Nyheter
Kaldt nytt år
Inger Valbø, tirsdag 05. januar 2010 13:18

Vi står ved starten av eit nytt år. Sindre Nicolai er klar til å hoppe i det. Vi har spurt elevar og personale kva ønskje dei har for året 2010.

- Eg håper å finne ut kva eg vil med livet og det eg har, seier Sindre Nicolai Sundby.

Medan Sindre kosar seg i den kalde snøen, er det andre som liker seg betre i sofaen.
Inne i hallen sit Johan Olav Røsvik Synnes og Anette Mustorp.

- Det beste som skjedde i 2009, var at eg møtte han, smiler Anette.
- Kva ønskjer de for 2010?
- At det kan bli eit bra år, for alle på Vestborg, og for familie og venner, seier Johan Olav.
- At eg kan trene meir og jobbe meir, seier Anette.
Johan Olav legg til: - Eg ønskjer alle eit fantastisk to-tusen-og-ti!

Vaktmeistrane har jobba på spreng dei siste dagane med å brøyte snø og passe på at ikkje vassrøra frys. Svein Volden har også omsorg for elevane, så dei ikkje skal fryse. Gradestokken går stadig nedover. Her er Svein på veg til Skura med ein varmeomn.
På spørsmålet om kva han ønskjer for dette året, svarer han:
- Eg ber og håper at Vestborg får fullt med elevar til hausten!

Inne på kontoret sit Svein Lars Ringstad:
- Eg ønskjer at det skal bli eit godt, åndeleg år, der fleire blir kjende med Jesus, og eg håper også at vi får nok elevar og personale.
- Kva ønskjer du for deg personleg, då? Har du noko nyttårsfortsett?
- Sjølv? He-he. Der er nok mykje å ta tak i...

- Skal du ta bilete, også, då? Bodil Bø er i full fart på veg til ny time.
I andakta i dag tidleg delte ho med oss kva tankar ho har ved starten av det nye året.
- Eg prøver å finne noko å takke Gud for kvar dag. Det er vel noko vi skulle kunne klare!
La oss ta med oss oppfordringa.
Det er mykje som skjer framover. 15.-17.januar inviterer vi til Kick-Off, ei gratishelg for deg som lurer på om Vestborg er noko å satse på til hausten. 17.-24.januar reiser Vestborgrussen på turné til Nordfjord, Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre, og 5.-7. februar arrangerer russen Vestborgcup. Og innimellom driv vi faktisk vanleg skule.
Ha eit godt nytt år!
