennom ei skuleveke. Det blir mykje trening og turar i og utanfor skuledagen, så ein bør like å vere i fysisk aktivitet og trene mot konkrete mål. Sjølve fag og timefordelinga finn du meir om lenger nede på sida.


Utdanningsprogram idrettsfag er utfordrande. På ei vanleg veke har du 37,5 timar undervisning dei to første åra. Du som har gode rutine for trening, leksearbeid, riktig kosthald og søvn har eit godt utgongspunkt for å få tre knallgode år på Vestborg.


Treningsmengde: 90 minutt med aktivitet kvar dag. Nokre økter er lette, nokre harde. Dette varierer frå dag til dag og veke til veke.


Før du startar på idrettsfag ved Vestborg vgs må du anskaffe deg ein del kle, sko og utstyr som du treng gjennom året. Det meste er ordinært utstyr til trening og friluftsliv. Av litt større ting, så vil vi gjerne at elevane skal ha sin eigen terrengsykkel med dempegaffel. Til vinteren må alle elevane ha både langrennski og ski til bruk i bakken. Det er flott om flest mulig har utstyr til topptur, men her kan også skulen låne ut kostnadsfritt utstyr gjennom "Uteguiden" på Stranda. Fullstendig utstyrsliste får eleven tilsendt når studieplassen er teken imot.


  • - Praktisk erfaring med og opplæring i ulike idrettar, aktivitetar og friluftsliv.
  • - Tilbod om ulike kurspakkar innan kajakk, snøskred og klatring
  • - Du får låne randoneeutstyr til toppturar arrangert av skulen.
  • - Gode treningsmulegheiter og kjekke medelevar som du vil bli godt kjent med
  • - Gode treningsfasilitetar
  • - Flotte friluftslivsturar i nærområdet
  • - Engasjerte lærarar
  • - God variasjon mellom praktiske og teoretiske fag
  • - Eit godt sosialt miljø på ein kristen skule>

Ved å gå IDRETTSFAG på vgs oppnår du generell studiekompetanse når du er ferdig. Dette gir det eit grunnlag til å kunne søkje på dei aller fleste studier på høgskular og universitet.


Tenkjer du å studere vidare innan idrett og friluftsliv på lærarskule eller f. eks. Norges idrettshøgskule, så er idrettsfag veldig nyttig å ha.


I tillegg så får du viktig kunnskap på idrettsfag som du kan bruke i din eigen kvardag seinare i livet. Å bli glad i trening og vite korleis ein trenar på ein best mogleg måte vil du ha stor glede av og det gir deg også gode helsemessige effektar heile livet gjennom.


Skulen vår ligg på Stranda, midt i hjertet av Sunnmørsalpane. Strandafjellet skisenter ligg 5 minutts køyring frå skulen, og det er muleg å følgje preppa løype heilt til døra på internatet ditt. På skulens område har vi beachvolleyballbane og ballbinge. Vi har eigen gymsal som vert mykje brukt i vinterhalvåret til ballidrett og basistrening. Eit velutstyrt treningsrom er opent heile dagen for elevane ved skulen. Det er kort veg til eit stort idrettsanlegg som er tilgjengeleg for alle, her finn du løpebane og kunstgrasbanar. Skulen har eigne kajakkar som vil verte brukt når elevane blant anna skal ta våttkort med grunnkurs og teknikkurs.


Fellesfag (obligatoriske)

FAG VG 1 VG 2 VG 3
Fellesfag 23 Veketimar 18 Veketimar 13 Veketimar
Norsk 4 4 6
Engelsk 5
Matematikk 5 3
Naturfag 5
Spansk 4 4
Samfunnsfag 3
Historie 2 4
Geografi 2
Religion og etikk 3
Fellesprogramfag 7 Veketimar 12 Veketimar 17 Veketimar
Aktivitetslære 5 5 5
Treningslære 2 3 5
Idrett og samfunn 2 3
Treningsleiing 2 4
Valfritt programfag
Breiddeidrett, friluftsliv 5 5 5
Kristendom 2,5 2,5 -
Totalt veketimar 37,5 37,5 35

Fag og timefordeling (45 minutters timar)

Kan også vere mulig å velje programfag frå studiespesialierande utdanningsprogram

Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no