siste nytt

Vestborg treng lærarkrefter i språk og realfag
03-Jul-2019



Skulen treng lærarar med kompetanse i engelsk, tysk og realfag frå august av. Les meir på Vestborg sine Facebook-sider:

https://www.facebook.com/vestborg/photos/a.239078942834936/2311550478921095/?type=3&theater

Vestborg vlog for mai og juni
02-Jul-2019

Her kjem den siste videologgen for Vestborg i skuleåret 2018-19.

Ordleik-filmen
02-Jul-2019

 

Etter oppmoding legg vestborg.no ut ordleik-filmen som vart laga til avslutningsfesten 15.6.


 

Tekjøkkenpraten: Inspektør Eva Habostad
25-Jun-2019

 


No er pensjonisttida like om hjørnet for Eva. Om dagane er ho travelt oppteken med å vidareføre kunnskapen sin til Bodil Breivik Bø, som skal overta inspektøroppgåvene hennar. Likevel vart det rom for ein prat på telefonen.

Eva, som flytta til Stranda då ho gifta seg, byrja for fyrste gong som personal på Vestborg for ikring 30 år sidan. I åra etterpå har det vore litt frå og til med Vestborg-jobbing, mellom anna på grunn av ho var mykje heime med borna då dei var små. Ho har hatt ulike oppgåver ved skulen, men er tydeleg på kva ho har trivst best med.

-Det kjekkaste har vore å vere sosialrådgjevar og vere i administrasjonen, seier Eva.

Ho held fram:

-Vestborg har vore viktig for meg, og grunnen er at eg ser kor viktig det er å ha ein kristen skule. Det har mange gonger vore utfordringar innan både undervisning og korleis ein skal møte ulike situasjonar. Samstundes har det vore kjekt å få ting til – å få løyse opp i vanskelege situasjonar. Eg har også ei oppleving at ting har gått lettare etter kvart som eg har vorte eldre. Gjennom erfaring så har eg vorte betre kjend med meg sjølv og kor mine grenser går.

-Har du nokre historier du kan dele?

-Det er mange solskinnshistorier. Mellom anna tenkjer eg på ein elev som hadde vore relativt aktivt med å gå på møter, men hadde ikkje stått fram som kristen. Sommaren etter denne eleven var russ, så fekk eg ei tekstmelding frå eleven om at han hadde teke mot Jesus. Eg hugsar også ein elev som hadde ein slitsam start på Vestborg-tida si – med skulking og det å vere lite aktiv i timane. Etter kvart fekk vi vedkomande i gang, og vedkomande vakna opp og fekk eit gjennombrot. Denne eleven er i dag i full gang med livet. Elles tenkjer eg ofte på kva tidlegare rektor Odd Rannestad sa: Elevane må få tid til å vekse.

-Korleis har tida på Vestborg vore?

-Eg har hatt ei flott tid, og eg kjem til å sakne folka og det pulserande livet. Samstundes gler eg meg til å få gjere ting som eg ikkje har fått gjort så mykje av tidlegare. Elles så veit eg at god helse er ein føresetnad for korleis framtida blir.

 

Lærar Asgerd Drabløs Godø takkar av
25-Jun-2019

 

Frå og med i august så er ikkje Asgerd lenger i lærarstaben på Vestborg. Då er det elevar ved Sykkylven vidaregåande skule som skal få nyte godt av hennar kunnskapar.

Asgerd kom til Vestborg i 2001. Med unnatak av nokre permisjonar har ho jobba ved skulen sidan dess.

-Eg har hatt ljose, fine år prega av positive elevar og kollegaer. Fellesskapet har vore godt, og det har vore mykje latter, seier ho.

Ho trekk også morgonsamlingane fram.

-Det er kjekt å møtast heile skulen på denne måten. Eg trur det er veldig viktig for skulen.

Asgerd bur i Sykkylven, og no når det vart ledig stilling innan språk, så søkte ho seg dit.

-Eg kjenner at eg er klar for nye utfordringar og input, og no vert også logistikken enklare, seier Asgerd om valet om å byte jobb.

