Nyheter
Bokormen
Inger Valbø,
tirsdag 25. mai 2010 13:56
Sidan 1. september har Kine Marie Myhre lese meir enn 7000 sider utanom lærebøkene. Ho sluker gjerne 4-5 romanar på ein dag. Krim er favorittsjangeren.
Norsklærar Mona Strøm lanserte i haust den årlege lesekonkurransen. Kven kom til å lese flest sider ifrå 1. september til 1. mai? Det var i dei tider at Svend Lerbrekk starta bibellesingskampanjen med Bibelbloggen, så Mona understreka at også lesing av Bibelen ville telje med i lesekonkurransen. På boklistene til fleire av vinnarane har difor Bibelen ein stor plass.
Det var Kine som stakk av med 1.premien. Med totalt 7010 sider og 42 boktitlar tok ho ein overlegen siger. Den boka som ruvar med størst sidetal, er Bibelen, der ho har lese 1047 sider. Sjølv hevdar ho at ho i tillegg til dei 42 titlane har lese minst 10 bøker som ho har gløymt å føre opp på lista. Så kanskje har ho slukt over 10000 sider til saman? Iallfall ei av bøkene har ho lese på engelsk.
Kine har mange bøker. Dei fleste bøkene ho har lese, eig ho sjølv. Mellom anna fekk ho kjøpt nokre bøker billig som Stranda bibliotek ville kvitte seg med. Og no har ho eit ganske stort boklager på rommet sitt. Problemet er at ho har for lite bokhylleplass.
Sidan bokhylla er for lita, har Kine tatt klesskapet i bruk til biblioteket sitt.
- Korleis klarer du å få lese så mykje?
- Eg les ganske fort, så eg kan lese fleire bøker på ein dag. Men eg får med meg innhaldet likevel. Eg bruker ein time på ei vanleg bok. Ei bok på 300-400 sider treng eg kanskje 1½ -2 timar på.
- Får du tid til å fordøye innhaldet og reflektere over det du les, då?
- Ja, eg les ikkje meir enn to bøker i slengen. Eg tek meg alltid tid til å tenkje over det eg les og snakkar med andre om det.
- Kvifor les du bøker?
- For å komme meg vekk frå lekser. Det er godt å ha ei bok viss eg kjedar meg eller ikkje har lyst til å legge meg om natta.
- Lærer du noko ved å lese?
- Ja, det gjer eg. Eg les til dømes historier om krig, eller eg les om folk som er sjuke.
- Kva slags bøker liker du best, då? Kjærleiksromanar?
- Nehei! Det er krim!
På spørsmålet om kva slags forfattar ho liker best, ramsar ho opp tre damer, i prioritert rekkefølgje:
- Patricia H Rushford, Francine Rivers og Karen Kingsbury.
- Kva er den beste boka du har lese - utanom Bibelen?
- Det er vanskeleg å velje berre éi. Der er to bøker eg vil anbefale: "Vitnet" av Immaculée Ilbagiza og "Reddet" av John Bevere&Mark Andrew Olsen.
"Vitnet" er ein spenningsroman som er basert på fakta og handlar om ei jente frå Rwanda som lever midt i eit opprør mellom to sørafrikanske folkegrupper. Den andre spenningsromanen er fiksjon.
- Driv du med utlån frå biblioteket ditt?
- Ja, så lenge folk leverer tilbake, så.
Det er ikkje så mange vekene før Kine er ferdig på Vestborg, så er det nokon som vil låne bøker, må dei leverast tilbake før avslutningsfesten.
Fleire premiar
På andreplass i lesekonkurransen kom Maria Bogstad med 4336 sider. Og det er tjukke bøker med eit gjennomsnitt på 625 sider. Fire av romanane har ho til og med lese på engelsk. Det er også bra innsats. Ikkje minst med tanke på at alt dette har ho lese ifrå januar til mars!
Silje Kathrin Grønbeck kom på tredjeplass med 3668 sider. Gratulerer!

Maria med seks av dei sju tjukke bøkene ho las i løpet av tre månader. Den sjuande har ho levert tilbake til biblioteket.