Nyheter
Vestborgcup 2010
Inger Valbø, onsdag 09. desember 2009 10:48

5.-7.februar 2010 blir det Vestborgcup igjen. Få med deg venner, dann eit lag og meld dykk på! Ved påmelding før 10.desember sparer laget 200 kroner.

For 19. gong inviterer vi til innandørs fotballcup på Vestborg vgs. Målet vårt er å tilby ein kvalitetscup med gode dommarar, god speakerteneste, god stemning og lite ventetid. Samtidig vil vi introdusere deg for den store Redningsmannen, også kalla Jesus. Vi lovar deg ein cup som kan gje livet ditt rett retning!
Slik står det i brosjyra for Vestborgcup 2010.
Prisar:
800 kr pr. lag ved betaling før 10.desember.
900 kr pr. lag ved betaling før 15.januar. (NB: Det er snart!)
1000 kr pr. lag ved betaling før 30.januar.
I tillegg kjem turneringskort på 250 kr pr. person.
Påmelding og meir info:
Dann eit lag saman med folk i klassa, i ungdomsklubben, i koret eller i vennegjengen, og kom til Vestborg i februar!
Her kan du kan lese om forrige cup: Vestborgcup 2009
Og her er nokre bilete frå Vestborgcup 2009: Bilete