Nyheter
Er med i Abelfinalen
Inger Valbø, torsdag 11. mars 2010 13:21
I dag er Vg2-elev Une André Simonsen i Trondheim for å vere med i finalen i Abelkonkurransen. Han vart nr. 6 i andre runde i januar. Finalen går av stabelen 11. - 12. mars.
Totalt var 3597 deltakarar med i første runde. 360 elevar frå 135 skular kvalifiserte seg til andre runde. Av desse deltok 329 frå 126 skular. Dei 22 beste er med i finalen.
Også elevar frå andre kristne vidaregåande skular står høgt på lista. Olav Brennsæter frå Kongshaug Musikkgymnas er nr. 5 på resultatlista, og etter Une på nr. 6 står Alexander Opedal frå Famnes kristne vgs som nr. 7.
Fullstendig deltakararliste for finalen finn du HER
Vil du følgje med på kva Une gjer i Trondheim utanom å løyse matematikkoppgåver, kan du klikke på programmet HER.
I skrivande stund er sjølve finalen over. I ein fersk sms frå Une i Trondheim fortel han at det gjekk betre enn i fjor. Han følte han fekk til fem oppgåver, men rakk berre å svare på fire. Så då må vi leve i spenning til resultatet er klart!