Vil du være med å gjøre Vestborg.no bedre?

Svar på vår spørreundersøkelse.

Undersøkelsen tar omlag 5 minutt.

Svar på undersøkelsen nå! Svar på undersøkelsen senere. Jeg ønsker ikke å delta

fronter



Nyheter

Sveitta for misjonen

Misjonslp_036
Vestborgrussen gir seg ikkje sjølv om russetida er over. Dagen før norskeksamen arrangerte dei misjonsløp for Mongolia. Elevar frå alle klassene og også nokre frå personalet tok del. Og resultatet vart over 60.000 kroner til misjonsprosjektet!

Til samanlikning var resultatet for fjorårets misjonsløp omlag 25.000.

Misjonslp_004

Karoline var ei av dei som hadde skaffa seg mange sponsorar.

Misjonslp_031

Kjempebra innsats!

Misjonslp_017

Nokre valde å krype.

Misjonslp_046

Medan andre helst ville berast.

Misjonslp_013

Eller kva med trillebåre?

Misjonslp_047

Eller kanskje rulleskøyter?

Her kan du sjå video av ein annan måte å rulle på:

Video

 

Misjonslp_026

Ingar var rundeteljar, så sponsorane skal få vite kor mykje dei må ut med.

Misjonslp_043

Etter omlag 32. runde klarte fotografen endeleg å fange inn desse to. Andeby-entusiast Lars Martin Bødal meinte at han hadde avtale med onkel Skrue om 5 øre pr runde... Og Lars Martin ga seg ikkje før han hadde tatt 42 rundar. Nokon betre?

Misjonslp_038

Det gjorde godt med litt drikke innimellom rundane.

Misjonslp_048

Helene hadde som mål å slå Geir Magne og Lars Martin. Totalt klarte ho 36 rundar.

Misjonslp_049

Då fortener ho iallfall ein pust i bakken etterpå.

Takk for flott innsats, alle saman!

Her er fleire bilete frå misjonsløpet: Run for Mongolia