kalender

September

Oktober

fronter



Nyheter

Sett med japanske auge

Japangjestar_073

Fysikklektor Naoto Hashimoto (snart 27) har med seg mange inntrykk og tankar heim igjen til Japan etter å ha fått obeservert undervisninga på Vestborg. Det som overraska han mest, var bruken av PC i undervisninga og diskusjon i timane.

Naoto er nettopp ferdig med tredje året som lærar i ein vidaregåande skule i Osaka, etter at han fullførte mastergraden i fysikk våren 2007. Før skuleavslutninga i slutten av mars har han klart å få seg ei veke fri for å kome til Norge. Nytt skuleår tek til 1.april.

Her kallar vi han Naoto, men for dei 1.800 elevane ved Momoyama Gakuin er han Hashimoto-sensei. (Sensei= tittel på folk i høgare stilling, som lærar, prest eller doktor.) Å kalle ein lærar ved førenamn er utenkjeleg. Til og med medan han var student og hadde deltidsjobb på ein "puggeskule", stilte han i dress og slips og vart kalla Hashimoto-sensei, sjølv om han berre var nokre få år eldre enn elevane.

Japangjestar_069

Naoto er vant til å stå i ein formidlingssituasjon, men det er ikkje ofte han har engelsk manus.

Kristen skule i Japan

Naoto er kontaktlærar for ei tredjeklasse med 43 elevar. Rett over helga skal han tilbake på jobb for å skrive ut vitnemål for klassa si. Kvar morgon møter kontaktlæraren klassa si før første time startar. Dei 43 elevane er alle gutar, men det finst også blanda klasser og reine jenteklasser, alt etter kva linje elevane har valt. 31 av dei 43 han har ansvar for, har fysikk som fag, så det er dei han har mest med å gjere.

- Momoyama Gakuin feira 125-årsjubileum i fjor, fortel Naoto. - Skulen vart starta som ungdomsskule, av britisk misjon  i 1884, men vart seinare gjort om til vidaregåande skule.  I Meiji-perioden vart Japan opna for impulsar frå utlandet, og ulike misjonsorganisasjonar nytta høvet til å starte skular. Momoyama vart starta som rein guteskule. Ikkje før i 2001 vart skulen opna for jenter, seier Naoto.

I starten var det nok evangelisering som var målet, men i åra sitt løp har nok skulen blitt tappa for kristent innhald, meiner Naoto.

- Fram til for nokre få år sidan var det undervisning i kristendom alle tre åra, men no er det berre første klasse som har kristendom.  Men kvar morgon har vi andakt over høgtalarane. Det er tilsett ein chaplain som har ansvar for kristendomsundervisninga og andaktene. Elles er dei berre 5 kristne lærararar av totalt 100 fulltidstilsette. Rektor er heller ikkje kristen, og kyrkja har ikkje lenger nokon representant i skulestyret, forklarer Naoto.

Kristen lærar - eit kall

Sjølv ser han på å vere kristen lærar som eit kall.

- Alle lærarane veit at eg er kristen, og eg får av og til anledning til å vitne. Nokre gonger i semesteret har vi klassevise samlingar, med omlag 600 elevar og lærarane deira. Då blir eg spurt om å be, og på den måten forstår også elevane at eg er kristen. Av og til spør andre lærarar meg etterpå om korleis eg ber. Til dømes i buddhismen er det ikkje vanleg å be med eigne ord, så det er uvant for mange å høyre nokon be slik.

Naoto har også opplevd at elevar kjem på kontoret hans for å spørje om faglege ting, og så får dei ein samtale om kristendom.

- Eg prøver også av og til å nemne Gud i fysikktimane. Eg seier at det må vere ein Gud bak alt det skapte. Ingen av elevane i klassa er kristne, så dei verkar ikkje så veldig mottakelege, men eg kan i alle fall så nokre frø, seier han om si oppgåve.

