Vil du være med å gjøre Vestborg.no bedre?

Svar på vår spørreundersøkelse.

Undersøkelsen tar omlag 5 minutt.

Svar på undersøkelsen nå! Svar på undersøkelsen senere. Jeg ønsker ikke å delta

fronter



Nyheter

Ein heilt vanleg onsdag

Ein_vanleg_onsdag_010
Vestborg er ein heilt vanleg skule. La oss ta ein tur rundt og sjå kva som skjer på ein heilt vanleg dag. I klasseromma sit nokre i T-skjorte, medan andre må ha meir på seg for å halde varmen på ein kald januardag.

Ein_vanleg_onsdag_001
Etter første time er det morgonsamling.

Ein_vanleg_onsdag_003

Vanlegvis er det tilsyn eller ein annan i personalet som har andakt, men i dag var det Hanne. Så kanskje ikkje ein heilt vanleg dag likevel.

Ein_vanleg_onsdag_004

Og så er det visst "Bad Hair Day" i dag. Silje stod sikkert opp ekstra tidleg for å få tid til denne frisyren. Vi kjem tilbake med fleire bilete!

Ein_vanleg_onsdag_009

Engelsktime i Vg3.

Ein_vanleg_onsdag_012

Gullborg Maridal underviser. Norsklæraren frå timen før har spart igjen eit lite hjørne av tavla for Gullborg. Eller er det mog(e)leg [mulig], [muleg], [moglig], [mogelig] at klassa rett og slett manglar ein ordenselev?

Ein_vanleg_onsdag_014

I Vg2 underviser rektor Geir Magne Engås i økonomi.

Ein_vanleg_onsdag_017

I fysikktimen til Vg2 pågår det ulike aktivitetar.

Ein_vanleg_onsdag_018

Bakerst mot veggen sit Johan Olav konsentrert over ei prøve.

Ein_vanleg_onsdag_019

Fysikkgruppa i Vg3 derimot førebur seg til prøve. - Han karen her treng nok ikkje så mykje hjelp, meiner Oddbjørn Maridal.

Ein_vanleg_onsdag_020

- Nå tror mamma at jeg jobber!

Ein_vanleg_onsdag_022

Vg1 har gym. Her går det bakover.

Ein_vanleg_onsdag_023

Oppvarmingsøving med hopp og sprett.

Ein_vanleg_onsdag_026

Lunsj. På Vestborg slepp du å smørje matpakke!

Ein_vanleg_onsdag_033_copy

Men skuledagen er ikkje slutt. Her er det kristendomstime i Vg2, der Lars Martin Bødal underviser om klostervesenet.

Ein_vanleg_onsdag_032

Og elevane ser ut til å følgje med i timen.

Ein_vanleg_onsdag_034

Vg3 og Påbygg har historie og lærer om oppstarten av andre verdskrig.

Ein_vanleg_onsdag_038

Historielærar er Bodil B Bø.

Ein_vanleg_onsdag_035

Bonja går på Påbygg.

Ein_vanleg_onsdag_036

Kris-Levi, Ragnhild og Simon er også påbyggselevar.

Ein_vanleg_onsdag_037

Bakerst i kråa sit Peter (Vg3) og Marius (Påbygg).

Er det nokon som er i tvil om val av skule til hausten? Søk Vestborg!