fronter



LEDIG STILLING

 Meir info

 

 

Nyheter

Gutane med songbøkene

Nodoka_044

Dei stiller opp med den lille blå Sangboken utan notar og syng fleirstemt. Dei syng om Jesus, og det viser på dei at dei meiner det dei syng.

Nodoka_028

Sist laurdag var mannskoret BJØRG på basar. Ikkje på bedehuset denne gongen, men på kulturhuset. Dei som hadde invitert dei, var Helselaget si Yngresforeining. Her stilte dei unge mennene opp og song gamle, gode bedehussongar. Sjølv om teknikken svikta dei litt, trur eg bodskapen nådde fram til mange. Koret var også litt amputert fordi nokre hadde reist heim i helga, men dei som var igjen, gjorde ein bra jobb! - Eg vart nesten rørt til tårer, sa vår japanske gjest etterpå. Ho var nok ikkje åleine om det.

Nodoka_034

 

Nodoka_040

Nodoka_038

Nodoka_033

"Å, hvor salig å få vandre" og "Da Jesus satte sjelen fri" var nok kjende tonar for mange sjølv om dei kanskje ikkje går på bedehuset eller i kyrkja lenger, og nokre nynna også med. Ein god, gammal song av Sigvart Engeset hadde fått ny melodidrakt. Du kan høyre litt på videosnutten nedanfor:

Bjørg på basar

Etter at gutane hadde sunge, fekk dei forsyne seg rikeleg av sjokoladekake, skulebollar og saft som takk for innsatsen.

Nodoka_043

Nodoka_046

Glade gutar med sjokoladekake og songbok. Det folk snakka om etter basaren, var dei kjekke gutane.

Her kan du sjå bilete av då jentene fekk vere med Bjørg på caroling 13.desember: Luciadagen

Må Gud velsigne songen dykkar!