kalender

September

07.Bibelgrupper 20:30

Oktober

fronter



Nyheter

Æresrussen kåra

resruss_003_copy

Russetida er over, men i går fekk russen igjen ta på seg dei raude huene. Og dei hadde også ei ekstra stor russehue på lur etter andakta. Ingvill vart nemleg kåra til æresruss!

resruss_004

Ingen tvil om kven som er æresruss i år!

resruss_005c

Russepresident Hilde Renate hadde atter ordet. Denne gongen var det ikkje 17. mai-tale til bygdefolket, men nokre velvalde ord til Ingvill Strømmen Mostraum om kvifor dei hadde vald nettopp henne til æresruss:

-         Du gjer mykje for miljøet. Du er alltid blid og hjelpsam, og du lagar god mat til oss. (Stikkord: strikkeklubb, mat etter møte osv.)

-         Du gjorde mykje for turen til Roma og var med oss der (i fjor)

-         Du har hatt alle i klassa i fag

-         Du kan stå etter innetid og prate med elevane, noko me set pris på

 

Lista av lovord var lang, og vi forstår at tittelen æresruss er vel fortent.

Gratulerer, Ingvill!