kalender

September

07.Bibelgrupper 20:30

Oktober

fronter



Nyheter

Vestborg til hausten?

Sk_Vestborg_002_copy
Desse glade ungdommane og mange fleire har bestemt seg for å gå på Vestborg også neste år, men vi har framleis nokre ledige plassar!

Søknadsfristen for fellesinntaket er ute, men det er framleis mogleg å søkje direkte til skulen. Ta kontakt om du har spørsmål.

Kva er så spesielt med Vestborg? Vi stiller eit par spørsmål til Vg1-elevane Klara Alnes Røyset, Daniel Sørli, Linda Elise Breiteig Bakke og Vg2-elev Johan Olav Røsvik Synnes.

- Kvifor vil de gå her også til neste år?
Daniel: - Det er veldig bra miljø her!
Klara: - Eg har fått så mange gode venner som eg ikkje klarer å reise ifrå!
Johan Olav: - Vi har eit fantastisk bra kristent fellesskap!
 
- Kvifor bør fleire søkje Vestborg?
Linda: - Fordi det er så bra!
Daniel: - Det er lett å få nære venner, som du har resten av livet.
Klara: - Du får eit godt forhold til lærarane og resten av personalet.
Daniel: - Du får gode moglegheiter til å få leksehjelp fordi lærarane er i nærleiken.
Klara: - Ja, du har folk rundt deg heile tida. Det er veldig positivt!

Sk_Vestborg_003

Tommelen opp for Vestborg. F.v.: Linda, Johan Olav, Daniel og Klara.

Sk_Vestborg_004

Det er ingen grunn til å henge med hovudet. Det kjem ein ny vinter neste år, og du vil få mange gode venner!

For søknad etter 1. mars: Klikk HER
Send også kopi av karakterane dine til skulen, gjerne på faks til 70 26 39 01.