Nyheter
Kom begeistra og trøytte tilbake
Inger Valbø, onsdag 27. januar 2010 13:35

I løpet av ei veke har Vestborg-russen hatt meir enn 30 møte. Sjølv om det sikkert til tider har vore slitsamt, verkar det som om alle har hatt det kjempebra og gjerne kunne ha tenkt seg ei veke til!
Nokre kollektar har det også blitt til prosjekta i Mongolia. Ovanfor ser vi kollektørane Helene og Åshild før møtet på Gamlem bedehus fredag kveld, der to av gruppene slo seg saman.
Den eine gruppa hadde tidlegare i veka vore på Longva, der dei overnatta hos familien Ulla.

Eit møte går ikkje av seg sjølv. Det må førebuast. Jarl Øystein, Martin og Anne-Marthe heime på Ulla. (Foto: Anita Myklebust Ulla)

Ole Johan har blokkfløytekonsert i stova til inntekt for Mongolia og får inn 100 kroner til prosjektet!
(Foto: Anita Myklebust Ulla)

Kosleg kveldsmat etter møtet. (Foto: Anita Myklebust Ulla)

Det manglar ikkje mat på Nordøyane. (Foto: Anita Myklebust Ulla)

Anne-Marthe på heimebane. (Foto: Anita Myklebust Ulla)
Og så er det blitt fredagskveld.
.
Martin prøver å få på plass dei siste songtekstane rett før møtet,

medan forsongarane på gruppe 4 øver med pianisten på gruppe 5. (Foto: IV)

Dette er før møtet har byrja, men jentene meinte dei hekla under møta, også. Skikkelege misjonsforeiningsdamer, med andre ord!

På Gamlem liker dei fastbuande seg best bakerst i salen.

Det ser ut til å vere ei alvorleg forsamling, men gjengen frå Vestborg sørga for at det vart ein kveld med mykje smil og latter.

Ikkje minst intervjuet var eit muntert innslag. Eitt av standardspørsmåla frå Ole Johan var: "Er det normale elevar som går på Vestborg?" Kva skal ein stakkar svare på slikt?

Wenche Lunde talte om at Gud er trufast og at han har kalla oss til truskap.

Jarl Øystein formidlar facts om Mongolia. Ikkje alltid så lett å halde hovudet klart når det er langt uti veka og ein har byrja å bli trøytt.
Søndag samlast alle gruppene til avslutning på Misjonssalen i Ålesund. Eg reknar med at det var der dei fekk den største kollekten.
Etiopiamisjonær Osvald Hindenes utfordra ungdommane:
- Dei gamle dekka på "misjonsbilen" er utslitne. No er det de som er dei nye dekka som gjer at misjonsbilen kan rulle vidare!

Heile gjengen stiller opp og presenterer seg i slutten av møtet. Tek de utfordringa om dei nye dekka?
Sjå fleire bilete frå russeturneen her: Russeturné 2010
