Internasjonalt og KRIK-program

Internasjonalt program | KRIK-program

KRIK-program

I samarbeid med KRIK, kan Vestborg vgs gje tilbod om eit spennande KRIK-program. Her legg vi til rette for at du kan nyte den fantastiske naturen rundt skulen – heile året! KRIK-programmet er eit tilbod du kan velje ved sidan av ditt ordinære studiespesialisernde program.

Aktivitetar og goder

Pudderalarmgaranti! Når pudderalarmen går i fjellet får du omdisponere nokre skuledagen til tid i skitrekket. Gode rabattar på dagskort og sesongkort ved Strandafjellet skisenter. Pudderkøyring, surfing, klatring og kajakkpadling. Toppturar i spektakulære Sunnmørsalpane

Praksis og leiartrening

  • Leiartrening i lokalt KRIK-lag
  • OFF-PISTE leir på Vestborg vgs
  • Vestborg KRIK-cup

Undervisning

Om lag ein time i veka vert sett av til undervisning, trening og planlegging.
Du kan også velje programfag i breddeidrett som ein del av Krik-programmet. Det er eit fag med 5t/v med hovedfokus på ski og kajakk.

Vurdering

Ordinær eksamen i breddeidrett. Utover dette ingen eksamen eller vurdering med karakter.
Du får eit vedlegg til vitnemålet som skildrar pensum, praksis og omfanget av programmet.

Pudder og topptur

Strandafjellet skisenter, også omtalt som Powder paradise, er fleire år på rad kåra til Norges bests skianlegg for off-piste køyring. Tek ein trekket til toppen av Roalden kan ein køyre i laussnø heilt ned til skulen. Vestborg ligg rett ved sida av traseen til det populære Alperittet som går frå 1200 meter og ned til fjorden. Utpå seinvinteren er tida inne for toppturar i dei spektakulære sunnmørsalpane.

Kurs i klatring

Vestborg vgs har eigen klatrevegg. Vi leiger instruktør som gir kurs i klatring og sikring. Etter gjennomført kurs kan du få Brattkortet. Dette er nødvendig for å kunne klatre i, til dømes, den store klatreveggen i Sparebanken Møre Arena i Ålesund.

Surfing på Stadt

Hoddevika på Stadt er ein svært populær plass for surfeentusiastar. Ved sandstranda, på 1 km, kjem surfebølgene på rekke og rad.

Padling i Geirangerfjorden

Padling i verdsarvområdet Geirangerfjorden. Fantastisk natur der fjellet går stupbratt ned i fjorden. Overnatting på ein av fjordens mange fjellgardar.

Økonomi

Du må regne med nokre utgifter til skikort, kurs og reiser. Til saman om lag kr. 5000,-

Søknad

Kvar år får 30 elevar tilbod om å delta på KRIK-programmet. For å kunne bli vurdert til deltaking, må du søke KRIK-program ved å trykke på «Søk nå!» under. Hugs også å søke ordinær studieplass på VIGO i tillegg.

Søk nå!

Internasjonalt program

I samarbeid med NLM i Tanzania gir Vestborg vgs tilbod om Internasjonalt program for elevane ved skulen. I tillegg til å lære om, og bli inspirert av misjon, er målet at du skal utvikle god kompetanse innan geografi, kultur, sosiologi og humanitært arbeid. Undervisninga vil gå føre seg på engelsk, og når du har gjennomført Internasjonalt program, vil ein få eit «Certificate» i engelsk språkdrakt. Dette kjem i tillegg til vitnemålet som du får ved å følgje det vanlege studiespesialiserande løpet.

Studietur

10 dagers tur til Tanzania i vinterferien

Undervisning

Ein time i veka til undervisning og planlegging.
Undervisninga vil gjennomførast på engelsk.

Økonomi

Du betalar kr. 2000,- ekstra i månadane august til januar, dette dekker tur og opphald. Du må i tillegg sjølv dekke kostnadar til vaksiner og lommepengar.

Vurdering

Du får eit vedlegg til vitnemålet som skildrar pensum, praksis og omfanget av programmet. Det er ikkje eksamen eller vurdering med karakter i faget.

Kiabakari

Hovedbasen vår blir i Kiabakari i Mara-regionen. Her får du bli kjendt med afrikanske ungdommar og hjelpe til med ulike gjeremål og prosjekt. Mellom anna får du vere engelsklærar.

Misjonærfamilien Stensland er vår samarbeidspartnar i Kiabakari

Safari

Programmet legg opp til at du får oppleve enten nasjonalparken Masai Mara i Kenya eller Serengeti, som ligg i Tanzania. Parkane er kjende for rike dyreliv. Mange dyr held til i dette området, og vi håpar å få eit glimt av alle dei «fem store»: Elefant, leopard, løve, bøffel og nasehorn. Vi overnattar på ein safai lodge inne i parken.

Meir enn ein tur!

På Internasjonalt program skal du lære om internasjonale tilhøve, med fokus på Tanzania og Afrika. Målet er å skape engasjement for misjon og humamitært arbeid, samtidig som du opplever kulturen og den fantastiske naturen som Tanzania har å by på.

 

 

Søknad

Annakvar år får 20 elevar tilbod om å delta på Internasjonalt program. For å kunne bli vurdert til deltaking, må du søke Internasjonalt program ved å trykke på «Søk nå!» under. Hugs også å søke ordinær studieplass på VIGO i tillegg.

Søk nå!