Nyheter
- Ein utruleg bra prestasjon!
Inger Valbø, onsdag 17. mars 2010 14:37

- Han har iallfall aldri vore så god som han er no! Det seier ein synleg stolt mattelærar, Ola Risa. Une André Simonsen kom nemleg på delt 5. plass i Abelfinalen!
Å bli den femte beste i landet er ikkje lite. Neste runde er nordisk finale i april. Deretter blir mellom 3 til 6 av dei beste tatt ut til den internasjonale matematikkolympiaden i Kazahkstan i juli. Ola har tru på at Une klarer å kvalifisere seg til olympiaden.
Men matematikklæraren vil ikkje ta æra for at eleven hans er blitt så flink i matte.
- Trur du at du hadde klart det samme sjølv?
- Nei, det trur eg ikkje. Eg hadde iallfall ikkje klart å løyse så mange oppgåver på så kort tid, meiner Ola Risa.
Då vil vi berre ønskje Une lukke til vidare med den nordiske finalen!
Sjå resultatlista for Abelfinalen her: Resultat 2010
