Nyheter
Vafler til frukost
Inger Valbø, tirsdag 16. mars 2010 14:48

og fastelavensbollar midt i fastetida? Når Ingvill har tilsyn i helga, kan ein vente fleire overraskingar.
Ole Johan hadde bestilt vafler til frukost på fødselsdagen sin laurdag, og det fekk han. Ikkje berre han, men også alle andre som hadde stått opp til laurdagsfrukost.



Snøen har dala ned utan stans sidan laurdag, og forholda låg godt til rette for å lage snømann.

Ikkje alle smiler like mykje over at vinteren har kome tilbake. Berre spør vaktmeister og brøytemann Per Arne kva han meiner.

Så er det blitt kaffitid på søndag, men først er det quiz.

Anne Severine har laga spørsmål i mange kategoriar.

Klare til innsats.



Fastelavensbolle a la hamburger.

Her er vinnarlaget i quiz-konkurransen.

Og snøen dalar framleis ned og inviterer til meir kreativitet.