Nyheter
Origami og okonomiyaki
Inger Valbø, onsdag 03. februar 2010 10:04
Det høyrest japansk ut, og det er det, også. Origami betyr papirbretting, og okonomiyaki er ein slags japansk omelett.
På strikkeklubben sist onsdag vart strikkepinnane lagde til sides til fordel for japansk brettepapir. Klara viser fram ei trane som ho har laga. (Foto: Jørgen Vik)
Ei jente frå Japan har vore på Vestborg nokre dagar for å møte norsk ungdom og lære om norsk kultur. Vestborgelevane lærte også litt japansk kultur. Konsentrasjonen ser ut til å vere på topp under brettinga av fuglar.

Hanne, Magne og Jorunn følgjer godt med når Nodoka forklarer. (Foto: Jørgen)


Hanne har forstått teknikken! (Foto: Jørgen)

Nodoka har skrive namnet til Klara. Det liknar iallfall litt: Kura-ra Årunesu. (Foto: Jørgen)

Medan dei andre var på skulen torsdag, vart det tid både til ein glatt biltur til Hellesylt og ein frisk skitur i lysløypa på Strandafjellet. Takk til Anette F. for lån av ski!

Nodoka førebur maten til Japankvelden fredag.

Hanne har hatt storproduksjon sidan onsdag.

Då er okonomiyaki-en snart klar for servering.

Litt skeptisk, Moses?

Elisabeth har fått grepet på pinnane.

To med asiatisk opphav har funne tonen.

Nodoka og Elisabeth utvekslar jenteblad, og Elisabeth har fått mange idear til nye frisyrer!

Måndag takkar Nodoka for seg under morgonsamlinga.

Her overrekkjer ho rektor ein lukkepose med forskjellig rart i.
Det kjem intervju med Nodoka i neste nummer av Vestborgkontakt. Då kan du mellom anna få høyre kva som overraska henne mest under opphaldet på Vestborg.
I mars blir det meir Japan-besøk. Så det er berre å øve på japanske gloser framleis!
Sjå fleire bilete her: Bildegalleri
