Silje Aasgaard frå Bergen går på idrettslinja i VG1, og ho likar seg veldig godt på Vestborg.
-Eg trivast veldig bra. Å gå på Vestborg er noko heilt anna enn ein offentleg skule. Her vert vi vener på tvers av trinna, og her kan folk vere seg
sjølve.
-Kva legg du i det?
-Her treng ein ikkje vere ein main-stream-type. Det er ingen som går rundt og korrigerer andre, og måten folk snakkar til kvarandre på strålar korleis
dei er – og ikkje korleis dei prøver å vere. Konsekvensen av det er at vi har lyst å vere oss sjølve, og når vi får positiv tilbakemelding på det,
så fortsetter ein å vere seg sjølv – og så går alt bra, smiler Silje.
Ho peikar på at skulen er kristen som ein viktig faktor.
-Dei fleste som er på Vestborg har kristne verdiar. Eg trur det skapar det gode miljøet på skulen. Kjem ein frå ein plass med få kristne, så er ein
på Vestborg garantert å finne kristne vener, slår Silje fast.
VELDIG BRA IDRETTSLINJE
Silje rosar også linja ho går på.
-Idrettslinja er veldig bra! Her har vi veldig, veldig bra lærarar som er veldig interesserte i faga dei underviser i. Innan klassen har vi eit veldig
bra miljø, og vi har allereie skapt sterke band til kvarandre. Her kan alle snakke med alle!
Idrettslinje-jenta hadde ikkje høyrt om Vestborg før ein venninne snakka om skulen.
-Eg valde Vestborg fordi eg hadde lyst på ein ny start, og fordi eg hadde lyst å bu på internat. Dessutan synest eg skulen ligg veldig fint til mellom
fjord og fjell. Eg kjende ingen, men då eg var på UL (Ungt Landsmøte) i Kongeparken i sommar, byrja eg – midt på natta – å snakke med ei anna jente.
I løpet av samtalen kom det fram at vi begge skulle byrje på Vestborg i august. Det same skjedde med to andre jenter – og i løpet av samtalen fortalde
dei at dei gjekk Vestborg. Det vart to magiske møter. Eg hadde nemleg bedt til Jesus om å få tryggleik til å velje Vestborg – og det var noko eg fekk
i møte med Marie, Lea Sofie og Laila.
-Kva synest du om valet om å byrje på Vestborg?
-Det er det absolutt det smartaste eg nokon gong har gjort!!!
For litt sidan var idrettslinja på tur til Sudndalen øvst i Hallingdal.
-Vi drog dit for å oppfylle det lokale læreplanmålet om å jobbe med skiteknikk. Øvst i Hallingdal så er det både jibbepark og ekstremt god puddersnø.
Der held også Andreas Håtveit til. Han er eit godt førebilete som idrettsutøvar, medmenneske og som kristen, forklarar idrettslærar Anders Nybakk om
kvifor idrettsgjengen drog til Sudndalen.
Andreas Håtveit vart i 2014 nr 4 i OL i slopestyle. Han har også vunne X Games i disiplinen. Mest kjend for det norske folk er han kanskje gjennom deltakinga i NRK-programmet «Mesternes mester» i 2016.
-Korleis var opphaldet?
-Det var ein kjempesuksess. Vi fekk trena mykje på teknikk, også ved hjelp av videoanalyse, og køyring med portar. Andreas haldt også jibbe-kurs for
oss. Det vil seie at vi fekk prøve oss på køyring på rails – køyring på rekkverk i jibbeparken, seier Anders.
Jakob Muren Ulvund var ein av elevane som var med.
-Dette var dritkult. Vi fekk køyrt mykje i laussnø og prøvd oss på rails. Andreas Håtveit lærte oss også grunnteknikken om korleis vi skal ta 180 og
360. Elles imponerte Andreas med både skidugleiken, premiane og humøret sitt, seier Jakob.
Slik det ser ut no, vert det tilsvarande tur også til neste år.
På spørsmål om korleis han trivast som elev på idrettslinja så kjem det opp to tomlar som svar.
-Eg er ein ski-person og her får eg stått mykje på ski. Elles så likar eg meg veldig godt i miljøet på skulen. Her er det berre greie folk! seier Jakob.
Jakob Muren Ulvund var nøgd med turen til Sudndalen!
vestborg.no har møtt tidlegare Vestborg-elev og noverande utviklingsminister Dag Inge Ulstein i Tekjøkkenpraten. Ulstein var så raus at han sette av tid til ein prat med Vestborg si heimeside etter ein hektisk møteverksemddag. Torsdag 31.1. var siste frist for å setle budsjettet for 2019, og det var ein nøgd minister som vestborg.no møtte etter regjeringskonferansen. Budsjettet til departementet hans ligg på oppimot 40 milliardar kroner.
