Nyheter
Salmar og songar i ny drakt
Inger Valbø, torsdag 18. februar 2010 11:16

Music Mission er eit team på tre tidlegare elevar og to lærarar ved Kongshaug Musikkgymnas. Tysdag 16. februar hadde dei to konsertar i Vestborghallen.
19-åringen Arne Pareli Pedersen imponerte med si fyldige stemme og varme utstråling. Saman med orkesteret samansett av el-gitar, bassgitar, slagverk og keyboard gav han kjende songar og salmar ei ny og spennande drakt. Alle fem er dyktige musikarar. 19-årige Thomas Gallatin (under) blir til dømes rekna blandt dei største trommetalenta i landet.

Den første konserten vart arrangert saman med Mix-klubben. Bandet akkompagnerte både Mix-klubb-koret og ei gruppe som kallar seg Tweens. Dei tre gutane i Tweens imponerte forresten med flott rapping!
Medan familiekonserten hadde barnesongar i fokus, var det meir kjende lovsongar og salmar på kveldskonserten.

Det lokale mannskoret ”Bjørg” framførte ”Å, hvor salig å få vandre” med Music Mission som akkompagnørar.

Det som gjorde sterkast inntrykk på underteikna, var arrangementet av den gamle påskesalmen ”Naglet til et kors på jorden”. Musikken gjorde at ein kunne nesten høyre hammarslaga mot naglane og kjenne noko av smerten som Jesus måtte oppleve for vår skuld.
Midt i konserten stoppar Pedersen opp og viser til mottoet på frontveggen i Vestborghallen. ”Med blikket på Jesus” står det med store bokstavar.
- Den songen er det han som har skrive, seier Pedersen og peikar på Gunnar Melbø bak pianoet.

Med komponisten ved tangentane vart det spesielt å lytte til både musikken og bodskapen i songen ”Hald blikket festa på Jesus”.
Mange sikra seg også ein eller to CD-ar ved utgangen, så songen deira vil leve vidare. Takk til Music Mission som la turen innom Stranda!
Alle foto: Jørgen Vik
Sjå fleire bilete på Jørgen sin blogg: Gallery