kalender

September

07.Bibelgrupper 20:30

Oktober

fronter



Nyheter

- Vi skal gå i klasse, vi!

IMG_8806.jpg.php_copy

15. -17. januar var 26 ungdommar innom på Vestborg for å smake på livet her. Fleire av dei har allereie bestemt seg for å kome igjen til hausten.

Helene og Marlene var to av dei som likte seg godt på Kick-Off. (Foto: Jørgen Vik)

IMG_8529.jpg.php

Vg1-elev Klara frå Godøya ønskjer velkomen ein ho kjenner frå Valderøya. (Foto: Jørgen Vik)

 

Kick_Off_001

Laurdag morgon er det mykje meir folk til frukost enn det bruker å vere.

Kick_Off_003

Friske og opplagde etter ei natt på eit klasserom.

Kick_Off_004

Skal tru om desse jentene blir faste ved frukostbordet til hausten?

IMG_8499.jpg.php

Rektor orienterer.

IMG_8507.jpg.php

Etterpå tek Vestborgelevar med seg dei nye og viser dei rundt på skulen. Her er dei på veg for å sjekke romma på Roalden.

IMG_8513.jpg.php

Her ser det då fint ut!

Kick_Off_005

Om kvelden er det elevkveld. Jan Magnus har leiken "tommel opp, tommel ned".

Kick_Off_006

Full konsentrasjon.

Kick_Off_008

Skal tru kven som står igjen til slutt?

IMG_8699.jpg.php

Her er vinnaren! (Foto: Jørgen Vik)

 

På laurdagskvelden får eg ein prat med fire av deltakarane på Kick Off-helga.

Kick_Off_013

 Frå venstre: Marlene frå Fosnavåg, Helene frå Byrkjelo, Lise frå Sandane og Tina frå Fosnavåg stiller gjerne opp til intervju i jentegarderoba medan dei andre har turnering i gymsalen.

- Kvifor kom de hit i helga?

- Eg var på besøk hos ei veninne her i haust, og det verka kjekt, og eg hadde lyst å vite meir om skulen, fortel Helene. Denne gongen fekk ho med seg veninna Lise.

- Det verkar gøy å bu på internatskule, seier Lise og Tina.

- Eg får ikkje lov til å flytte på hybel, legg Lise til. – Og eg har høyrt at det er bra miljø her. Ein blir betre kjend med folk når ein bur i internat, trur ho.

Kick_Off_010

Jentene snakkar i munnen på kvarandre, så det er litt vanskeleg å få med seg kven som seier kva. Det tyder iallfall på at dei har hatt det bra her.

- Kva inntrykk har de fått av skulen?

- Det er snille lærarar her, iallfall han rektoren er veldig snill, seier fleire av jentene.

- Det verkar som om alle er glade i kvarandre og at her ikkje er noko klikkmiljø. Det er positivt, legg dei til.

 

- Kva har de gjort her denne helga?

- Vi har sett film, spela biljard og hatt leikar i gymsalen, ramsar jentene opp. Men det kan sjå ut som om jentene har sett mest pris på tida til å prate ilag:

- Vi har blitt kjende med dei vi muligens skal gå i klasse med. Vi føler oss samanknytta allereie etter éin dag!

Dei nemner ein episode som viser dette: Ein gut kom litt seinare enn dei andre, og då var det ei som snakka om ”han nye i klassa”!

Kick_Off_011

- Vi skal gå i klasse, vi! Vi har iallfall gått i klasse ei helg, avsluttar Tina. Ho og Marlene har allereie bestemt seg for å starte på Vestborg, og Helene og Lisa vurderer det sterkt. Alle fire anbefaler også andre å kome og sjå på skulen.

Lise_S_2

Det vart også tid til leik i snøen. (Foto: Lise S.)

Velkomne tilbake!

Sjå fleire bilete her: Bildegalleri