Nyheter
Tilbake frå Roma
Inger Valbø, fredag 28. mai 2010 11:42

Det er fleire veker sidan Vg2 kom tilbake ifrå Roma, men dei har enno stjerner i augo når dei snakkar om turen. Elise Kvalheim og Nils Petter Rogne fortel villig både om gladiatorar og pizza.
Gladiatorar traff dei ikkje på, men dei fekk sjå plassen der dei kjempa.
- Roma er ein fin by med mykje interessant å sjå, seier Elise og Nils Petter. - Til dømes Colosseum.
- Kva er Colosseum?
- Det er ei scene der galdiatorar slost som underhaldning. Dei kristne vart ofte gjort til gladiatorar under forfølgjingane, fortel dei.

Elisabeth framfor Colosseum (Foto: Hanne Aarthun)
- Lærte de noko om kristendommen?
- Ja, vi var i katakombene, der dei kristne vart gravlagde, og vi var inn i mange kyrkjer, til dømes Peterskyrkja og Paulus-kyrkja.
- Traff de paven, då?
- Uheldigvis ikkje, seier Nils Petter.
- Hadde de håpa på å treffe han?
- Ja, det hadde vore kult om vi hadde sett han. Då hadde vi hatt noko å snakke om, meiner Elise.
- Korleis var maten?
- Vi åt pizza til middag kvar dag, fortel Nils Petter. - Sjølvsagt var det billig med ein stor pizza til berre 40 kroner, men eg ville heller hatt Dolly Dimles enn italiensk.
Kyrkjehistorie
Som ei oppfølgjing av det dei lærte i den historiske byen Roma, har dei etter turen jobba i grupper i kristendomsfaget. Elise og Nils Petter fortel at dei saman med Linda nettopp har hatt framføring om Paulus.
- Vi såg forresten dei lekkjene som Paulus skal ha vore bunden av då han vart ført som fange til Roma, fortel dei.

Dette skal vere Paulus sine lekkjer. (Foto: Andreas Marum)
Vulkanskyer
I dagane før avreise til Roma gjekk mange i spenning. Ville oskeskyene lette over flyplassane i Europa, slik at turen kunne gå som planlagt?
- Siste kvelden var vi veldig spente, fortel Elise og Nils Petter.Planen var å starte med privatbilar frå Vestborg laurdag morgon kl 04.00 for å ta fly ifrå Vigra, men situasjonen var usikker.
- Vi måtte vere klare fredag kveld til kl 21 i tilfelle vi måtte ta nattbussen til Oslo. Det vart bestemt at vi skulle satse på at flyet gjekk, men det var framleis usikkert, så vi sat og følgde med på nettet heile natta, seier Nils Petter. Han våga ikkje å leggje seg til å sove, i tilfelle han ikkje vakna av vekkjarklokka.
Heldigvis kom dei seg både til og frå Roma utan å bli hindra av trugande oskeskyer.
Sjølv om dei er veldig fornøgde med turen, var det éin ting dei gjerne ville ha fått med seg:
- Vi er litt sure fordi vi ikkje fekk sjå Pompeii, men det tok visst 3 timar kvar veg med buss, så det vart ikkje tid til det. Vi vil anbefale dei som skal reise neste år å ta ein dag ekstra og få med vulkanbyen Pompeii!
(Biletet øverst av Nils Petter og Elise er tatt av Linda Eriksen)

Nils Petter sakna benkar å setje seg ned på, men her har Jakob funne seg ein kvilestein. (Foto: Anne Severine Ø. Solhaug)

Gatelangs i Roma (Foto: Hanne Aarthun)
Bileta fortel

(Foto: Hanne Aarthun)

Typisk Roma-turist (Foto: Hanne Aarthun)

Prøver Rune å prute? (Foto: Andreas Marum)

Elise and Linda love Roma (Foto: Andreas Marum)
Fleire bilete:
Klikkar du på lenkja her, får du sjå 79 bilete ifrå Romaturen! Bildegalleri