 

Tekjøkkenpraten: Administrasjonssekretær Svein Lars Ringstad
25-Jun-2019

 


Administrasjonssekretær Svein Lars Ringstad har berre dagar igjen før han vert pensjonist. Av praktiske årsakar fekk vestborg.no nokre ord med den påtroppande pensjonisten på telefon.

Han fortel at han byrja i stillinga i november 1999.

-Eg har gledd meg til å gå på jobb kvar dag! Her har eg har trivst saman med personalet og med ungdomane, og eg har opplevd å få ha eit godt fellesskap her på Vestborg. Andaktane om på morgonsamlingane og møta på kveldane har også gjort at eg har hatt eit åndeleg fellesskap.

-Kva har oppgåvene vore?

-Det har vore til dømes å låse opp dører om morgonen, hente posten og jobbe med økonomien – som til dømes å sørgje for at dei tilsette får løn. Elles har det gått mykje tid til å hjelpe elevane med praktiske ting. Det er til dømes sal av materiell og skrive ut manus som dei treng til ei framføring.

Svein Lars trur ikkje han vert gjerandslaus i tida framover.

-Eg vonar eg også framtida får vere frisk. Då vil eg hjelpe til på bedehuset, vere med slekt og vener, gå turar, fotografere, reise litt og drive med ved-arbeid.

Han summerer opp tida på Vestborg på denne måten:

-Det har vore triveleg å få vere her. Når eg har kunna, så har eg prøvd å hjelpe elevar og personal når dei har tronge ei hand. Eg har opplevd mykje rikdom gjennom all takksemda eg har fått. Til sjuande og sist er det dette eg sit att med: Glede og takksemd!

 

Avslutningsfesten 2019
17-Jun-2019


Laurdag var det pynta til fest i gymsalen på Vestborg. Familie og foreldre kom for å markere slutten på skuleåret 2018-19.

 

Festen vart leia på effektivt og godt vis av VG2-elevar Laila Vikenes og Jarle Isene, og festlyden fekk mellom anna høyre flotte songinnslag og sjå imponerande turninnslag.

Pastor i Misjonssalen i Ålesund, Andreas Bakke, hadde andakt. Han var russ på Vestborg for 19 år sidan, og seinare har han mellom anna vore misjonær i Peru – landet som russen 2019 samla inn pengar til. Bakke snakka om fjell- den vakre naturen i Peru og i Stranda-området som Gud har skapt.

Mot slutten av festen fekk russen scenen. Dei nytta høvet til å overrekke Andreas Bakke som , på vegne av NLM, mottok heile kr 434 191,- i innsamla midlar! Saman med medelevane sine, så har russen gjort ein stor innsats gjennom heile året for Peru!




Idrettsdag
12-Jun-2019

 

I påvente av munnleg eksamen er skuledagane noko annleis enn dei plar å vere.
Til dømes var det idrettsdag på tysdag, som idrettsklassen arrangerte. På biletet kan ein sjå eit glimt frå den kreative oppvarminga. Elles var aktivitetane tautrekking, stafettar - der baklengs-løping, å gå på henda som ei trillebår var døme på etappar, og fotball. VG3 vann alle aktivitetane - mellom anna slo dei personalet på straffekonk i finalen.

Torsdag er det planlagd tur til fjellet Skurahornet. Elles har dei fleste bøkene kome inn, og elevane laddar for den vidgjetne plenfesten som går av stabelen på fredag.

Velkomen til avslutningsfest
12-Jun-2019

 

Laurdag 15. juni kl 1600 vert det avslutningsfest på Vestborg.


Både elevar og personal har innslag, og det vert avskjed med årets russekull.
Tidlegare Vestborg-elev Andreas Bakke, som no er pastor i Misjonssalen i Ålesund, skal halde andakt.
Festen vert avslutta med god mat tilrettelagt av Dana & co på kjøkenet.

 

Vener av skulen er velkomne!

PS! Mellom klokka 13 og 14 er det flexi-middag for elevar og foreldre, samt sysken av elevar.

 

Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no