I staden for å ha intervjuet på eit av skulen sine tekjøkken, var det meir praktisk å ta praten i Oslo. Dermed vart det ein triveleg drøs i sofagruppa på Ulstein sitt kontor i Utanriksdepartementet si bygning, Victoria terrasse, ikkje langt frå slottet i hovudstaden.
VESTBORG UTRULEG VIKTIG
Inne på ministerkontoret gjekk vi rett på kjernespørsmålet.
-Kva har åra på Vestborg hatt å seie for deg?
-Eg gjekk på Vestborg frå 1996 og var russ i -99. Det å få gå på Vestborg var utruleg viktige år for min del. Eg opplevde trivsel og gode lærarar.
Mellom anna hadde eg verdas beste norsklærar, Kjetil Dybvik. Han gav oss elevar mykje rom. Eg fekk også mange gode venskap. Elles var Vestborg viktig
i høve til tru. Eg vart tryggare som kristen, og eg fekk utfordringar. Ei utfordring som var ekstra viktig, var året i 1. klasse då eg var leiar i
ungdomsklubben «Kula» i Hellesylt. Ein gong i veka drog vi ein liten gjeng Vestborg-elevar for å halde klubb. Gjennom dette arbeidet fekk utruleg viktig
leiarerfaring og ansvar. Elles vart eg utfordra og involvert med å arrangere møter og ta ansvar på bibelgruppe. Det var kanskje stress der og då, men
det var samtidig viktig for trua mi, seier Ulstein.
Då han var VG3-elev, var han med på misjonstur til Afrika. Føremålet med turen var å skaffe informasjon for å inspirere til å samle inn pengar til
Vestborg-russen sitt prosjekt.
-Eg har sagt i intervju med Morgenbladet, TV2 og NRK at turen til Elfenbeinkysten er ein direkte årsak til eg no sit som utviklingminister. Der vart
det sterke møter med menneske som sette sitt preg på meg. Eg fekk også sjå kor stor endring utviklingsarbeid kunne gjere med menneske ved å satse på
helse, vatn og utdanning. Turen til Elfenbeinskysten skapte engasjement i meg og sette retning for eigne verdiar og karriereval.
-Har du eit råd til dagens Vestborg-elevar?
-De er veldig heldige som får gå på Vestborg og få møte så engasjerte lærarar som vil det beste for dykk – og for heile livet dykkar. Det er inga sjølvfølgje. Eg vil utfordre dykk til å tenkje gjennom korleis de kan bruke eigne styrkar til å gjere ein forskjell for andre. Då eg var elev på Vestborg, ville eg gjerne bety ein forskjell for andre, men hadde aldri tenkt at eg skulle verte utviklingsminister.
VIL ENGASJERE
Etter Vestborg har Ulstein, i tillegg til å engasjere seg i Salem i Bergen, teke ein bachelorgrad i teologi og teke arbeid- og organisasjonspsykologi. Han har også fått utdanna seg som samlivsterapeut ved Modum Bad. Desse erfaringane har gjort at han har leia samtalesenteret og vore utviklingssjef ved Haraldsplass Diakonale Stiftelse. Dessutan har han vore sosialbyråd i Bergen med ansvar for til dømes rus og psykiatri. Då han 22. januar vart utnemnd til statsråd, kom han frå jobben som finansbyråd i Bergen.
-Kva gler du deg til i den nye jobben?
-Det er ein utruleg spennande jobb. Eg vil gjerne fighte for å at dette landet skal prioritere å hjelpe andre, og derfor er eg glad for at vi nå har
fått nesten 40 milliardar kroner på budsjettet vårt. Elles vert det viktig for meg å engasjere andre, og difor har eg lyst å reise rundt å vitje skular,
universitet og folkehøgskular. Det er fleire som sultar no i 2019 enn for to år sidan. Det vil eg vere med på å gjere noko med, og eg vil gjerne vere
med å vekke og engasjere ein ny generasjon!
Onsdag var VG2- og VG3-elevane på studieorienteringsdag i Sykkylven. Alle universitet og høgskular, samt folkehøgskule-tilbodet, var representerte,
og elevane våre fekk høve til større innsikt i korhen dei kan studere og kva for ulike studietilbod som finnast.
På biletet ser ein VG2-elevane Sara Emilie Lauvstad (i midten) og Karoline Godø Larsen saman med Andrea, som var representant for folkehøgskulane.
