kalender

September

07.Bibelgrupper 20:30

Oktober

fronter



Nyheter

Etter norskeksamen

Eksamen_007
Avgangselevane har i dag hatt eksamen i norsk hovudmål. Kris-Levi Hansen frå påbyggsklassa og tre elevar ifrå studiespesialiserande fortel korleis dei trur det gjekk i dag.

For Kris-Levi starta skriftleg eksamen allereie onsdag 19. mai med matematikk, men han trur norsken i dag gjekk betre.

- Kva skreiv du om?

- Eg skreiv eit kåseri om generasjonar og språk.

- På påbygg har de hatt både 2. og 3. års pensum på eitt år. Korleis har det vore?

- Det har vore tøft, men det er også ein god måte å få unna to år på eitt år!

 

Eksamen_010

Ole Johan Risa valde også kåseri, slik som Kris-Levi.

- Eg trur det gjekk passe bra, iallfall på del A. På del B, der vi skulle velje mellom seks ulike oppgåver, syntest eg ikkje det gjekk like bra. Men eg brukte mykje ironi i kåseriet!

- Synest du at du har hatt nytte av det du har lært i norsk desse tre åra?

- Ja, det gjer eg. Vi har ein veldig flink norsklærar. Så viss du følgjer godt med i timane, er der mange tips og gullkorn å få med seg!

Eksamen_012

Maiken Buvik Hauge tolka to dikt.

- Vi skulle vurdere om dikta frå 80-talet var dagsaktuelle. Eg trur det gjekk heilt greitt. Eg brukte iallfall tida.

- Kva andre fag skal du opp i?

- Eg skal opp i norsk sidemål og PIS (politikk, individ og samfunn) skriftleg, og så blir det eitt fag munnleg.

- Gler du deg til å bli ferdig med vidaregåande?

- Delvis. Eg kunne godt tenkt meg eit år til her på Vestborg, men utan skule og med berre miljø!

Maiken fortel at ho har nytta tida godt og tatt eit ekstra fag dette siste året.

- Eg tenkte på framtida og ville bruke fritimane til noko fornuftig. Difor valde eg engelsk. Det vil eg også få bruk for på Høgskulen. Mykje av undervisninga på 3. året vil vere på engelsk.

Til hausten startar Maiken på studiet "Handel-og Serviceledelse" på Høgskulen i Ålesund.

 

Eksamen_016

Åshild Bogstad valde å skrive ein artikkel om menn sine ideal før og no.

- Det var eit vanskeleg tema, men det er artiklar eg synest eg klarer best.

- Korleis gjekk det?

- Eg var ikkje heilt i form, men eg trur eg berga meg gjennom det.

- Kvar går vegen vidare for deg?

- Eg har tenkt å bli lærar i barneskulen, men eg er ikkje heilt sikker på kva det blir. Neste år skal eg iallfall gå DTS (disippeltreningsskule) i Skien.

 

Eksamen_018

Norsklærar Lars Martin Bødal har snappa til seg eit oppgåvehefte og gjer seg nokre tankar:

- Der var ingen veldig store overraskingar, men den obligatoriske kortsvarsoppgåva i starten var kanskje litt krevjande.

- Kva slags oppgåver trur du elevane dine har vald?

- Eg trur mange valde å skrive kåseri på oppgåve 6.

- Kva oppgåve ville du sjølv ha vald om du var eksaminand i dag?

- Då ville eg ha vald ei tolkningsoppgåve, anten oppgåve 2 med dikt av Marie Takvam eller oppgåve 3 med romanutdrag av Johan Borgen. Eg skreiv omtrent alltid tolkningsoppgåver då eg gjekk på skule.

- Kva trur du at du har klart å lære elevane dine på desse tre åra?

- Det får vise seg på resultatet, men eg håper dei veit meir no enn då dei kom.

Og han legg til:

- Eg håper dei har fått nokre positive opplevingar i norskfaget som dei vil ha glede av også etter norskeksamen!