INNTAKSREGLEMENT

Vestborg vidaregåande skule er ein friskule med godkjenning etter Lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskulelova). Dette inntaksreglementet har difor utgangspunkt i det privatskulelova seier om inntak av elevar jamfør privatskulelova § 3-1.
Som friskule har Vestborg heile landet som inntaksområde, og skulen er open for alle søkjarar som fyller vilkåra for inntak i tilsvarande offentlege skolar jamfør privatskulelova § 3-1, første ledd og som har rett til vidaregåande opplæring jamfør opplæringslova § 3-1.

Inntaket skjer ved ei inntaksnemd som består av rektor, inspektør I og inspektør II.
A. SØKNADSKJEMA
Søknaden skal registrerast på vigo.no. Vitnemål/karakterutskrifter o.l. som skal leggjast til grunn ved inntaket skal sendast skulen når ein søkjer eller bli ettersendt når dei føreligg. Søknad etter søknadsfrist skal registrerast på vestborg.no Vitnemål/karakterutskrifter o.l. som skal leggjast til grunn ved inntaket skal sendast skulen når ein søkjer, eller bli ettersendt når dei føreligg.
B. SØKNADSFRIST
Søknadsfrist for ordinært opptak er 1. mars eller samtidig med dei fylkeskommunale fristane. Etter denne fristen handsamar skulen søknader fortløpande dersom det er ledige plassar. Søknadsfrist for inntak på særskilt grunnlag er 1. februar.
C. DELKURSELEV
Søkjarar kan bli tekne opp som delkurselevar dersom dei har nødvendig fagleg grunnlag og dersom det er plass på kurset.
D. DOKUMENTASJON
Søkjarar til vidaregåande trinn 1 (Vg1): Søkjaren må dokumentere gjennomgått 10-årig grunnskole eller tilsvarande. Opptak kan skje på grunnlag av karakterar frå 1. halvår, men skulen tek atterhald om at karakterane ikkje går vesentleg ned etter 1. halvår. Kopi av vitnemål skal ettersendast.
Søkjarar til vidaregåande trinn 2 og 3 (Vg2 og Vg3): Søkjaren må leggje fram kompetansebevis/stadfesting på at nødvendige programområde er fullført. Inntaket kan bli gjort på grunnlag av karakterane i 1. halvår. Skulen tek atterhald om at det endelege karakterutskrifta/kompetansebeviset viser bestått. I tillegg kan ein søkjar som i Vg1 eller Vg2 ikkje har bestått eitt eller to fag likevel takast inn som elev dersom det etter intern vurdering på skulen er dokumentert at søkjaren har dei kunnskapane og den dugleiken som er nødvendig for å følgje undervisninga.
Dersom skulen har fleire søkjarar enn det skulen har plassar eller kapasitet til å ta inn, vil følgjande prioritering bli lagt til grunn for inntaket:

A. Inntak på anna grunnlag

Skulen disponerer inntil to elevplassar per klasse til søkjarar som ikkje kan konkurrere om elevplass etter vanlege kriterium og som har rett til spesialundervisning jamfør opplæringslova § 5-1.

B. Elevar som går på Vestborg

Ved inntak til Vg2 og Vg3 blir eigne elevar som søkjer seg vidare til påfølgjande kurs/programområde gjeve tilleggspoeng, dersom dei oppfyller desse vilkåra:

i. Dei har karakteren 2 eller betre i alle fag, og minimum 35 karakterpoeng.
ii. Dei har ikkje nedsett karakter i orden eller åtferd.

- Elevar som går på Vestborg når dei søkjer Vg2 får då 4 tilleggspoeng ved inntak til Vg2.
- Elevar som går på Vestborg når dei søkjer Vg3 får då 4 tilleggspoeng ved inntak til Vg3.
Eigne elevar som ikkje oppfyller krav til prioritering på grunnlag av karakterar i første halvår kan seinare bli prioritert på grunnlag av karakterar for andre halvår, men det blir ikkje halde av plassar til desse i opptak før fastsetting av karakterar for andre halvår.

C. Born av misjonærar i aktiv teneste

Born av misjonærar i aktiv teneste får 4 tilleggspoeng.

D. Karakterar i orden og åtferd

Nedsett karakter i orden og/eller åtferd kan føre til at ein elev ikkje blir teken opp dersom det er oversøkning.

E. Karakterar og poengutrekning

Utanom punkt 3 a til d over, blir søkjarane ved oversøkning prioritert ut frå karakterpoeng frå siste aktuelle karakterdokument jamfør ”Dokumentasjon” ovanfor. Dei som søkjer etter fristen, går inn i ventelista etter 1. opptaket etter poeng.

Karakterpoeng blir rekna ut etter same prinsipp som i offentlig skule jfr. Forskrift til opplæringslova § 6-15 a og b.
 
Skulen kan avvise ein kvalifisert søkjar til vidaregåande trinn når søkjaren tidlegare skuleår har vist manglande evne eller vilje til å betale skulepengar.
Vedtak om inntak er å rekne som enkeltvedtak etter Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) § 2. Søkjar kan klage vedtaket til fylkesmannen.
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no