Nyheter
Opning av Strandafjellet skisenter
Inger Valbø, torsdag 17. desember 2009 13:08

Laurdag 19. desember blir det offisiell opning av det nye anlegget på Strandafjellet. Ny stolheis som kan ta 2.400 personar i timen og Nordvestlandet si lengste lysløype på 1330 meter er noko av det nye. Strandafjellet Skisenter får no til saman heile sju trekk.
Snø er det mindre av, men ved hjelp av snøkanon blir det no produsert snø for fullt fram mot opningsdagen.
La oss sjå litt korleis Vestborgelevane hadde det på fjellet sist vinter. Dette året kan det altså bli enno betre!







Bli med, du også! Kjem du på Kick-Off i januar, får du anledning til å prøve snøen på Strandafjellet.
Takk til Helene Birkeli for lån av bilete!
Les meir her: Strandafjellet Skisenter
