Liten skule - Kjempemiljø!
Liten skule, kjempemiljø!
Vestborg VGS er ein vidaregåande internatskule, skulen ligg på Stranda, midt i Sunnmørsalpane. Vi tilbyr studiespesialisering og påbygging.
Vestborg er ein vidaregåande skule, mykje er likt ein offentleg skule:
- Du har same læreplan og same eksamen.
- Du får same vitnemål.
- Dei same studiane er opne for deg når du er ferdig.
- Du får same vitnemål.
- Dei same studiane er opne for deg når du er ferdig.
Vestborg tilbyr studiespesialisering og påbyggingsår for elevar som har gått yrkesfaglege studieretningar. Sjå meir om studietilboda i menyen til venstre.
Vestborg er meir enn berre ein skule! Dei fleste av elevane våre bur på skulen, og internatlivet er noko for seg sjølv. Det kan vere tryggare og betre å bu på internat enn å bu på hybel. Måltida blir servert i matsalen, og tilsynspersonale er i miljøet også etter skuletid.
Det er gode moglegheiter for ei aktiv fritid både på skulen og i området rundt skulen. Vestborg er plassert midt i Sunnmørsalpane – og er eit godt utgangspunkt for toppturar både sommar og vinter. Det er 5 km til Strandafjellet Skisenter. På ettermiddagstid er det ofte stor aktivitet i gymsal og treningsrom. Med ein gong våren kjem - og til langt utover hausten er det aktivitet på beachvolleyballbana. Vestborg er ein kristen skule, og her kan du vere med i bibelgrupper og på møter.
Kanskje vurderar du om du skal begynne på Vestborg? Kanskje har du tidlegare gått her, eller kjenner nokon som har gått her? Uansett er du velkomen innom sidene våre, - og om du er i nærleiken, må du gjerne stikke innom skulen ein tur!
Kom gjerne med tilbakemeldingar om sidene - til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