Sjølv om tilbodet fyrst og fremst var for VG3, så var Karoline og Sara Emilie glade for at dei fekk høve til å dra på studieorienteringsdag allereie som
andreklassingar.
-Dette var nyttig. Studieorienteringsdagen har gitt innblikk i kva for moglege retningar det finnast. Eg har også fått innblikk i kva eg trur eg vil bli,
seier Karoline, og fortel at ho tenkjer på å jobbe innan barnevern.
Sara Emilie er langt på veg samd.
-I dag fekk eg vite om utdanningar eg aldri har høyrt om før – også innan ingeniøryrket. Det var fint å få denne informasjonen, for no har eg god tid til å undersøkje endå meir før eg bestemmer meg. Dette var ein veldig nyttig dag, seier Sara Emilie.
I midten av januar dreg russe-elevane i grupper og vitjar bedehus og forsamlingar på Nordvestlandet. Då samlar dei inn pengar til russeprosjektet sitt
og informerer om Vestborg.
Martine Fure er ei av dei som var med i år.
-Det var veldig kjekt å vere på turnè. Eg var med i ei veldig positiv gruppe, og vi trefte mange koselege folk i samband med møta vi haldt. Dessutan
var det veldig triveleg å besøke dei vi overnatta hos. Eg fekk sitje kjempelenge utover kveldane å prate med vertskapet. Vi fekk også masse god mat.
Vertane tok fram det beste dei hadde, og dei fekk oss til å føle oss spesielle.
-Var det noko som gjorde ekstra stort inntrykk?
-Eg er interessert i bilar, og to av vertane hadde veteranbil. Den eine hadde ein Volvo PV 1950-modell med berre originaldelar!
Martine fekk også utfordra seg sjølv på møta.
-Eg er ikkje så glad i å stå på ei scene, og eg trivest best med det tekniske. Difor hadde eg tenkt at eg kunne ta meg av teknikken, medan dei andre
på gruppa skulle stå for snakkinga. Men så fekk talar Ole Os oss, også meg, med på å synge velsigninga. Då gjekk eg ut av komfortsona, men eg opplevde
det gjekk bra å vere ukomfortabel. På eitt av dei siste møta delte eg også eit ord frå Bibelen, noko som eg er glad for eg gjorde. Eg fekk tilbakemeldingar
frå andre at det eg sa skulle dei ta med vidare. Elles var eg imponert over kor gåvmilde folk var. Det gjorde oss ivrige til å stå på vidare.
-Korleis vil du summere opp turné-dagane?
-Det var ei ein-gong-i-livet-oppleving. Kvar dag skjedde det nye ting heile tida, og eg har opplevd så mykje at det kjennes ut som om det har gått
eitt år!
Mathias Giskeødegård er ein av 30 deltakarar på kick-off i helga. I fylgje Mathias har det vore ei veldig god helg.
-Det har vore fantastisk å vere her på kick-off. Her har eg blitt kjend med nye folk, det har vore sosialt og eg har følt meg inkludert, seier han.
- Kan du fortelje frå kva de har gjort?
-Vi har vore ute i snøen og leika Capture the flag, vi har spelt brettspel og Play Station i russekiosken, og vi har hatt multiturnering med rumpefotball,
innebandy og kanonball som aktivitetar. Dessutan har det vore elevkveld, og der vart eg spesielt imponert over cheerleading-innslaget.
-Kva har vore høgdepunktet?
-Det sosiale. No trur eg at eg har bestemt meg for å byrje på Vestborg til hausten.
PS! Nedanfor ser ein bilete frå cheerleading-innslaget på elevkvelden.
Silje Aasgaard frå Bergen går på idrettslinja i VG1, og ho likar seg veldig godt på Vestborg.
-Eg trivast veldig bra. Å gå på Vestborg er noko heilt anna enn ein offentleg skule. Her vert vi vener på tvers av trinna, og her kan folk vere seg
sjølve.
-Kva legg du i det?
-Her treng ein ikkje vere ein main-stream-type. Det er ingen som går rundt og korrigerer andre, og måten folk snakkar til kvarandre på strålar korleis
dei er – og ikkje korleis dei prøver å vere. Konsekvensen av det er at vi har lyst å vere oss sjølve, og når vi får positiv tilbakemelding på det,
så fortsetter ein å vere seg sjølv – og så går alt bra, smiler Silje.
Ho peikar på at skulen er kristen som ein viktig faktor.
