Vil du være med å gjøre Vestborg.no bedre?

Svar på vår spørreundersøkelse.

Undersøkelsen tar omlag 5 minutt.

Svar på undersøkelsen nå! Svar på undersøkelsen senere. Jeg ønsker ikke å delta

fronter



Nyheter

Meir Japanbesøk

Japangjestar_012

Vinterferien er nettopp over. I Japan har vårferien starta, og japanske ungdommar nyttar ferien til å ta seg ein utanlandstur. Av alle plassar hamna dei på Stranda.

Svein Lars har hatt mange japanarar innom kontoret sitt etter nyttår. Her ser vi Asuka, Sho og Shinsei etter at dei har betalt for seg.

Nodoka var den første japanske ungdommen som kom til Vestborg i januar. Og i mars har det tatt heilt av. Berre denne veka har vi hatt besøk av fire smilande japanarar.

Japangjestar_001

Etter ein lang busstur frå Oslo er det godt med ein kaffikopp. Den elektroniske ordboka er god å ha for å forstå kva internatleiaren har skrive.

Japangjestar_005

Morgonsamling 2.mars. Shinsei prøver å finne heimbyen Nagasaki på kartet, før han fortel om korleis han vart ein kristen.

Japangjestar_006

- De har for lite klede på dykk, meiner vaktmeister Svein.

Japangjestar_020

Dei japanske studentane ville vere med på engelsktime, men det vart visst meir ein japansktime for dei andre.Japangjestar_019

Rune og Linda har funne japansk på internett.

Japangjestar_024

Utandørs fotball omgitt av snø var også ei ny oppleving for japanarane.

Japangjestar_035

Gutane imponerte med flott song og gitarspel.

Japangjestar_038

Synne song for dei japanske gjestane, akkompagnert av Johan Olav.

Japangjestar_040

Ved hjelp av mobiltelefon klarte Bjørg å samle nok medlemmer til å stille opp.

NESTE GJESTETALAR:

Japangjestar_070

Etter at dei tre studentane var reist, fekk vi besøk av ein fysikklektor. Dessverre var det berre ei av klassene som fekk høyre Naoto sitt vitnemål fredag morgon.

Japangjestar_074

- Kva er dette? lurer Bodil på. Naoto har med seg smågodt som han deler med personalet under fredagslunsjen.

Japangjestar_076

Dana og Signe-Brit likte spesielt godt "fullmåne"-kjeksa.

Naoto_002

Etter middag var det ope hus i Andersvegen, med japansk te og prat.

- Kva har du gjort med bordet ditt? lurer Anne på. Dette er ein "kotatsu", det vil seie eit bord med varmepære under. Ypperleg for kalde føter, men kanskje ikkje for norske ryggar...

Naoto_013

Bendik vann overlegent i sjakk, men måtte gi seg i handbak:

Naoto_015

Her kan du sjå video av sjakkspelarane og tilskodarane:

PLAYING CHESS

Naoto_018

Naoto fortel dei andre korleis han vart ein kristen, etter den første turen til Norge i 2002.

Naoto_021

Rett før Naoto reiser fredag kveld, får han treffe att to brør han møtte for 7 1/2 år sidan, Krasp-leiarane Runar og Hans Christian Kjerstad.

Takk for besøket, og god tur vidare!

Fleire bilete kan du sjå nedanfor. More pictures at the link below:

Bildegalleri