Nytt liv i bibelstudieklubben

Naoto har sjølv vore elev ved Momoyama Gakuin. Men det var før han vart ein kristen sjølv. Han vart døypt i 2003. No er han tilbake som kristen lærar. I japanske skular er det mykje klubbaktivitetar. Sidan skulen var starta som ein kristen skule, har der også vore ein bibelstudieklubb, men denne klubben hadde vore utan aktivitet i mange år. Då Naoto starta som lærar, hadde denne klubben "sove" i omlag 20 år. Men han stod framleis på papiret.

Alle lærarar må ha ansvar for fleire klubbar, og i tillegg til ein bordtennisklubb og ein brassbandklubb fekk Naoto også ansvaret for bibelklubben (utan medlemmer), sidan Naoto var ein kristen. Alt dette er ubetalt, "frivillig" arbeid, fortel han. For to år sidan i mai skjedde det noko. Fire elevar kom og spurde Naoto om han kunne hjelpe dei å få nytt liv i bibelstudieklubben. Dei starta å samlast ein gong for veka, og no er der ei gruppe på omlag 10 medlemmer. Også ikkje-kristne kjem.

Ta vare på visjonen!

- Samanlikna med Momoyama Gakuin er Vestborg ein ung skule i sitt 61.år. Kva trur du er viktig for at vi ikkje skal miste det kristne innhaldet?

Naoto forklarer kvifor han trur mange såkalla "mission schools" i Japan har fjerna seg frå det opphavelege målet:

- Japan er eit konkurransesamfunn, der det er om å gjere å kome inn på dei beste universiteta. Difor blir undervisninga i vidaregåande lagt opp utifrå det. Fag som ikkje er til nytte for opptaksprøvene, blir kutta ut. Og då er det kristendomsfaget som må lide.  Eg trur difor det er viktig for Vestborg å ta vare på visjonen!

Augeopnar

I løpet av dei to dagane Naoto var på Vestborg har han gjort seg mange tankar om skilnaden på undervisninga i Norge og Japan.

Han har fått vere med på timar i engelsk, biologi og kjemi.

- Det som overraska meg mest, var at elevane brukte PC i timane. Det er utenkjeleg i Japan! På vår skule har vi 50 datamaskiner på 1.800 elevar. Det er berre 1.klassingane som bruker dei i media-fag.

Alle innleveringar er også handskrivne, fortel han, og legg til at han ser fordelar med bruk av PC:

- Eg fekk sjå ein rapport som ein Vestborgelev hadde skrive. Eg vart imponert! På universitetsnivå i Japan blir det forventa at studentane skal kunne bruke data, men dei får ikkje noko opplæring i bruk av Word eller Powerpoint på vidaregåande. Så der er absolutt eit stort gap der, innrømmer fysikklektoren. Japanske ungdommar har PC heime, men den blir brukt berre til internett og spel.

- Men eg ser også ulemper med at elevane bruker PC i timane. Det må vere vanskeleg for læraren å følgje med på kva elevane driv med, meiner Naoto.

Her er nok fleire Vestborglærarar samde med han.

- Noko anna som overraska meg, var bruk av diskusjon i undervisninga. Eg var med på ein biologitime der det var lagt opp til diskusjon om genteknologi. Det var interessant å sjå kor engasjerte elevane var i diskusjonen. Slikt kunne aldri ha fungert i Japan, meiner han.

- Det verka også som om elevane hadde høg motivasjon, seier han. - Det trur eg har samanheng med at det er såpass stor valfridom i norsk skule. Når elevane får velje fag dei er interesserte i, aukar motivasjonen. I japansk skule har ikkje elevane så stor valfridom. Etter opphaldet her har eg lært kor viktig det er å sjå den enkelte elev. I Japan tenkjer vi meir grupper.

Det korte opphaldet på Vestborg har vore ein augeopnar for den unge fysikklæraren:

- Når eg kjem tilbake til Japan, vil eg formidle til dei andre kva eg har lært og opplevd i Norge! seier lektor Hashimoto til slutt.

Søndag føremiddag er han allereie tilbake i Osaka, og måndag er det rett på jobb igjen.

Japangjestar_071_copy

Lektor Strand og lektor Hashimoto har møttest før, men det var i Japan.