Krik-program

I samarbeid med KRIK, kan Vestborg vgs gje tilbod om eit spennande KRIK-program. Her legg vi til rette for at du kan nyte den fantastiske naturen rundt skulen – heile året! KRIK-programmet er eit tilbod du kan velje ved sidan av ditt ordinære studiespesialisernde program.



Pudderalarmgaranti! Når pudderalarmen går i fjellet får du omdisponere noke av skuledagen til tid i skitrekket. Gode rabattar på dagskort og sesongkort ved Strandafjellet skisenter. Pudderkøyring, surfing, klatring og kajakkpadling.


Toppturar i spektakulære Sunnmørsalpane


Leiartrening i lokalt KRIK-lag


OFF-PISTE leir på Vestborg vgs


Vestborg KRIK-cup


Undervisninga/turane blir fordelt utover året, noko på ettermiddag/kveld og noko i helgene. Skal du ta studiespesialisering, men vil ha meir idrett og friluftsliv, kan du også velje programfag i breiddeidrett og/eller friluftsliv. Det er begge fag med 5 undervisningstimar pr. veke.


Det er ingen eksamen eller vurdering med karakter i KRIK-programmet. Du får eit vedlegg til vitnemålet som viser kva du har vore med på.


Strandafjellet skisenter, også omtalt som Powder paradise, er fleire år på rad kåra til Norges bests skianlegg for off-piste køyring. Tek ein trekket til toppen av Roalden kan ein køyre i laussnø heilt ned til skulen. Vestborg ligg rett ved sida av traseen til det populære Alperittet som går frå 1200 meter og ned til fjorden. Utpå seinvinteren er tida inne for toppturar i dei spektakulære sunnmørsalpane.


Vestborg vgs har eigen klatrevegg. Vi leiger instruktør som gir kurs i klatring og sikring. Etter gjennomført kurs kan du få Brattkortet. Dette er nødvendig for å kunne klatre i, til dømes, den store klatreveggen i Sparebanken Møre Arena i Ålesund.


Hoddevika på Stadt er ein svært populær plass for surfeentusiastar. Ved sandstranda, på 1 km, kjem surfebølgene på rekke og rad.


Padling i verdsarvområdet Geirangerfjorden. Fantastisk natur der fjellet går stupbratt ned i fjorden. Overnatting på ein av fjordens mange fjellgardar..


Du må regne med nokre utgifter til skikort, kurs og reiser. Til saman om lag kr. 5000,-


Kvar år får om lag 30 elevar tilbod om å delta på KRIK-programmet. Du søkjer når du har starta på skulen i august. Alle nye søkjarar får plass! Dersom det er ledig kapasitet, kan du vere med fleire år.


Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no