Nyheter
Kick-off i januar
Inger Valbø, onsdag 02. desember 2009 14:40

Lurer du på kva du skal gjere til hausten? Har du lyst til å teste ut livet på ein internatskule? Bli med på ei GRATIS BLI-KJENT-HELG!
Dersom du vurderer å starte på studiespesialiserande eller påbygg til hausten, er det mange gode grunnar for å velje Vestborg. Har du lyst til å finne ut meir korleis det er å bu i internat og vere elev ved Vestborg, er du hjarteleg velkommen til Kick-off 15.-17. januar 2010.
Opphald med mat og overnatting er gratis.Ta med sovepose.
Det blir mykje kjekt program, og elevane er klare til å ta godt imot deg. Og ikkje minst, du har muligheit til å bli kjent med dei du skal gå i klasse med til hausten!

PROGRAM:
Fredag 15.01:
20.00 Kveldsmat
21.00 Kick off
Laurdag 16.01:
10.00 Frukost
11.00 Aktivitetar
15.00 Middag
16.00 Omvisning og faginfo
19.30 Kvelds
21.00 Elevkveld
Turnering + russekiosk
Søndag 17.01:
10.00 Frukost
Ski i trekket eller speling i russekiosken
14.00 Middag
Velkommen igjen til hausten!!
Påmelding: Ring 70 26 39 00 eller sende ein e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Vestborg ligg i Stranda kommune på Sunnmøre. Det går alltid ein buss!
20 av dei som var med på Kick-Off i januar 09, går no i Vg1. Så det er store sjansar for at helga vil gi meirsmak også for deg. På biletet ovanfor ser du tre av dei som ikkje angrar på at dei valde Vestborg. F.v. Ole-Martin Gustad, Klara Alnes Røyset og Andreas Furnes. (Foto: Jørgen Vik).
Tre gode grunnar
Eg har spurt to av dei som var med på Kick-Off kvifor dei bestemte seg for å byrje på Vestborg.
Solbjørg Kristine Stokken:

- Eg valde å begynne på Vestborg fordi det verka som ein veldig bra skule, og eg hadde lyst til å bu på internat for å komme meg ut i det sosiale livet og få ein mjuk start på utflytting heimanfrå, og det verka så kjekt. På kickoffen vart eg kjend med mange folk, og eg likte dei så godt at då eg sat i bilen på ferga for å dra heim, sa eg til pappa, som køyrde meg: "Eg skal begynne på Vestborg!" Så det var vel mest på grunn av menneska som går her og som skulle begynne, som gjorde at eg bestemte meg.
- På påskeleirane her på Vestborg har eg vore 3 år på rad, og då har eg blitt litt kjend med skulen. Dessutan er det så bra med å kunne få gå på ein kristen skule fordi det er så mykje betre miljø her enn på offentlege skular. Mobbing er i det heile tatt ikkje tolerert, eg merkar stor forskjell på når lærarane frå Vestborg snakkar om dette og når lærarane på ungdomsskulen (ein offentleg, vanleg skule) snakka om det. Det er heller ikkje lov å drikke eller røykje, noko som gjer at ein ikkje har noko gruppepress på dette. Dette var også ein av grunnane.
Ole-Martin Gustad:

- Eg var veldig i tvil før eg kom på Kick-Off, men der traff eg så mange hyggelege folk, og skulen verka som om han hadde så bra miljø, så etter Kick-Off var eg ikkje i tvil om at Vestborg var skulen for meg!
- Gi tre gode grunnar for kvifor fleire bør velje Vestborg!
Solbjørg:
1. Det er ikkje noko drikke- eller røykjepress, og alle på skulen er som ein stor familie og alle kjenner alle (sånn ca.). Ein får også så bra moglegheit til å høyre om Jesus og styrke trua si, eller også å ta i mot Han.
2. Når ein bur på internat, så får ein ein så god trening i det sosiale livet, og det er veldig viktig. Dessutan, når ein bur så nært i lag, er det så gode moglegheiter for å spørje kvarandre og samarbeide om skulearbeidet.
3. Vi har mange aktivitetar som av og til skjer om dagen, t.d. fotball og volleyball. Kvar søndag er det jentefotball i gymsalen. Gymsalen er også alltid open og klar til bruk. Eit anna pluss er at skulen ligg berre fem minutt frå skitrekket.
Ole-Martin:
1.Det er eit fantastisk miljø her på Vestborg! Både med tanke på møte og liknande, men også med mange morosame fritidsaktivitetar!
2.Skulen har dyktige lærarar, og sidan det er ein internatskule, er det lett å få hjelp viss det er noko du strevar med i leksene!
3.Fordi DU kan vere med å gjere Vestborg til ein endå betre stad!!!
Ta sjansen!
Meld deg på Kick-Off-helga og kom. Då vil du treffe både Solbjørg og Ole-Martin og mange fleire kjekke folk!
Og er det ikkje aktuelt for deg sjølv å søkje på vidaregåande skule, kjenner du kanskje nokon som er i den alderen. Fortel dei om Vestborg!
