Nyheter
Oppdag universet med Ingvill og Galileo!
Inger Valbø, tirsdag 09. februar 2010 15:52

I dag fekk Ingvill to store kasser levert på kontoret sitt. Kassene inneheldt 11 galileoskop!
Galileoskopet er eit lite linseteleskop som ein kan bruke for å gjere eigne oppdagingar på stjernehimmelen. Med dette instrumentet kan du med eigne auge gjenoppleve litt av det Galileo Galilei først såg for 400 år sidan.
Ingvill Strømmen Mostraum gler seg til å ta galileoskopa i bruk og ventar på ein kveld det er klart vêr og ho har tid.
- Vi kan sjå stjerner og planetar med galileoskopet, men det er IKKJE til å sjå på sola med, understrekar Ingvill. - Du ser på sola berre to gonger. Ein gong med det eine auga og ein gong med det andre. For den som ikkje forstår det, blir du med andre ord blind...
Les meir om galileoskopet her: Astronomiåret 2009

Først må teleskopet monterast.

11 galileoskop ventar på å bli tekne i bruk på ein klar vinterkveld.