-Dei fleste som er på Vestborg har kristne verdiar. Eg trur det skapar det gode miljøet på skulen. Kjem ein frå ein plass med få kristne, så er ein
på Vestborg garantert å finne kristne vener, slår Silje fast.
VELDIG BRA IDRETTSLINJE
Silje rosar også linja ho går på.
-Idrettslinja er veldig bra! Her har vi veldig, veldig bra lærarar som er veldig interesserte i faga dei underviser i. Innan klassen har vi eit veldig
bra miljø, og vi har allereie skapt sterke band til kvarandre. Her kan alle snakke med alle!
Idrettslinje-jenta hadde ikkje høyrt om Vestborg før ein venninne snakka om skulen.
-Eg valde Vestborg fordi eg hadde lyst på ein ny start, og fordi eg hadde lyst å bu på internat. Dessutan synest eg skulen ligg veldig fint til mellom
fjord og fjell. Eg kjende ingen, men då eg var på UL (Ungt Landsmøte) i Kongeparken i sommar, byrja eg – midt på natta – å snakke med ei anna jente.
I løpet av samtalen kom det fram at vi begge skulle byrje på Vestborg i august. Det same skjedde med to andre jenter – og i løpet av samtalen fortalde
dei at dei gjekk Vestborg. Det vart to magiske møter. Eg hadde nemleg bedt til Jesus om å få tryggleik til å velje Vestborg – og det var noko eg fekk
i møte med Marie, Lea Sofie og Laila.
-Kva synest du om valet om å byrje på Vestborg?
-Det er det absolutt det smartaste eg nokon gong har gjort!!!
vestborg.no har møtt tidlegare Vestborg-elev og noverande utviklingsminister Dag Inge Ulstein i Tekjøkkenpraten. Ulstein var så raus at han sette av tid til ein prat med Vestborg si heimeside etter ein hektisk møteverksemddag. Torsdag 31.1. var siste frist for å setle budsjettet for 2019, og det var ein nøgd minister som vestborg.no møtte etter regjeringskonferansen. Budsjettet til departementet hans ligg på oppimot 40 milliardar kroner.
I staden for å ha intervjuet på eit av skulen sine tekjøkken, var det meir praktisk å ta praten i Oslo. Dermed vart det ein triveleg drøs i sofagruppa på Ulstein sitt kontor i Utanriksdepartementet si bygning, Victoria terrasse, ikkje langt frå slottet i hovudstaden.
VESTBORG UTRULEG VIKTIG
Inne på ministerkontoret gjekk vi rett på kjernespørsmålet.
-Kva har åra på Vestborg hatt å seie for deg?
-Eg gjekk på Vestborg frå 1996 og var russ i -99. Det å få gå på Vestborg var utruleg viktige år for min del. Eg opplevde trivsel og gode lærarar.
Mellom anna hadde eg verdas beste norsklærar, Kjetil Dybvik. Han gav oss elevar mykje rom. Eg fekk også mange gode venskap. Elles var Vestborg viktig
i høve til tru. Eg vart tryggare som kristen, og eg fekk utfordringar. Ei utfordring som var ekstra viktig, var året i 1. klasse då eg var leiar i
ungdomsklubben «Kula» i Hellesylt. Ein gong i veka drog vi ein liten gjeng Vestborg-elevar for å halde klubb. Gjennom dette arbeidet fekk utruleg viktig
leiarerfaring og ansvar. Elles vart eg utfordra og involvert med å arrangere møter og ta ansvar på bibelgruppe. Det var kanskje stress der og då, men
det var samtidig viktig for trua mi, seier Ulstein.
Då han var VG3-elev, var han med på misjonstur til Afrika. Føremålet med turen var å skaffe informasjon for å inspirere til å samle inn pengar til
Vestborg-russen sitt prosjekt.
-Eg har sagt i intervju med Morgenbladet, TV2 og NRK at turen til Elfenbeinkysten er ein direkte årsak til eg no sit som utviklingminister. Der vart
det sterke møter med menneske som sette sitt preg på meg. Eg fekk også sjå kor stor endring utviklingsarbeid kunne gjere med menneske ved å satse på
helse, vatn og utdanning. Turen til Elfenbeinskysten skapte engasjement i meg og sette retning for eigne verdiar og karriereval.
-Har du eit råd til dagens Vestborg-elevar?
-De er veldig heldige som får gå på Vestborg og få møte så engasjerte lærarar som vil det beste for dykk – og for heile livet dykkar. Det er inga sjølvfølgje. Eg vil utfordre dykk til å tenkje gjennom korleis de kan bruke eigne styrkar til å gjere ein forskjell for andre. Då eg var elev på Vestborg, ville eg gjerne bety ein forskjell for andre, men hadde aldri tenkt at eg skulle verte utviklingsminister.
