Internatskule

 

Vestborg ønskjer å være ein heim der du kan trivast og utvikle deg positivt.

Vestborg er meir enn berre ein skule! Dei fleste av elevane våre bur på skulen, og internatlivet er noko for seg sjølv. Det kan være tryggare og betre å bu på internat enn å bu på hybel. Måltida servert i matsalen, og tilsynspersonale er i miljøet óg etter skuletid.

Elevkveldar, fløyfestar, sosialt samkvem, julekos, fysiske utskeiingar, bønnegrupper, kor, is & kaffi og mykje, mykje meir er nøkkelord for internatlivet. Når så mange bur tett saman, er det heilt nødvendig å ta omsyn til kvarandre og tilpasse seg kvarandre sine vanar og behov. På den måten får du mykje menneskekunnskap som du vil dra nytte av seinare i livet.
Vestborg har plass til ca. 110 elevar. Når elevflokken ikkje er større, er det lett å verte kjend med dei fleste andre på skulen. Både forholdet mellom elevane og forholdet mellom elevar og personale blir betre i eit lite og oversikteleg miljø. Personalet ved skulen står til disposisjon for elevane når dei treng hjelp av forskjellig slag.
 
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no