Nyheter
Fargerik og smakfull overrasking
Inger Valbø, torsdag 18. februar 2010 12:31

På info-skjermen i går stod det "Tex Mex-buffet" på menyen, men ingen av elevane visste at der var fire kokkar i aktivitet på kjøkkenet. Her ser vi tre av dei.

Svein Skarbøvik og Arne Farstad frå Møre Storhusholdning AS førebur Tex Mex. Arne passar klokka.


Denne grøne avocado-sausen heiter guacamole, forklarer Arne Farstad.

Det nærmar seg middagsservering, og buffeten er fyllt med allslags godsaker og pynta med mexikanske ponchoar og hattar.

Og utanfor den låste døra står elevane og anar ingenting.

Så blir dørene opna, og svoltne elevar strøymer inn. Stemninga er god rundt buffeten.

Kokken forklarer og utfordrar elevane til å prøve nye smakar.
-Kvifor gjer de dette? undrast ein elev. - For å få litt fart på dykk! repliserer kokken.

Jarl Øystein er svært fornøgd. Han har berre ein ting å utsetje:
- Og så i dag når vi har teater! seier han litt oppgitt. Ikkje så mykje tid til å sitje og nye maten, med andre ord.

- Dette er det beste som har skjedd på Vestborg! meiner Bendik.

Sara, Jørgen, Solbjørg og Ole-Martin ser også ut til å nyte dagens middag.

- Det er lenge sidan vi har vore så populære, gliser dei tilreisande kokkane.
- Gjer de dette gratis? lurer vi på, og det gjer dei.
- Dersom vi får dykk til å kjøpe varer frå oss kvar gong de har Taco, så..., seier dei. Dei legg ikkje skjul på at dei er ute for å selje. Det er jobben deira. Frå Sunndalsøra og Kristiansund i nord til Førde i sør reiser dei rundt og demonstrerer produkta for fleire firma. I går var det Findus som fekk litt ekstra reklame.
Elevane var iallfall fornøgde. Kjekt med ei overrasking på ein heilt vanleg kvardag!

-
