kalender

September

07.Bibelgrupper 20:30

Oktober

fronter



Nyheter

Vellukka Vestborgcup

16-of-63.jpg.php

5.-7.februar vart den 19.Vestborgcupen avvikla. Aktiviteten var stor frå tidleg morgon til seine kvelden.

Vestborgkontakt sin utsende fotograf Jørgen Vik var der med kameraet sitt.

47-of-63.jpg.php

Her er det kamp om ballen!

 

48-of-63.jpg_595

56-of-63.jpg.php

Gutane var også aktive på banen.

 

13-of-63.jpg_595

Andre hadde pause på tribunen.

35-of-63.jpg_595

Vestborgcup er meir enn fotball. Musikklassa ved Fjellhaug Bibelskule leia lovsongen.

03-of-63.jpg.php_copy

39-of-63.jpg.php

Og rektor ved samme skule, Tor Erling Fagermoen, talte om Jesus. Laurdagskvelden snakka han om at det er forskjell på å ha kunnskap om Jesus og det å kjenne Jesus.

Han samanlikna det med det å prøve å forklare for ein som aldri har smakt Cola, kva Cola er og kor godt det smakar. Det hjelper ikkje for den som er tørst berre å vite at det finst Cola, men han må drikke sjølv. Tor Erling prøvde også å få oss til å forstå kor godt det er med appelsin. Vi forstår ikkje kor godt det er før vi sjølve smaker det. Slik er det med trua på Jesus, også. Det er ikkje nok å kunne det i teorien.

- Jesus var skikkeleg, skikkeleg, skikkeleg død, forkynte Fagermoen. - Og då han stod oppatt, var han skikkeleg, skikkeleg, skikkeleg levande!

Det er den levande Jesus som vil ha fellesskap med oss. Difor er det eigentleg vi har Vestborgcup, også.

28-of-63.jpg.php

Velkommen igjen på Vestborgcup neste år!

Sjå fleire bilete frå Vestborgcup 2010 her: Bildegalleri