VIL ENGASJERE
Etter Vestborg har Ulstein, i tillegg til å engasjere seg i Salem i Bergen, teke ein bachelorgrad i teologi og teke arbeid- og organisasjonspsykologi. Han har også fått utdanna seg som samlivsterapeut ved Modum Bad. Desse erfaringane har gjort at han har leia samtalesenteret og vore utviklingssjef ved Haraldsplass Diakonale Stiftelse. Dessutan har han vore sosialbyråd i Bergen med ansvar for til dømes rus og psykiatri. Då han 22. januar vart utnemnd til statsråd, kom han frå jobben som finansbyråd i Bergen.
-Kva gler du deg til i den nye jobben?
-Det er ein utruleg spennande jobb. Eg vil gjerne fighte for å at dette landet skal prioritere å hjelpe andre, og derfor er eg glad for at vi nå har
fått nesten 40 milliardar kroner på budsjettet vårt. Elles vert det viktig for meg å engasjere andre, og difor har eg lyst å reise rundt å vitje skular,
universitet og folkehøgskular. Det er fleire som sultar no i 2019 enn for to år sidan. Det vil eg vere med på å gjere noko med, og eg vil gjerne vere
med å vekke og engasjere ein ny generasjon!
Anders (28) er ny lærar i år ved idrettslinja på Vestborg.
- Eg har fått draumejobben! seier han.
Hedmarkingen kjem frå Nord-Odal, som ligg nordaust for Gardermoen. Vegen til Vestborg gjekk gjennom Valdres og Volda.
- Det var mykje idretts- og friluftsliv på meg då eg var liten, men det fekk ein pause i tenåra. Mykje av ungdomstida mi nytta eg framføre ein skjerm
og spelte skjermspel. Når eg ser tilbake på den tida, så skulle eg ynskje at eg også var meir fysisk aktiv i ungdomsåra.
- Kva fekk deg til å endre kurs?
- Etter eg var ferdig med vidaregåande byrja eg på hundekøyringslinja ved Valdres folkehøgskole. Eg hadde ikkje erfaring mykje erfaring med hundar
frå før, men hadde eit av mine beste år hittil i livet. Etterpå var eg «stip» på skulen – eit anna ord for eittåring.
VALDRES, VOLDA OG VESTBORG
Tida i Valdres hadde staka ut yrkeskarrieren til Anders.
- Eg ville bli idretts- og friluftslærar i folkehøgskulen, og eg vart tipsa om at det kunne vere klokt å ta friluftsliv ved høgskulen i Volda. Difor
hamna eg på Sunnmøre, og eg har sidan vore i Volda. Som student har eg teke utdanning i friluftsliv, idrett, historie, naturfag og praktisk-pedagogisk
utdanning. Dei to siste åra har eg jobba ved Volda ungdomsskule.
- Korleis vart det Vestborg?
- Eg visste det var planar om å starte idrettslinje ved skulen. Då eg fekk sjå stillingsannonsa var valet lett, og eg sette meg rett ned for å skrive
søknaden. Den brukte eg god tid på, for eg ville ha han best mogleg. Jobben som idrettslærar ved Vestborg vidaregåande skule ville eg gjerne ha, og
gleda var stor då eg fekk stadfesta at eg hadde fått stillinga.
GOD START
Anders har vore i sving i knappe to månadar, og han har fått ein god start.
- Det er heilt topp å vere her. Eg hadde trudd det skulle bli bra, men det har vore betre enn eg trudde! Det har vore mykje å setje seg inn i, og det
har til tider vore slitsamt, men trivselen er så høg at det går veldig fint. Eg gler meg til å gå på jobb kvar dag!
- Kva er årsaka til trivselen?
- Elevane utfordrar meg fagleg, noko som eg likar. Dessutan er det eit tett samhald i elevgruppa. Eg trivast også godt i kollegiet, og eg trivast med
at Vestborg er ein kristen skule. Her kan eg, på ein annan måte enn i ein offentleg skule, vere open om trua mi. Det opnar opp for diskusjonar om tru
og livssyn med dei unge, noko som eg opplever er innmari fint å få gjere.
Anders sitt yndlingsbibelvers er Jeremia 29.11. Der står det: «For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar.
Eg vil gje dykk framtid og von.»
- Det er skriven til det jødiske folket, men eg opplever at det også talar til meg. Gud har ein plan med livet mitt, og eg treng ikkje å legge allslags
planar. Han hjelper meg, og eg finn tryggleik i han.