Nyheter
Samarbeidsvillig ny kollega
Inger Valbø, mandag 01. mars 2010 19:39

Han deler villig appelsinen sin med andre. Måndag 8.mars skal Vidar Hamnøy ha sin første undervisningstime i økonomi og ledelse.
I dag var Vidar innom for å skrive kontrakt og for å få ein times opplæring. Det vart nærare to timar. Kåre Bø har mykje å lære bort:



- Kva lærte du på denne korte tida?
- Eg fekk innføring i rutiner, korleis ting fungerer. Fronter, mellom anna.
- Tok du det med ein gong?
- Ja, då.....
Kven er eigentleg denne karen?
Vidar Hamnøy, 35 år, oppvaksen på Skodje, men har flytta ein god del. Han og familien har nettopp busett seg i Ålesund. Før det budde dei på Røros eit halvt år, før det i Orkdal, og før det igjen i Harstad. Han forklarer at det er kona som er grunnen til all flyttinga. - Du skjønar, ho er turnuslege, så eg er berre med på lasset.
Dei har sonen Emil på 1 1/2 år, og blir snart foreldre til nummer to, fortel han.
- Skal de slå dykk til ro i Ålesund, no, då?
- Kona har no fått fast jobb, men eg har makk i rumpa, så kor lenge det blir her, er uvisst, seier han.
Sidan 2007 har Vidar vore tilsett i NLM Økonomiservice. Før han flytta til Ålesund, hadde han heimekontor, men no har han kontor i Myrabakken i Spjelkavika.
- Har du undervist før?
- Nei, ikkje utanom intern opplæring.
- Korleis ser du på jobben?
- Gler meg!
- Inntil vidare, seier Svein Lars som er innom på pusterommet for å rydde opp i avisene.
Og så seier Vidar: - Kva meiner du med det??
Vidar startar sin undervisningskarriere neste måndag, 8.mars, med fire timar økonomi. Kvar måndag framover blir det blide fjeset hans å sjå her. Vi ønskjer han lukke til og velkommen blant oss på Vestborg!

Vidar ser ut til å vere ein kjekk kar. Halve appelsinen er merka "deles Geir".

- Eg syntest appelsinen såg så fin ut, og Vidar ville gjerne dele, forklarer Geir Magne.
Kanskje deler han med elevane sine, også?