Vil du være med å gjøre Vestborg.no bedre?

Svar på vår spørreundersøkelse.

Undersøkelsen tar omlag 5 minutt.

Svar på undersøkelsen nå! Svar på undersøkelsen senere. Jeg ønsker ikke å delta

fronter



Nyheter

Music Mission til Vestborg

IMG_2517_edited-1-farge

Music Mission er eit nytt team som består av fem brennande og engasjerte menn i alderen 19 - 36 år. Dei har bakgrunn frå Kongshaug musikkgymnas og starta å reise rundt i august 2009. Tysdag 16.februar kjem dei til Stranda.

10217_290802775502_845945502_9169830_5051946_n

Arne Pareli Pedersen – songar: Arne er 19 år og kjem frå Harstad. Han kallar seg sjølv songevangelist, men han er allsidig og syng også klassisk, pop og gospel.

10217_290799040502_845945502_9169798_6088369_n

Thomas Gallatin – trommer: Thomas er 19 år og kjem frå Kvinlog, ikkje langt frå Kvinesdal. Han er eit av dei største trommetalenta i landet.

10217_290802790502_845945502_9169832_4758404_n_copy

Rune Hodne Hermundsplass (t.h.) – gitar: Rune er 19 år og kjem frå Kvelde utanfor Larvik. Rune er ein stødig bedehusgut som spelar gitar på høgt nivå.

Ragnar Løsnesløkken (t.v.) – bass: Ragnar er 35 år og kjem frå Lillehammer. Han er utdanna musikklærar og har jobba på Kongshaug Musikkgymnas frå 2001 til 2008. Han er no pianolærar ved Ringebu Kulturskule ved sida av å arbeide som bonde på Fåvang.

10217_290799015502_845945502_9169796_7091489_n

Gunnar Melbø – tangentar: Gunnar er 36 år og kjem frå Vingrom i Lillehammer kommune. Han er utdanna kantor og har jobba på Kongshaug Musikkgymnas sidan oppstarten i 1999.

Vil du vite meir om dei fem karane, kan du gå inn her: mmproductions.no

 

Vestborghallen tysdag 16.februar

17.30 Stor familiekonsert med Music Mission og Mixklubben (fri inngang)

20.30 Konsert. Salmar og songar i ny og spennande drakt! (Vaksne: kr.100, born/student kr. 50)

Gå ikkje glipp av dette! Det blir ulikt program på dei to konsertane, så har du tid, bør du få med deg begge.

5455_265555705494_823885494_9397650_5533124_n

Her er oversikt over andre konsertar i Møre og Romsdal i februar: Turné 2010

Bileta er funne på Music Mission si side på Facebook. Fotograf av heile teamet er Rune Sæther.